
I oktober 2001 gjekk USA, støtta av Nato, til åtak på Afghanistan med bombefly. Noreg var med på åtaket, og er med på okkupasjonen av Afghanistan.
"Dette er en frigjøringskrig, også en frigjøringskrig for Afghanistans kvinner. Så kvinneaspektet er sentralt for meg. Jeg har i mange år vært opptatt av Taliban-regimets ekstreme undertrykking av kvinner." Dette sa Marit Nybakk (leder i Forsvarkomiteen på Stortinget) til Dagbladet 11. august 2002. Det same året sa George Bush i sin tale om rikets tilstand (State of the Union): "Mødrene og døtrene i Afghanistan var fangar i sine eigne heimar ... I dag er kvinnene frie."
I ein rapport frå Human Rights Watch står det derimot at mange kvinner framleis er fangar i sine eigne heimar. Det er så utrygt å gå ute at mange held seg inne. Ei kvinne sa det slik at under Taliban fekk ho ikkje lov å gå ut, men at no som ho har lov tør ho ikkje. Mange av krigsherrane som var del av Nordalliansen har lange lister med overgrep mot kvinner knytt til namna sine.
Nicholas Kristof, som støtta krigen mot Afghanistan og er for å halda fram med okkupasjonen, skriv i New York Times:
"Ei 16 år gamal jente rømde frå den 85-årig ektemannen sin, som gifta seg med ho då ho var ni. Ho vart teken og dømd til to og eit halvt års fengsel. Den afghanske høgsteretten har bannlyst kvinnelege songarar frå afghansk fjernsyn. Då ein mann nyleg vart tiltalt for mord, måtte slektningane hans gjera opp blodgjelda ved å gje familien til offeret to jenter på åtte og femten år." [...] "Bush har nekta å syta for tryggleik utanfor Kabul. Bandittar og kaos herskar, gamle krigsherrar kontrollerer mykje av landet, Taliban er på frammarsj i søraust og Dei sameinte nasjonane åtvarar mot risikoen for at Afghanistan igjen vert ein feilslegen stat, men denne gongen i hendene til dopkartell og narkoterroristar. Auka i bandittverksemd og valdtekter har vore serleg ille for kvinnene. Ettersom vegane ikkje eingong er trygge i dagslys, tør ikkje jenter å gå på skulen eller mødrene deira å gå til helsesentre. Og når kvinner vert valdtekne, risikerer dei å verta drepne av sine eigne familiar for å sverta familieæra."
Vil Marit Nybakk vera like positive neste gong Noreg vert beden om å vera med på å bomba for kvinnefrigjering?