Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |
Ein psykiater med dr.med-titel på brevpapiret står no i tiltaleboksen i Oslo tingrett. Sluttsummen i tiltalen er rundt 25 millionar kroner. Statsadvokaten meiner han svindla fleire trygdekontor og berika seg med ulovlege uttak frå Lucia-stiftelsen og PRO AS som dreiv stort i barnevern og psykiatri.
Dette innlegget handlar om det som ikkje er med i tiltalen. Korleis kunne ein lege med heildagsjobb i Oslo kommune så lenge drive så stor og uryddig privat bissniss med kommunen som viktigaste kunde? Millionane han er tiltalt for å ha putta i eiga lomme, vart jo først tent på kontraktar med kommunen.
Lucia var eit foretak med særpreg. Ein rettskraftig dom mot ein av kompanjongane seier "det er oppsiktsvekkende og forhåpentligvis svært uvanlig at en psykiater skriver erklæringer hvor en pasient erklæres å være 100 % varig ervervsufør og relativt kort tid senere inngår i forretningsmessig virksomhet sammen med pasientene. Erklæringer som er skrevet under slike forhold er etter rettens syn helt uten verdi." Retten nemner og at siste forretningsføraren for Lucia forklarte "at Lucia og PRO leaset 8-10 biler. (...) Hun klarte ikke å finne ut hvem som var brukere av bilene, men de var ikke tilknyttet Lucia eller PRO." Under straffeutmålinga la retten "vekt på at bedrageriet har skjedd i samarbeid med en lege".
Denne legen lanserte sitt eige foretak i 1998 berre nokre månader etter at Høgrebyrådet i Oslo hadde lagt fram Bystyremelding nr 1: Konkurranse og kvalitet i Oslo kommune. Han såg at byrådet no åpna dørene inn til nye sektorar som byrådet ville privatisere. Han vart kommunal omsorgsleverandør.
I den første, velformulerte pamfletten fortalde han at "Dikemark AS er et helse- og kompetansesenter som yter ulike helsetjenester av et vidt spekter". To namngitte psykologar og to psykiatriske sjukepleiarar var med i staben. Samtidig opplyste han at "senteret har for tiden ingen avtale med folketrygden og dermed må hele honoraret betales via den enkelte oppdragsgiver". Det viste seg å vere uproblematisk fordi kontaktane i Oslo Rådhus var i orden.
Men å kalle seg "Dikemark AS" var å gå for langt. Stiftelsen Lucia vart derfor namnet på det firmaet han stifta like etter at Oslo bystyre i oktober 1998 tok bystyremeldinga om konkurranse og kvalitet "til orientering". Forretningsideen var enkel: Å skrive kontraktar på spesialisert omsorg og stole på at byrådet ikkje kontrollerer verken kvalitet eller rekneskapsføring. Økonomisk var det ein genistrek: Han fekk ut 30 millionar kronar frå bykassa på dei snautt fem åra frå han stifta Lucia og til han vart arrestert. Det er ikkje få personar som har vori med denne legen på rause restaurantrundar eller utanlandstur - betalt med Lucia-pengar frå bykassa.
På grunn av samanfallet i tid er det naturleg å sjå Luciastiftelsen som ei vareprøve på innhaldet i den nye politikken med "konkurranseutsetting og kvalitet". Her må eg nøye meg med nokre få eksempel:
- Legen har opplyst at alle som arbeidde for Lucia og PRO AS hadde 200 kroner timen. Ein "medarbeidar" fekk i 2002 utbetalt 4,8 millionar. Det er 24 timar i døgnet i 994 dagar. Ettersom "medarbeidaren" ikkje var i Norge i 2002, er det sannsynleg at dette er ein av metodane legen brukte for å ta ut pengar til seg sjølv.
- I løpet av legens fem rike år som omsorgsleverandør, har ikkje byrådet mangla åtvaringar. Eit drygt år etter oppstarten i Lucia fekk helsebyråd Anne Herseth (H) eit varsel frå Fagforbundets tillitsvalde på Gaustad. Men verken ho eller andre byrådar fann feil å slå ned på, mens millionane trilla ut frå bykassa.
- Da bydelsdirektøren på Grorud i august 2000 rapporterte om uetisk oppførsel frå legen i samband med kamp om ein pasientkontrakt verd fleire millionar, gjorde ikkje Erling Lae si byrådsavdeling anna enn å hemmelegstemple rapporten.
- På Aker sjukehus reagerte mange på at Lucia-legen viste fram skytevåpen på jobb. Men overlegen hans kunne i politiavhøyr ikkje "huske om han har gitt klar beskjed om at NN ikke skal ha med seg pistol på arbeid".
- Tilsvarande var det da han snakka åpent til kolleger om at han hadde kjøpt seg falske dokument i utlandet. Sjukehusdirektøren meinte at "ikke var sykehusets problem å kvalitetskontrollere papirene han hadde".
- Etter at bystyret i 2001 behandla eit RV-forslag om å stanse utbetalingane til denne typen kontraktørpsykiatri, sa Kommuneadvokaten i frå at byrådet måtte lage nye kontraktar viss dei skulle fortsetje å handle med Lucia-legen. Byrådet følgte ikkje det rådet heller. Nye millionar rulla ut av bykassa.
- Da byrådet granska om kommunalt tilsett helsepersonell braut etiske reglar ved å jobbe hos private omsorgsleverandørar, nøydde dei seg med å granske ein Lucia-konkurrent. Legar og andre som jobba for Lucia samtidig som dei var kommunalt tilsette, vart ikkje granska.
Den kommunale instansen som har reagert seriøst, er kommunerevisjonen. Dei starta ei gransking da dei i mai 2003 fekk ein rapport om Lucia-bissnissen frå RVs bystyregruppe. I november 2003 vart mannen arrestert etter ein omfattande politirazzia.
Viss Tingretten finn at politiet har haldbare bevis, blir nok Lucia-legen dømt. Men dei som lima fast sugerøyret hans i bykassa ser ut til å gå fri for ansvar.