
Det blir ingen jenter som prøvehoppar i Vikersund 5.-7. mars. Torbjørn Yggeseth, leiar i hoppkomiteen i Det internasjonale skiforbundet (FIS) har klart å punktera det. Likevel har ordskiftet om jenter skal få prøva seg skiflygingssbakkar, gjort at det ikkje kan verta lenge til me ser dei flyga.
Det har vore ei jente som har hoppa som prøvehoppar i Vikersund tidlegare. Eva Ganster frå Tyskland gjorde det i 1998, utan problem av noko slag. "Det er slike ting vi kaller hopptekniske ulykker. Det var en feil, og er fortsatt feil," sa Yggeseth i ein kommentar til det.
Det har alltid vore slik at kvinner har måtte kjempa seg til å delta i idretten. Kvinnefotball vart ikkje formelt godkjent som idrett i Noregs Fotballforbund før i 1976. Noreg røysta i mot at kvinner skulle få gå langrenn i OL for fyrste gong i 1952, og Noregs Skiforbund hadde i staden innført stillangrenn, der resultatet i stildøminga var viktigare enn kor raske skigåarane var løypa.
Det er ikkje lenge sidan kvinneleg langrenn eller fotball ikkje var skikkeleg idrett - det er mest ikkje til å tru at det ikkje har vore det. Og historiene om då kvinner måtte kjempa seg til å få springa i Holmenkollstafetten høyrest ut som skrøner. Men dei er sanne. På nettstaden kampdager.no kan ein lesa om korleis kvinner i 1972 lurte seg med, og at dei ikkje fekk delta før i 1975 på "lovleg" vis.
I staden for at politiet bar kvinner ut av eit renn, som i kampen om Holmenkollstafetten, prøvde lensmannen i Modum å truga FIS til å lata jenter prøvehoppa, ettersom noko anna ville vera brot på likestillingslova. Noko har i alle høve gått framover. Og det er difor ein må tru at det ikkje er lenge til før jentehopparar får hoppa i større bakkar. Anette Sagen, som nyleg vann den tysk-austerrikske hoppveka for kvinner, seier at ho har vorte meir og meir feminist av å slåst for retten til å hoppa i skiflygingsbakkar. Det er kan henda med dette som med tidsklemme-ordskiftet: den likestillinga mange har teke for gjeven, syner seg å ikkje vera så opplagt likevel.