Stø AKP - kjøp Klassekampen-aksjar

Til innhaldslista for akp.no nr 1, 2002 ||| Til AKP si heimeside

Aktuelle peikarar:
Kampanjesida ||| AKP om sjølvberging ||| Klassekampen


AKP har starta salet av 1.000 aksjar i Klassekampen. Målsetnaden er å få inn 1 million til partiet, for å styrkja AKP ved å gjera eigargrunnlaget til Klassekampen breiare. Etter salet av desse aksjane vil AKP berre eiga 20 % av aksjane i Klassekampen. Nedsalet frå AKP har skaffa Klassekampen 13 millionar. Denne gongen skal altså pengane gå til AKP sjølv.

AKP vil bruka pengane på ymse organisatoriske tiltak, mellom anna eit litteraturfond på 300.000. Og ikkje minst avisa du les no...

I skrivande stund (29. september) er det seld 187 aksjar. Kampanjen varar fram til 15. november. Ein av dei som har sytt for at kampanjen fekk ein skikkeleg start er Gunnar Rutle. Han er kjend frå politisk aktivitet i Ålesund gjennom mange år. Som mange andre aktivistar har han vorte overvaka av POT. Nyleg fekk Rutle erstatning for den politiske overvakinga han har vore utsett for, 50.000 kroner. Kva gjorde så Gunnar med pengane? akp.no ringde for å høyra.

- Vel. Eg har spreidd dei pengane litt utover. 30.000 har gått til KK-aksjar gjennom partikampanjen, og så har eg kjøpt 10 aksjar direkte frå Klassekampen. Eg utfordrar andre som har fått, eller kjem til å få, pengar i erstatning om å gjera det same. Dette er jo den einaste statsstøtta vi i AKP mottek!