
I Sverige har dei ein likestillingsminister som heiter Margareta Winberg. Ho seier at ulikheit mellom kjønna er årsaka til at menn mishandlar, utnyttar, kjøper og drep kvinner. I Finland heiter helse- og sosialministeren Eva Biaudet. Ho seier at prostitusjon er ein del av menns vold mot kvinner. I Noreg heiter justisministeren Odd Einar Dørum. Det siste han vil snakke om er menn som kjøper seksuelle tenester.
I Sverige har dei ein likestillingsminister som heiter Margareta Winberg. Ho seier at ulikheit mellom kjønna er årsaka til at menn mishandlar, utnyttar, kjøper og drep kvinner. At vi lever i eit patriarkalsk samfunn med sosial og økonomisk ulikheit, og prostitusjon er ein del av dette. Og at ein kampanje mot prostitusjon må rettast mot menn, både som kjøparar og som kjønn. I Finland heiter helse- og sosialministeren Eva Biaudet. Ho seier at prostitusjon er ein del av menns vold mot kvinner. At vi må fokusere på kjøparsida. Eit menneske skal ikkje vere til sals. Slik kan ministrar snakke i Sverige og Finland. I Noreg heiter justisministeren Odd Einar Dørum. Det siste han vil snakke om er menn som kjøper seksuelle tenester. Endå han burde gjere det, dersom han skal stå ved dei internasjonale avtalane som Noreg har forplikta seg i høve til.
I 2002 har Noreg vore med i eit nordisk/baltisk samarbeidsprosjekt som skal bekjempe handel med kvinner og barn. I tillegg til tre felles seminar skal kvart land lage nasjonale handlingsplanar. I mandatet for dette prosjektet står spesielt nemnt at ein skal fokusere på etterspørselsida i denne handelen. Noreg skal også ratifisere ein FN-protokoll frå 2000 som skal bekjempe handel med menneske, særleg kvinner og barn. Denne protokollen bygger på ein FN-protokoll frå 1949 mot handel med menneske og utnytting av andres prostitusjon. 2000-protokollen er den første som særskilt nemner etterspørselsida (artikkel 9.5). Noreg ratifiserte kvinnekonvensjonen CEDAW i 1981. Her står det at «konvensjonspartane skal treffe alle tenlege tiltak, herunder tiltak i lovs form, for å gjere slutt på einkvar handel med kvinner og utnytting av kvinneprostitusjon».
Sverige kriminaliserte kjøp av seksuelle tenester i 1999. Menn som kjøper sex i Sverige, kan få bot eller seks månaders fengsel. Det viktigaste med den svenske lova er den haldningsskapande og normgivande effekten. 80 % av den svenske befolkninga meiner no at prostitusjon er vold mot kvinner.
Den norske justisministeren går heller til Pro-sentret i Oslo enn til Sverige når han skal oppdatere seg. Der får han vite at dersom vi kriminaliserer horekunden vil prostitusjonen gå under jorda og prostituerte vil få det verre. Vidare at det er stigmatiseringa av prostituerte og offerrolla vi tillegg dei, som gjer det vanskeleg å forlate prostitusjonen. Den internasjonale pro-prostitusjonslobbyen hevdar at legalisering og avkriminalisering vil gjere livet lettare for kvinner i prostitusjon. I dei landa som har legalisert prostitusjon, som Tyskland og Nederland, er likevel opp til 80 % av prostitusjonen illegal. Kundane ser ut til å føretrekke dei illegale bordella dersom dei kan velje. Legalisering og avkriminalisering har ført til auka prostitusjon, det å kjøpe sex er blitt normalisert, kundane er fleire og med stadig meir spesielle behov. Legalisering tener kun hallikane og den internasjonale sexindustrien.
Svenske Louise Eek levde sju år som strippar og prostituert. Ho seier: «Prostitusjon er voldtekt. Det er ikkje samfunnet som skader deg, det er det mennene som kjøper deg som gjer.» (Intervju Aftonbladet 31. oktober 2002.)
Mannen som kjøpar er ein føresetnad for den seksuelle utbyttinga, men er sjølv som oftast usynleg. Mytar om menns seksualitet og måten sex er sett på som ein mannleg rett i ein mannsdominert varekultur, er ein del av problemet. I ein politirazzia mot eit massasjeinstitutt i Oslo vart mennene sende ut bakvegen. Kvinnene vart fotograferte og sende ut av landet. Menn må no ta eit kollektivt ansvar for og oppgjer med menns kjøp av menneske.
Globalisering av økonomien betyr også globalisering av sexindustrien som har vorte ein industri utan grenser. Store og små nettverk opererer på tvers av grensene, rekrutterer aktivt jenter frå landsbygda og frå gatene. Hotell, flyselskap, drosjesjåførar og av og til korrupte styresmakter er ein del av nettverket som rekrutterer. Nettverk står også klare i mottakarlanda. Dei bygger opp kundelister, fraktar jentene omkring, leiger leiligheiter, annonserer. Handelen med kvinner er ein industri som utnyttar økonomisk krise og fattigdom i landa kvinnene kjem frå, og koplar dette til ein stadig aukande etterspørsel i dei rike landa. Mange norske menn kjøper sex på turist- og jobbreiser i utlandet. Det er positivt at regjeringa no har laga etiske retningsliner som seier at om du er på statleg reise i utlandet, er det uakseptabelt og vil verte påtalt og straffa dersom du kjøper sex. Norsk næringsliv etablerer seg i stadig større grad i land der mange kvinner, grunna fattigdom og mangel på andre muligheiter, endar opp i prostitusjon. Noreg gir økonomisk støtte til etableringar i slike land for å sikre at norsk næringsliv får del i nye marknader. Vi må krevje at dei etiske retningslinene for statstilsette også skal gjelde som vilkår for tildeling av slik støtte. Vidare må vi krevje at eit kjønnsperspektiv vert lagt til grunn for all støtte slik at ein kan motverke auka fattigdom og utstøyting av kvinner frå arbeidslivet.
FN-protokollen frå 2000, artikkel 6, listar opp tiltak for bistand og beskyttelse til offer for trafficking (kjønnbasert menneskehandel). Husvære, rådgjeving, sysselsetting, utdanning og opplæring er tiltak som vert nemnte. Noreg, som eit av verdas rikaste land, burde tilby kvinner som er handla med til Noreg, ein ny start. Dei same tiltaka burde sjølvsagt settast i verk for kvinner i lokal prostitusjon. Artikkel 7 slår fast at kvar stat skal treffe tiltak for å gi offer for trafficking fortsatt opphald i landet, midlertidig eller varig. Vi ventar i spenning på utfallet av dei sakene der kvinner som har vorte handla med, har søkt politisk asyl på grunnlag av kjønnsbasert forfølging. Og vi ventar på regjeringa sin handlingsplan som vil vise oss om ho står ved dei internasjonale pliktane sine. Medan vi ventar på ministrar som den svenske og den finske ...