AKP-arkivet

Klassekampen eller Nyavis?

Ein debatt frå KK-forum (ei diskusjonsliste på Internettet)


Meir om avisa Klassekampen | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Ope brev til AKP

Olav Randen

Tue, 2 Mar 1999 11:45:24 -0800

1. Om dette brevet og om meg

Eg som skriv dette, gjer det ut frå eit ønske om at vi skal ha ei sjølvstendig og opposisjonell riks- og dagsavis i Noreg. Eg eller ektefellen har abonnert på Klassekampen sidan starten, eg har skrive mykje der, med nokre få unntak gratis, har gjennom åra verva mange abonnentar og selde før avisa i laussal, men har ikkje aksjar eller andre eigarinteresser. Eg er gammal AKP-ar som gleid ut av partiet ved ei flytting først på 80-talet. Seinare har eg funne det meir tenleg å drive politisk arbeid på andre måtar, gjennom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Nei til EU, Noregs Mållag og andre organisasjonar. For det om eg gjorde "både rett og rangt" (Vømmøl) i mi tid som AKP-ar, er det ikkje så mykje eg angrar på. Og eg meiner framleis at dette samfunnet er tvers igjennom rote og må styrtast. Eg har stor respekt for arbeidet til AKP også i seinare tid, men ikkje like stor respekt for partiets evne til å analysere og fornye tenking.

Når eg opnar med desse linene om meg og mitt, er det ikkje fordi min ringe person har synderleg interesse for andre, men fordi det at eg lever utanfor dei tonegjevande intellektuelle og politiske miljøa her i landet, kanskje verkar med til at eg tenkjer annleis i somme spørsmål enn dei fleste aktørane rundt Klassekampen si framtid. Det gjeld på to måtar: For det første at det i dei miljøa eg vankar, finst ein heil skokk med folk som kunne tenkje seg å abonnere på ei informativ og sjølvstendig, opposisjonell avis. For det andre at folk ikkje er anti-kommunistar eller anti-ml-arar. Desse anti-holdningane lever stort sett i nokre få etablerte, politiske og intellektuelle miljø. Den som les resten av dette brevet, vil finne ut kvifor eg meiner dette siste er verdt å nemne.

Eg sender brevet berre til Klassekampen-forum. Om ikkje andre er samde og fører ideane vidare, blir det inga forandring, og då har det ikkje noko for seg å stå på for dette for meg heller. 

2. Det går ikkje bra med Klassekampen

Dei tala som er lagde fram og den utviklinga eg ser i avisa, gir meg grunnlag for å tru at ho syng på nestsiste eller kanskje siste verset som dagsavis. I januar skreiv disponent og styreleiar at avisa gjekk med 200.000 kroner i underskot i månaden. Redaktøren opplyste nyleg om ein auke på nesten 400 abonnentar. Om vi reknar med a) at kvar einaste av desse blir årsabonnentar, b) at kvar gir ei nettoinntekt på 2.000 kroner året (abonnementsinntekt fråtrekt trykkjekostnad, porto og kampanjekostnader, men lagt til auka pressestøtte fordi opplaget aukar), vil dei altså redusere månadsunderskotet med ein tredel, frå 200.000 til 133.000. Underskotet vil altså i så fall bli vel halvannan million på eit år. Gunstigast mogeleg rekna og før redusert pressestøtte. Hovudproblemet er etter mitt skjøn ikkje dårleg verving eller reaksjonar etter redaktørskiftet halvtanna år sia og heller ikkje nedgang i pressestøtta, men at abonnentpotensialet for ei avis med den kvaliteten og innrettinga Klassekampen har, truleg ikkje er større enn 5-7.000. Redaktør Michelet utviklar ideologi om dette, om det heroiske ved å vere liten og stå på i ulvetider for avisdrift. Og kanskje er det heroisk. Men viktigare enn om det er heroisk, er det om det er klokt. Det handlar resten av dette brevet om.

Sjølvsagt kan eg ta feil i nedleggingsspådommen. Eg har registrert at fleire folk eg har tillit til i og rundt avisa meiner det. Men så langt har eg ikkje sett andre analysar av bedriftsøkonomien enn dei disponent/styreleiar har lagt fram. 

3. Ei anna tid

Om vi jamfører med 70- og til ein viss grad 80-åra, har mykje endra seg i det vi kan kalle tidsånda.

For det første er framtidsoptimismen hos folk borte. I 70-åra trudde folk flest at framtida ville bli betre enn dåtida, med lengre levealder, mindre arbeidsløyse og betre levekår. Om 20 år skal ingen behøve gå svolten til sengs, sa Henry Kissinger på Verdas Matvarekonferanse i 1974. Han tok berre 860 millionar menneske feil. Endå så seint som då Berlin-muren vart riven i 1989, jubla folk fordi dei trudde folk skulle få det betre i Aust-Europa. No er det massesvolt i vårt naboland Russland og levealder for menn langt under 60 år. No trur folk flest, også i vårt land, at framtida truleg blir verre enn notida. Problemet er ikkje at vi ikkje vil gjere noko med det, men vi veit ikkje heilt kva vi skal gjere.

For det andre, og i tråd med dette, blir media meir einsretta. Særleg viktig er det at djupdebattar blir haldne unna folk. Eit tiår eller to eller tre sidan kunne spørsmål om rettferdig verdsordning eller om fundamentale naturøydeleggingar eller om krig og fred framleis vere aktuelle debattema. Det er slutt. No handlar alt om regjeringstaburettar og om kjendisar og om underliv.

For det tredje har ideen om revolusjon etter sovjetisk/kinesisk mønster dotte i hop. Mange ønskjer grunnleggjande omveltningar, men knapt nokon vil ha ei reprise på desse revolusjonane i dag.

For det fjerde er det blant folk ei famling etter andre verdiar, andre kunnskapar og nye svar. Dette er det lovande trekket ved samfunn av vårt slag rundt årtusenskiftet. Men det finst i samfunnet svært lite som inspirerer og hjelper fram denne leitinga.

I kombinasjon gjer desse endringane i tidsånda at oppgåva for alle oss som ønskjer å arbeide for ei betre framtid, ikkje blir å gi dei rette svara for å utvikle eliten (fordi vi ikkje har svara), men å stille dei vanskelege spørsmåla og gi informasjon og slik bidra til ei mangslungen tenking og utvikling av svar blant massane. Det har ofte undra meg at folk ikkje legg dette perspektivet til grunn når dei vurderer Klassekampen. Dei vurderer avisa ut frå om ho pleiar deira private interesser og informasjonsbehov og ikkje ut frå den mange gonger viktigare oppgåva å endre folks tenking. 

4. NYAVIS kunne

Men kan ikkje Klassekampen også løyse desse oppgåvene? Problema er tre, at Klassekampen er knytt til og vidarefører ein tradisjon med å gi sine skråsikre og moralske svar, at Klassekampen er for isolert (her braut redaksjonsskiftet med ei positiv utvikling) og at Klassekampen er for dårleg og lettvint (ikkje ut frå føresetnadene med ein liten redaksjon og eit lite budsjett, men ut frå dei oppgåvene vi står framfor). Desse problema i kombinasjon gjer at det er lite sannsynleg at avisa med sin noverande profil og sitt noverande eigarskap kan rustast opp til å bli ein viktig politisk aktør. Det må altså tenkjast nytt og annleis. 

5. Litt meir om potensialet

Med Nationen som eit halvhjarta unntak er alle norske riksaviser like mykje hovudstadsaviser som riksaviser. Dekninga av hendingar andre stader i landet er liten. Men fordi folk landet rundt har behov for å abonnere på ei riksdekkjande avis attåt lokalavisa og er interesserte i det som skjer andre stader, vil potensialet for ei reell riksavis, også om ho er noko meir venstrevridd enn det folk oppfattar seg sjølve som, vere stort.

Eit anna tomrom gjeld miljøstoff. For å følgje med i miljøpolitikk må vi stort sett hente informasjon utanfor landegrensene. Sjølv abonnerer eg på danske Information og les diverse internettsider (Worldwatch, FAO, The Guardian og fleire), norsk dekning av miljøhendingar, miljøanalysar og miljøpolitikk står langt attende. Men ønsket om å bli informert er til stades hos svært mange.

Eg er ikkje skråsikker på at andre opplever det like eins, men eg trur også fokuseringa på populærkulturen i hovudstaden, ved A-4-omtaler av dei fleste nye teaterstykke og filmar og utstillingar og bøker og portrettintervju med den eine kunstnaren etter den andre om liv og kunst og banalitetar, står i vegen for innpass hos vanlege folk. Ikkje så å forstå at kulturstoff er uinteressant, langt derifrå, men det blir så uendeleg mykje og så uendeleg likt i alle media. 

6. Om AKP i NYAVIS

Det er langt ifrå lett å starte ei ny avis. Utan røynslene frå og apparatet til Klassekampen/AKP vil det neppe lykkast. Difor sit AKP med ein nøkkel. Difor kan også AKP stille krav om respekt og eit stykke på veg om særrettar (til dømes overføring av redaksjonsstab og redaktør om personane det gjeld, ønsker det) i det nye prosjektet. Det finst blant somme på den såkalla venstre-sida i Noreg eit ønske om oppgjer med og kanskje hemn over AKP. Ikkje særleg utbreidd, men det er til stades. Den andre varianten, at det å halde AKP ute er ein føresetnad for framgang i politisk arbeid, er etter mine røynsler ikkje levande anna i overvintra politiske miljø frå 70-talet.

Det finst også blant AKP-arar ei haldning (som er noko reell og noko paranoid, det avheng av kva for miljø) om at alle andre er ute etter dei. Denne haldninga gjer at somme AKP-arar, særleg i hovudstadsmiljøet og i samarbeid med gamle politiske miljø, tenkjer som så at om dei gir frå seg veslefingen, tek dei andre heile handa. Dei ser altså fiendar over alt. Truleg forklarar denne redsla for andre folk og tankar mykje av det som skjedde rundt redaksjonsskiftet hausten -97. Synsmåtane fremjar isolasjonisme og samtidig den sjølvheroiserande tenkinga som finn seg kraftuttrykk som at vi skal stå på til the bitter end, at om vi går ned, skal det vere med flagget til topps og liknande om den stolte og ubøyelege i si einsemd.

Dette gjer at mange AKP-arar og -sympatisørar klamrar seg til Klassekampen i si tradisjonelle og noverande form. Med skepsisen mot omverda i bakhovudet blir Klassekampen på eitt vis det som står att av deira livsverk. Om Klassekampen går inn, har livsverket vore fånyttes. Draumen om revolusjon datt i hop, partiet datt i hop - men Klassekampen skal leve vidare!! Altså blir oppgåva å halde fast ved det beståande avisproduktet.

Dette er forståeleg tenking og forståeleg handling, eg meiner ikkje anna. Men det er samtidig ei tenking som har noko av sin bakgrunn i at andre på venstresida i liten grad har analysert og drege fram dei verdiane AKP og Klassekampen har tilført alternativ tenking og politisk arbeid i Noreg og difor er medansvarlege for at skiljelinene altfor ofte blir dregne mellom AKP og andre. 

7. Konklusjonar

Inn i det nye tusenåret trengst ei skarp, informativ riksavis. Ein føresetnad for at arbeidet med ei slik avis kan lykkast, er at Klassekampen/AKP er villig til å gå inn i prosjektet. Det igjen krev at andre aktørar er villige til å sjå Klassekampen/AKP som sentrale delar av prosjektet med krav på visse særrettar. Jorun Gulbrandsen, Erik Ness, Rolf Rynning Hansen og de andre i AKP bør spørje: Finst det viktigare ting partiet kan utrette for det norske folket i åra frametter enn å vere med og dra i gang dette nye prosjektet? Er ikkje dette å føre arbeidet frå 60- og 70- og 80-talet vidare i eit nytt tusenår på måtar som driv klassekampen framover, der AKP og partiarbeidet blir ein del av ein tradisjon og ikkje ein kortvarig visitt i Noreg. Og de må spørje: Kva er det sannsynlege alternativet? Etter mitt skjøn er det ei nedtrapping av avisa Klassekampen til stadig færre abonnentar og truleg vekeavis og ei partiutvikling ikkje ulik den NKP var gjennom på 60-talet. 

Beste helsing Olav Randen


Svar om "Nyavis"

Asgeir Bell

Thu, 04 Mar 99 20:40:39 GMT

Olav Randen har sendt eit ope brev til AKP på Klassekampen-forum. Han ynksjer ei NYAVIS og vil ha svar på om AKP går inn for det. Ei NYAVIS skal ifølge Olav Randen kunne;

Det er tre problem , i følge Olav Randen, som står i veien for at Klassekampen kan fylle desse oppgåvene;

I ei tid der avisa sjølv og mange i og utafor AKP strever med å byggja opp Klassekampens abonnementsstamme og gjev råd og vink til avisa om kor ho kan forbetra seg, så er opplegget til Olav Randen mest til forundring. Eg ber deg klargjera synspunkta dine:

Eit nytt prosjekt må ha eit klart og godt formål, eit godt navn og kapitalkjelder. Du må løyse dei tre problema. Kan du ikkje gje eit svar på det, så har du ikkje noko prosjekt. Då må du som alle oss andre ta fatt der vi står og går, selge avisa, ringe kjente og ukjente og be om abonnement, skrive i ho, invitere fleire skribentar, oppmode avisa til å forme nye og gode paroler om seg sjølve ( som tabloidfri sone!) slik at lesarane blir knytt nærare til avisa - til å lage ei betre forside ( som er i ferd med å skje) og til å utvikle ein betre layout (der har du meg!).... Det er i desse dager nærare 11.000 som får Klassekampen i postkassa anten laurdag eller kvar dag. Marginane er små - kan vi løfte dei litt no og ta seinare sprang på same plattformen eller må vi sale om?

Du har utspelet, Olav Randen. For oss og mange, mange fleire er Klassekampen meir enn godt nok utgangspunkt til å byggja vidare på. Utfordringane er mange nok der - og vi må ta dei saman og organisert.

04.03.99

Beste helsing for AKP,
Asgeir Bell
sekretær

PS: Slik lyder formålsparagrafen til Klassekampen: "Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av alle former for utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser - samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn."


Svar til Asgeir Bell/AKP

Olav Randen

Fri, 5 Mar 1999 18:56:05 -0800

Asgeir Bell skriv: "Eit nytt prosjekt må ha eit klart og godt formål, eit godt navn og kapitalkjelder. Du må løyse dei tre problema. Kan du ikkje gje eit svar på det, så har du ikkje noko prosjekt." Nei, eg har ikkje noko fullt ferdig prosjekt. Eg ser for meg eit klart og godt formål, men har ikkje noko fullgodt namn og er usikker på kapitalkjelder. Difor er eg altså, om vi skal følgje Bell, uskikka til debatten om utforminga av Klassekampen eller NYAVIS: "Då må du som alle oss andre ta fatt der vi står og går, selge avisa, ringe kjente og ukjente og be om abonnement, skrive i ho" etc etc.

Kan hende eg set spørsmålet noko meir på spissen enn det er grunn til, men slik eg tolkar Bell/AKP, står dei for ei tenking eg oppfattar som udemokratisk og reaksjonær. Om at somme (spesialistane, tenkjarane, planleggingsfirmaa i vanleg språkbruk) står for tenkinga og utforminga av prosjekt. Og gjer ikkje vi andre som dei og legg fram fullstendige prosjekt med klare og gode formål, namn og finansieringsplanar, bør vi halde fingrane av fatet. Då er meldinga til oss: Du må´kke komme her å komme her.

Tenk attende, Bell, til då Klassekampen vart starta eller då avisa tok spranget frå vekeavis til dagsavis. Var det då slik at ein person (prosjektmakaren) la fram eit prosjekt med formål, namn og kapitalkjelder og at oppgåva for oss andre var avgrensa til å vere fotsoldatar i arbeidet med å realisere prosjektet? Det første skjedde før mi tid, men det andre diskuterte vi i partilaget, fekk skisser og utkast og kom med innspel og idear og kritikk og gjorde såleis tiltaket betre. Og når abonnentar og kjøparar la fram kritikk og idear, gjorde vi vårt beste for å bringe dei vidare. Altså ut frå den tanken at dagsavisa Klassekampen ikkje var eit skrivebordsprosjekt eller eit enkeltpersonsprosjekt, men eit dugnadstiltak som vart forma i fellesskap og dialektikk mellom alle aktørar og som utvikla seg under vegs.

Kva skal eg då gjere? Setje meg ned og lage eit fullt ferdig prosjekt med forslag til namn, finansieringsplan og alt slikt? Slik at eg kan tilfredsstille Bell og bli kvalifisert deltakar i stillingskrigen mellom dei to prosjekta, noverande Klassekampen og mitt alternative prosjekt? Nei, eg trur ikkje vi kjem eit steg vidare med det. Eg trur vi i staden for konfrontasjon mellom prosjekt treng innspel, famling og dialog. Slik at vi i fellesskap kan kome til løysingar.

Når dette er skrive, må eg føye til at eg ved ulike høve, stundom i avisa og oftare på dette forumet, har kome med forslag til endringar i noverande avis. Bell kan leite seg attende i arkivet til hausten -98 og rundt årsskiftet -97-98 (gå på "tidligere innlegg" og sorter etter forfattar). Det viktigaste er:

Grunngivingane finst altså på nettet, les dei før du eventuelt svarar. Dette er famlande forslag. Eg har fått ein del reaksjonar på dei og sit med det inntrykket at svært mange lesarar/aktørar, endåtil somme AKP-medlemmer, deler mange av tankane. Frå majoritetseigar AKP har eg ikkje høyrt eit kvekk og difor fått det inntrykket at dei ikkje er interesserte i nokon dialog om avisa med lesarane, iallfall ikkje med lesarar med mine grunnholdningar. Eit inntrykk som dessverre ikkje blir veikare etter Bells avvising av alt som ikkje er fullstendige prosjekt. Så spørst det då om han representerer heile partiet eller berre seg sjølv.


Nytt innspel om "Nyavis"

Asgeir Bell

Sat, 06 Mar 99 09:36:00 GMT

 Olav Randen skreiv i sitt første opne brev til AKP: "Finst det viktigare ting partiet kan utrette for det norske folket i åra frametter enn å vere med og dra igang dette nye prosjektet". Eg siterte han der han var mest tydeleg på si oppfatning om NYAVISA og på kva punkter han meinte Klassekampen sto i vegen for det nye. Sidan han ba AKP gå for hans prosjekt, fann eg det naudsynt å be om presiseringer på 3 områder - eg ba han og vera konkret. I sitt svar 4. mars finn eg at Olav Randen gjev tilslutning til kriteria:

Her er mine spørsmål og vidare synspunkt for debatten.

- Har du navneforslag - sjølv om du er i tvil - legg dei gjerne fram. La andre ta stilling.

- Randen vil stryke siste setningen i Klassekampens formålsparagraf for NYAVISA (ut ifra et revolusjonært og sosialistisk grunnsyn). Dette er eit syn som har vore på frammarsj i mange tiår - vekk med ei sosialistisk og revolusjonær presse. Det fell saman med at klasseavisene har vorte trengt tilbake og no framstår mest som levande orsakinger om si fortid (A-pressa). Det fell saman med sosialdemokratiet sitt korstog mot klasseomgrepet og mot klassekjenslene i folket - den moderne politiske undertrykkinga. Pressa i nyare tid har fridd seg frå partitilknyttinga. Det var nødvending for å ruste seg i kampen i avismarknaden som er hardare og krev fleksibilitet (ingen merkelappar som bind avisene).

Den politiske bindinga til partia er svakare - stemmegrupper flyt i større straumar mellom partia - politisk labilitet er eit kjenneteikn for tida. Populismen og høgreddreiinga gjorde for alvor sitt inntog på 80-talet i Noreg (og Vesten). Venstresida kopierer dette. I denne prosessen oppstår ein universell journalist som flytter frå Klassekampen til Dagens Næringsliv utan særleg problem. Bæreren av avisordet avpolitiseres.Etter mitt syn er det å stryka revolusjonært og sosialistisk i plattforma det same som å gje marknaden og den dominerande borgerlige offentligheiten fritt spelerom. Det gjev ikkje ei nøytral avis, men det vil ganske raskt gje ei anti-revolusjonær avis. I alle samfunnsmessige strider vil det verta eit enormt press for at ei slik radikal avis skal avgrense seg mot revolusjonære. Den nye journalistrollen beskytter seg mot påverknad og ynskjer seg sjølvrekruttert til avisa på "faglig grunnlag" - ikkje minst er ein formålsparagraf med dette tilsnittet viktig for rekruttering til staben.

Journalistskulen utdannar ikkje revolusjonære journalister i utgangspunktet. Eit døme på denne problemstillinga var Bjerke og staben hans som faktisk greidde å ta avisa ut mot RV i valet 1997 - etter i lang tid å ville avgrense seg frå avisas støttespelarar. Det tyder ikkje at avisa ikkje hadde viktige kvaliteter i denne tida.Synet mitt utdjupes av at klassekampen i samfunnet meir og meir fortel at folks velferd ikkje kan løysast under kapitalismen. Ein finn ikkje svar innafor kapitalismen. Det er bare mogleg med forsvarskamp som rett nok får større tyngde om han koplas til revolusjonære krav - til offensive krav. Eg trur difor at Olav Randens avisprogram på dette punktet ikkje duger.

Randen går ikkje mot avisa som organisator - det er bra. Han er og mot ei moraliserande avis. Til det siste: Avisa sine knappe ressursar er idag største trusselen for at vi får lettvint PK-stoff (politisk korrekt). Det er ikkje minst viktig at lesarane er aktivt og venleg kritiserande i høve til dette. På mange områder må avisa opne lukene for djupare motseiinger på såvel området økonomi, vitenskap og politikk. Vi står førebels overfor samla veikskaper i venstresida og den revolusjonære rørsla. På den andre sida har vi heller ikkje mobilisert alle ressursar!

- Ei revolusjonær og sosialistisk avis (Klassekampen)hadde potensial for ei kapitalutviding på 5,9 mill i 1998. Bjerke sitt avis-prosjekt var nær konkurs og med fallande abonnement. Det problematiske er at dei 5,9 mill. ville ikkje kome på banen for Bjerke-prosjektet. Altså ein sikker konkurs. Men tek eg feil?

Det er eit viktig år for Klassekampen vi er inne i. Små marginer. Om 20-40 tek aktivt del, så kan det gjera tingen. Om 20-40 vert passive så kan det og gjera tingen andre vegen. Har du nokre vurderinger om kapitalkjelder - legg dei fram, vi kan i fellesskap vurdere det. 

Eg kommenterer ikkje Randens vurderinger av personar og partiet AKP. 

06.03.99

Beste helsing
Asgeir Bell
sekretær i AKP

Meir om avisa Klassekampen | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside