Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP
Kor mykje skal folk finne seg i?
Da EØS vart tredd ned over hovuda på folk i Norge i 1992 fekk vi høyre det var ikkje farleg - det handla berre om handel. Nei-folk som forklarte korleis EØS ville endre det norske samfunnet til å bli meir og meir likt EU vart kalla løgnarar av ja-sida - dei hadde liksom betre greie på saka.
Nå ser alle korleis det går: EØS handlar òg om folk si velferd og helse. Det handlar om distriktspolitikk og faglege rettar, om styringa med naturressursane våre. I tillegg handlar EØS om kva for produksjonsverksemder som skal leva og veksa, og kva for slike som skal bort. Dei små skal bort, slik at dei store kan bli større.
Stortinget har rett til å leggje ned veto mot EU-lover i Norge. Utan ein slik rett hadde avtalen vore i strid med Grunnlova. Men vetoretten blir ikkje brukt. Lover som ikkje er tilpassa forholda i Norge og som norske politikarar aldri ville kome på å leggja fram, går glatt igjennom. Politikarane i EØS-komiteen på Stortinget strør sand på tonnevis med direktiv frå EU, utan at dei kjenner konsekvensane for dei einskilde lovene i Norge. Slikt må byråkratane finne ut av etter kvart.
At landet har fått ei "Nei"-regjering ser ikkje ut til å gjera nokon skilnad. Til og med utvidinga av EØS-avtalen til det veterinære området ser ut til å gå slik det var planlagt av Ap-regjeringa. Ein må undrast - kva er det som skjer i regjeringskorridorane? Dette må vera det klåraste prov ein kan ynskje seg på at det er Kapitalen som styrer i Norge. Dei store sakene er for viktige til at ei tilfeldig regjering kan styre.
Kva har folk å stille opp mot denne overmakta? Vi må sjølvsagt ikkje gje opp den politikken som har vorte ført mot EØS i større og mindre grad heilt sidan denne satans forkortinga vart oppfunnen. Men nå er det på tide å trø til med noko meir.
For når ein ikkje får skjenke reint fjellvatn, når ein ikkje får selje mjølkeprodukt frå setrane, når det er forbod mot å slakte heime, når ein ikkje får selje reker på kaia osb. utan ombygging og store investeringar - har folk rett til å bli forbanna. Og reise folkeleg kamp mot direktiva gjennom aksjonar og sivil ulydnad.
Når Den norske Turistforening i høflege former set seg imot å følgje kravet om å reinse Europas reinaste vatn før servering på hyttene i fjellet, er det svært radikalt og konstruktivt i kampen mot den blinde EU-tilpassinga. Finst det andre organisasjonar som kan vera like radikale som DnT?
Det er kysten som har blitt hardast skamfert til nå; fiskeria er ein av dei største næringane i landet. Da 30 fiskemottak langs kysten måtte stengje fordi dei var laga av treverk, skjedde det utan kamp. Forklaringa er truleg at det finst store moderne fiskemottak av stål og plast som profitterer på direktivet; dei små ville få så store kostnader med å byggja om at dei bukka under. Organisasjonane deira representerer heller dei store enn dei små, difor vart det stilt. Eg har ikkje sett noka prov på at treverk er ureinsleg. Tvert om har eg sett ein amerikansk rapport som viser at tre har ei evne til å drepa bakteriar, medan dei formerer seg på plast. Årsaka til pålegga er å finne i kampen om profitten.
Korleis går det no, når det vert innført reglar om at fiskebåtar av tre som skal levere til mottaka må ha aluminiumsdeksel over relinga for at fisken ikkje skal koma i kontakt med det ultra-giftige treverket? Når rekefiskarane ikkje får selja fangsten på brygga, utan at dei har toalett, garderobe og desinfeksjonsutstyr ombord? Når gardbrukarar må byggje "smittesluse" ved kvar fjøsdør, medan staten opnar slusene på grensa? Skal folk finne seg i slikt idioti?
Alle desse dustete direktiva som folk flirer av; anten det er beine agurkar eller liksom-giftig treverk kan verke latterlege på dei som ikkje blir råka. Men hugs: Her ligg det politikk bak! Direktiva skal stø opp om den største kapitalen, den mest dominerande produksjonsmåten. Og referanseramma er da "i EU", ikkje til dømes "i Troms". Direktiva er med på å skvise små produsentar og leverandørar ut av marknaden, presis slik kapitalen ynskjer. Men dei som er "store" nå vil snart verte "små" når den samanhengen ein opererer i er Kapitalens Europa. Allmenningsretten langs kystene våre er truga. Når kjem åtaket på skogbruket?
Kvifor skal Norge vera først og best i å innføre nye EU-lover? Kvifor skal nordmenn skunde seg å etterleva lover som ikkje er innført av våre valde styresmakter, men dytta på oss av organ som ikkje har lovleg makt i landet?
Eg har ikkje for handa ei komplett liste over EØS-direktiv som det er folkeleg motstand mot. Ho er heller ikkje lett å lage, for styresmaktene prøver etter beste evne å skjule at det er EU-lover dei legg fram. Men blant aktuelle direktiv vil eg nemne: Alle anti-treverk-direktiva (dei kan vera helsefarlege!). Forbodet mot heimeslakting. Påbodet om å springe til bygds med alt det ein plar leggja att til korpen når ein har skote dyr i jakta.
Finn høvelege aksjonsformer, og reis kampen mot EØS.
Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP