
Kva kan gjerast? Kva trur me eigenleg om sosialismen? Kva problem er det han skal løysa? Akp.no vil framover snakka med ulike miljø om kva dei oppfattar som problem dei kan løysa med sosialisme. Fyrst ute er eit partillag i Oslo AKP som har transportarbeidarar som medlemer.
Arne: Det er viktig å syna fram den sløsinga som er i samfunnet i dag. I transportsektoren er det mykje overkapasitet som leier til konkursar, unødig arbeid, miljøproblem ... Det kan me løysa om det er andre verdiar som styrer samfunnet og produksjonen enn profitt til kvar einskild kapitalist.
Brita: Kapitalismen legg i dag opp til meir og meir transport. Det skal ikkje vera lagre, korkje i produksjon eller av varer. Vareproduksjon skal skje på bestilling, og varene transporterast ut med ein gong, utan å liggja lagra. Samstundes skjer mykje av produksjonen slik at komponentane vert produserte ein stad og sette saman ein annan.
Ronny: Utan lager vert ikkje transportkapasiteten utnytta skikkeleg. Der eg arbeider, kjem det bilar tre gonger om dagen for å henta noko gods, som so vert frakta gjennom Oslo til eit nytt lager, for so å distribuerast inn til kundar i Oslo igjen. Eg har opplevd at me har fått inn røyr frå Nederland som vert sendt rett attende til Nederland, 150 meter frå der dei kom frå i utgangspunktet. Ein veit aldri kor ting eigenleg skal forbrukast, og varer går i ein runddans. Med eksportstøtte og subsidiar vert det og mykje unødig frakt. Eg har sett trailerlass koma frå Austerrike, med last til Levanger. Lasten kom aldri fram dit, men vart lossa i Oslo, lasta opp på traileren igjen og reeksportert til Austerrike med EU-støtte.
Arne: Det er mykje unødig transport. Dressar vert sende frå Noreg til Sør-Europa berre for å få sydd i knappar. Det vert frakta sau til slakting frå Storbritannia til Spania, og fortenesta er ikkje meir enn ei krone per sau.
Ronny: Ein god kunde hjå oss importerte klede til Noreg og eksporterte dei att som om dei var produserte her. Prisen auka meir enn transportkostnadene frå Asia.
Lars: Mykje av eksporten frå Noreg er fisk. Eg vonar me kan byrja å foredla meir av fisken vår sjølv under sosialismen, slik at han ikkje må fraktast halve jorda rundt før han endar opp att som fiskepinnar på tallerknane våre.
Brita: Det tregnst mykje transport under sosialismen au, men om det er naudsynt transport trur eg transportarbeidarane kan vera meir stolte av arbeidet sitt enn i dag. Dei som har røynsler frå transportarbeidet, skal få meir makt over organiseringa. Ingen skal vera redde for jobben sine, det skal ikkje vera opp til ein direktør i Hamburg om ein har eit arbeid å gå til.
Ronny: Vonleg får me gjort noko med papirmøllene òg. 30 % av arbeidstida går med til å fylla ut skjema og melda inn toll, skattar og avgifter.
Brita: Under sosialismen vonar eg me får system for å kutta ned på transporten fram til den endelege mottakaren, og at me byggjer fleire spesialiserte lager. Me må syta for betre utnytting av arbeidskrafta, slik at me ikkje sløsar som det vert gjort i dag. Arbeidsdagane kan, og må, verta kortare. Mykje av godstransporten bør flyttast over på tog.
Gro: Noko eg ser fram til med sosialismen er dei folka me skal verta kvitt: dei som byggjer ned velferden, som øydelegg fellesgoda, som berre skal tena pengar på arbeidet vårt.