Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval
Truls Frogner, konserndirektør i Manpower, likte ikkje mitt innlegg i Klassekampen 16.10.98. Derfor bruker han store delar av sitt eige innlegg 23.10. til å forklara lesarane at eg er "for enkel", "unøyaktig", "forsvarer det bestående", "avslører ... manglende forståelse", "bruker nedsettende, nesten diskriminerende uttrykk om vikarer", "er uetterrettelig". I tillegg opplyser han at eg har "en pussig innstilling til dagpenger og vikararbeid", og dessuten slår han fast at det er "helt galt, ja uprofesjonelt ... å snakke om et A- og B-lag i arbeidslivet". Det er sanneleg godt vi har saklege, objektive direktørar som Frogner, som til og med tar seg tid til å driva folkeopplysning, slik at vi som berre rotar rundt og ikkje forstår noko som helst kan få vita korleis verda eigentleg heng saman!
Frogner gir altså inntrykk av at det finst ei sanning når det gjeld arbeidsmarknadspolitikk. For meg er det lettare å forholda seg til at det å vera konserndirektør i eitt av landets største "vikar"-byrå gir eit anna utgangspunkt for å meina noko om arbeidsmarknadspolitikk generelt og Baalid-utvalet spesielt enn det å vera fagorganisert. Eg gjer derfor ikkje krav på at alt eg seier vidare skal bli oppfatta som Den Eine Sanninga, men eg veit at mange fagorganiserte i ulike forbund og foreiningar deler mykje av min skepsis til Blaalid-utvalet si innstilling. Mykje av skepsisen gjeld forventa verknader på sikt, ikkje berre det som vil skje i løpet av eit år eller to.
Så til Frogner sine innvendingar mot mitt innlegg. Er det ein "bommert" å seia at arbeidsmarknadsetaten sine tenester er gratis? Det er faktisk slik at A-etaten sine tenester er gratis både for arbeidssøkarar og arbeidsgivarar, i motsetnad til "vikar"-byråa. Den arbeidsgivaren som kjøper tenester frå Manpower eller konkurrentane må betala både lønn og sosiale utgifter for "vikaren" + byrået si forteneste. Dersom Frogner trur han fortel noko nytt med å røpa at dei tilsette i A-etaten også får lønn, og at den blir løyva over statsbudsjettet for kvart år, så er vel det mest hans problem.
Har eg forstått null og niks når eg seier at Blaalid-utvalet si innstilling opnar for frislepp av arbeidskraft-utleige? I og med at utvalet går inn for at utleige av arbeidskraft skal bli lovleg i så godt som alle bransjar, medan det no er avgrensa til nokre få, meiner eg å ha dekning for det eg sa. Dette kan på sikt bety ei vesentleg endring i organiseringa av norsk arbeidsliv. Frogner har rett når han seier at "fagforeningene kan få mer å si over innleie". Men det krev for det første at det finst fagforeiningar i dei verksemdene det gjeld, og for det andre at dei har ein slik styrke at dei kan seia nei til innleige dersom dei meiner det er best for medlemmene. (Reknar med at sjølv ein konserndirektør er i stand til å sjå at bedriftsleiing og tilsette kan ha ulike syn i slike spørsmål.)
Frogner etterlyser mitt alternativ til Blaalid-utvalet sine framlegg. Han har rett i at dagens regelverk ikkje verkar. Det har mykje å gjera med at det ikkje blir handheva av dei som er sett til å gjera det. Eg har førebels ikkje tatt stilling til kva som ville vera det ideelle, eg har vore meir oppteken av å sjå etter kva som på sikt vil vera negativt for arbeidstakarar og arbeidssøkarar i dei nye framlegga.
Når eg brukar uttrykket "lausarbeidar", tolkar Frogner det som "nedsettende, nesten diskriminerende uttrykk om vikarer". I den samanhengen eg brukte uttrykket, var det ein freistnad på å sjå framover, å vurdera kva som på sikt kan bli konsekvensen dersom utleige av arbeidskraft får eit langt større omfang enn i dag. Da kan det fort bli ei kraftig forskyving i forholdet mellom fast tilsette og "vikarar" av ymse slag, og mange av dei som ønsker fast jobb må nøya seg med å vera "lausarbeidarar". Det er ikkje ei diskriminering av dei som i dag vel ein vikarjobb fordi dei sjølve ønsker det.
Og så var eg "uetterrettelig" når eg sa at det er skilnad på sosiale rettar for dei som er fast tilsette i eit "vikar"-byrå og dei som ikkje er det. Meiner Frogner at den vikaren som p.t. ikkje har oppdrag og ikkje er fast tilsett i Manpower har dei same sosiale rettar som fast tilsette, t.d. rett til sjukepengar frå arbeidsgivar?
Frogner maktar å vri på det meste. Sjølvsagt er det betre for den som ønsker arbeid å ha eit vikariat enn å gå arbeidslaus. Det eg prøvde å seia noko om, er at så lenge vikarbyråa kan omgå Arbeidsmiljølovas § 58A slik dei gjer pr i dag, er det staten og "vikaren" som subsidierer arbeidgivarane - staten med å betala dagpengar til folk som burde hatt lønn, og "vikarane" med at dei i periodar berre får dagpengar i staden for ordinær lønn.
Det er overraskande at Frogner oppfattar det som "helt galt, ja uprofesjonelt" å snakka om A- og B-lag i arbeidslivet. For meg er dette velkjende omgrep frå diskusjonar i fagrørsla, og ikkje uttrykk for ei vurdering av dei menneska som hamnar i det eine eller andre "laget". Det er ein måte å visa korleis marknaden sorterer folk, noko som høgst sannsynleg vil bli enda tydelegare dersom det blir fullt lovleg å bruka ut- og innleige av arbeidskraft i staden for faste tilsettingar i dei fleste bransjar.
Frogner meiner at ein vesentleg skilnad mellom arbeidsmarknadsetaten og Manpower er at det berre er Manpower som treng å yta god service for å overleva. Til det er å seia at dei tilsette i A-etaten er svært opptekne av å kunna yta god service til både arbeids- og attføringssøkarar og arbeidsgivarar. Men vi er til tider svært frustrerte over at vi blir pålagt fleire oppgåver enn vi har ressursar til å løysa på skikkeleg vis. Og vi har vel ingen garanti for at skattebetalarane vil fø på oss dersom ikkje servicen er slik den burde vera?
Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval