AKP-arkivet

På toårsdagen for invasjonen

av Leiv Olsen

Appell i Stavanger 19. mars 2005


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Har de høyrt om Fallujah? Motstandsreiret i Irak? Ja, sjølvsagt.
Har de høyrt om kva som skjedde i Fallujah i vinter? Nei, det får me ikkje vita.

Raseringa av Fallujah skjedde i det stille. Fyrst blei byen avstengd frå omverda. Heller ikkje journalistar fekk sleppa inn. Så kom stormen. Etterpå blei det laga massegraver.

Overlevande har fortalt om:

Kva ville USA skjula?

Kva slags våpen kan dette ha vore?

USA sa dei invaderte Irak for å fjerna masseøydeleggingsvåpna. Dei fann ingen masseøydeleggingsvåpen. Irak hadde ingen masseøydeleggingsvåpen. Men no blir det visst brukt masseøydeleggingsvåpen i Irak - og det er USA som bruker dei.

USA sa dei skulle ta al-Qaïda. Det var ingen al-Qaïda i Irak. Men no er det flust av terrorgrupper der, med eller utan forbindelse til al-Qaïda.

USA sa dei skulle bringa demokratiet til Midtausten. Demokrati? Når 200.000 utanlandske soldatar har makta i landet? Og desse soldatane skyt vilt på det meste som rører seg, til og med på eigne allierte? Demokrati? Når vala må avviklast med hemmelege kandidatar, og færre enn halvparten bruker stemmeretten sin? - Og ingen - bortsett frå okkupasjonsmakta - veit om opptellinga gjekk rett for seg?

Valet gav i alle fall ein vinnar - sjialista til al-Sistani. Hovudkravet til denne lista var at USA skulle trekka seg ut. Om USA tar sine eigne fraser om demokrati på alvor, så rettar dei seg etter dette og trekker seg ut av Irak.

USA fekk ikkje FN med seg på angrepskrigen. Så konstruerte dei ein "koalisjon av villige". Utanriksminister Petersen ville vera med, men fekk ikkje lov. Seinare fekk han lov likevel, og Norge sende soldatar til Irak. No trekker dei "villige" seg ut, den eine etter den andre. Snart er det bare USA, Storbritannia - og Norge - som står igjen.

Det er ein skam. Hent soldatane heim!

Etter invasjonen har kanskje hundretusenar sivile mista livet. Ingen veit talet - USA tel ikkje, og hindrar aktivt andre i å telja.

USA er ikkje den einaste overgriparen i Irak, men dei er den mektigaste. USA er ikkje ein del av løysinga i Irak. USA er ein del av problemet.

USA ut av Irak!


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside