
30. september vart Komiteen for eit fritt Irak stifta. Det er ein støttekomite for motstandkampen mot okkupasjonen av Irak. Akp.no snakka med ein av initiativtakarane, Lars Akerhaug, om komiteen.
MB: Kvifor starta de denne støttekomiteen?
LA: Det trengst ein organisasjon som driv eit aktivt solidaritetsarbeid for folket i Irak. Mange er mot okkupasjonen og framferda til USA i Irak. Men nokon må støtte motstandskampen, og syna kva som er vegen til å kasta ut okkupantane.
MB: Er det ein parallell til dei ulike linene i solidaritetsarbeidet med Vietnam, der nokon berre ville seia "fred i Veitnam", medan andre kravde siger til FNL?
LA: Ja, og dette er med i diskusjonane rundt Europas sosiale forum (ESF) og Verdas sosiale forum (WSF). Vi seier at ein ikkje berre må vera antiimperialist i ord, men også i handling.
MB: Kva meiner de med handling?
LA: Vi samlar no inn pengar til medisinsk utstyr til område som vert kontrollert av motstandsrørsla i Irak. Vi stør militære åtak på okkupantane, og seier og at det er legitimt å angripe dei norske soldatane som deltek i okkupasjonen. Bondevik og Krohn Devold er ansvarlege for om norske liv går tapt. Det verkar som mange stør motstand mot USA, men når det gjeld dei norske soldatane, tvilar dei.
MB: Splittar ikkje dette antikrigsfronten?
LA: Nei, det meiner eg det ikkje gjer. Det er ingen motsetnad mellom å samla brei støtte mot okkupasjonen, og det å ha ein organisasjon som går lenger i støtta til frigjeringskampen. Snarare gjer det arbeidsdelinga meir ryddig.
MB: Korleis veit vi kven vi skal stø i Irak?
LA: Det finst ikkje nokon samla motstandsfront i dag. Vi utroper inga gruppe som den einaste legitime gruppa. Det kan vi ikkje seia. Motstanden er samansett; av Sadr-rørsla, anti-Saddam folk med baathist-bakgrunn, islamistar, panarabistar og andre. Med innsamlinga vår stør vi medisinsk arbeid i område som hjelpeorganisasjonane ikkje kjem fram til.
MB: Når organisasjonen vart lansert, var det snakk om terrorlister og slikt?
LA: Ingen av dei vi samarbeider med, står på terroristlistene til korkje USA eller EU. Men i alle høve er det ikkje kven som står på dei listene som styrer arbeidet vårt. Ikkje noko av det komiteen driv med, er ulovleg.
MB: Er dette del av ein internasjonal kampanje?
LA: Det finst komitear for eit fritt Irak i Danmark, Austerrike, Italia, Tsjekkia og Ungarn, og liknande grupper i Spania, Mexico, India og Russland. Desse er med i ein internasjonalt organisert kampanje. Det viktigaste no er å få sett fri leiaren for Iraks patriotiske allianse, Jabbar al-Kubaisi, som sit fengsla i Irak.
Dette vert kanskje ikkje ein stor komite med det fyrste, men det er skapt interesse for å gå bakom det rådande mediebiletet av Irak.
MB: Er det berre revolusjonære som bryr seg? RV og AKP er vel dei einaste partia som har støtta komiteen?
LA: På Europas sosiale forum såg ein at mange ville stø kampanjen. Men det er ikkje mange politiske organisasjonar og parti som vil slutta seg til. Det er ikkje overraskande at det ikkje kjem med så mange andre enn dei revolusjonære no. Men i andre miljø er det grobotn for dette arbeidet, i ymse solidaritetsmiljø til dømes. Situasjonen i Irak er jo lik med mange tidlegare frigjeringskampar.
MB: Finst det lokalgrupper av komiteen?
LA: Nokre er det planar for. Det er absolutt mogleg å laga lokalgrupper av Komiteen for eit fritt Irak. Ta kontakt!