AKP-arkivet

5 år etter folkerøystinga:
Historisk siger - kampen held fram!

av Hans Olav Brendberg, sentralstyremedlem i AKP og Asgeir Bell, sekretær i AKP Oversikt over e-post-adresser

25. november 1999 - kronikken er trykt i Klassekampen 2. desember 1999


Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

28 november for 5 år sidan sa det norske folket nei til EU-medlemsskap, knapt 11 månader etter at Noreg vart medlem av den indre marknaden gjennom EØS. Sigeren i folkeavstemminga var viktig: Vi kan føra ein sjølvstendig penge- og finanspolitikk - noko som er særs viktig for ein økonomi der oljepris tyder inntekter, ikkje utgifter, og som såleis svingar i utakt med resten av Vest-Europa. Vi kan føra ein sjølvstendig landbruks- og fiskeripolitikk, og vi har større høve til å føra ein politikk for full sysselsetjing enn om vi hadde vore medlemmer. Vi er heller ikkje bunde av vedtaka som kjem etterkvart som EU utviklar og utdjupar den politiske unionen. At vi er sett på gangen, og ikkje er forplikta av EU sin forsvars- og tryggjingspolitikk er jo ikkje nokon ulempe - men er tvert om ein fordel! Samstundes legg EØS-avtalen klåre avgrensingar på kva sigeren kan brukast til - og utgjer eit permanent sklibrett mot det EU-like samfunnet. Nei-sida har ingen grunn til å slappa av!

Unionen - eit åtak mot folks rettar

EU er ikkje noko vellukka politisk prosjekt. Rundt omkring i Europa slåss folk mot verknadene av den integreringa dei politiske herskarane tvingar på dei. EU gjev ikkje sosial tryggleik, velferd og sysselsetjing. I dei fleste land er det ikkje aktuelt å gå ut av EU: Dei aller fleste av EU`s over 300 millionar innbyggjarar har aldri hatt høve til å gje uttrykk for meininga si i folkerøysting på same måte som i Noreg. I Sverige var det fleirtal for medlemsskap berre kring folkerøystinga. Men sjølv om fleirtalet av svenskane er mot medlemsskap, vert ikkje spørsmålet tatt opp til ny vurdering. Vegen inn i EU er einvegskøyrt. Unionsprosjektet vert drive fram mot ein europeisk stat som set til side det borgarlege og nasjonale demokratiet i medlemstatane. Det er kapitalen sin trong for å konsentrere seg og ta opp kampen med mellom anna USA som ligg attom - ikkje folka sin trong for samvirke. Regelen vil vera at kvart skritt fram mot ei slik samling vil utvikla motstand som ein gong sprengjer unionen. Ja-sida og den norske overklassen vil på alle vis skjule kva tyding vårt nei i 1994 har for kampen mot unionen innanfor EU.

Verknader av EØS

EØS-avtalen har vore ein ulempe på mange område, utan at avtalen gjev tilsvarande fordelar; også under frihandelsavtalen hadde Noreg frihandel med EU:

Lista kunne vore gjort lenger, men desse eksempla viser vonleg kor omfattande verknaden av EØS har vore til no

Ein avtale i stadig endring

EØS-avtalen er ikkje ein avtale som endeleg fastlegg tilhøvet mellom Noreg og EU. Avtalen bind Noreg til å vedta dei same lovene for fri flyt som dei som blir utvikla i EU. Før EØS vart vedteken, kom Ja-sida med ei rad forsikringar om at norske interesser likevel var trygge:

To tredjedeler av Vinmonopolet - import og engrosmonopolet - heldt i nøyaktig 12 månader, nok til at Krf kunne røysta for med godt samvit. Vetoretten har til no vore brukt som argument frå ja-sida i debatten om norsk medlemsskap i EØS. Etter at avtalen var vedteken, har ikkje ja-sida villa tatt i veto-retten, som var så viktig for å tryggja norske interesser. Lova om allmengjering av tariffavtalar har likeeins vore brukt berre ein gong: I debatten i LO før EØS vart vedteke.

Når EU vil, kan nye område bli føyd til avtalen, uavhengig av kva Noreg er tent med. Dette har alt skjedd fleire gonger:

Slike utbyggjingar av avtalen vil også koma i åra som kjem. EØS-avtalen blir òg brukt som mønster for å knytte Noreg til EU på andre område, som Schengenavtalen og i forsøket som nå kjem på å underleggja seg EU sin militære arm; Vestunionen.

Veto-retten: Glasur eller realitet?

Når Stortinget let slikt som veterinæravtalen og oljedirektivet passera utan å bruka veto-retten, reiser det spørsmål ved om vetoretten i EØS er røynleg. Det finst berre ein måte å få klarlagt det på: Å bruka han. Til no har ikkje dette skjedd. Stortingsfleirtalet ynskjer jo ikkje nokon vetorett: Dei ynskjer fullt EU-medlemsskap. Som EU-medlemmer vil vi ikkje ha vetorett, sjølv når sentrale, norske interesser er truga. Blir vetoretten brukt, vil det jo vera lett å sjå kva som er fordelen med å stå utanfor EU. Når storingsfleirtalet i saker som oljedirektivet og veterinæravtalen set omsynet til ein framtidig omkamp om EU-medlemsskap framfor omsynet til folkehelse og nasjonal kontroll med oljeressursane, seier det sitt om kva vi kan venta av dei som skal "hevda Noregs interesser innanfor unionen" ved eit framtidig EU-medlemsskap.

For så vidt er det vel ikkje anna å venta frå det haldet. Frå den "nei-regjeringa" som for tida sit og tilrår kvar etappe i den lange, seige tilpasninga av det norske samfunnet til unionen, burde ein likevel kunne venta meir. Sentrumsregjeringa har vore ei katastrofe når det gjeld å gjera motstanden i folket mot EU-tilpasninga synleg. SV, som ikkje er bunde av regjeringstaburettar når det gjeld å gjera konsekvensane synlege, er bortimot usynleg i EU-spørsmål. På femårsdagen for folkerøystinga er det difor to oppgåver nei-sida bør gå laus på:

  1. Vetoretten i EØS er for viktig til å brukast berre som pynt.
  2. Nei-sida må frå defensiv til offensiv: I staden for å skli inn i EU gjennom EØS, må vi bruka dei høve som finst for å sikra norske interesser. Målet må vera å koma seg ut or EØS!

Å nå dette målet kan gå gjennom nye slag om medlemsskap - ja-sida førebur seg til omkamp og prøver å splitta nei-fronten. I denne fasen vil nei-sida sitt trykk mot EØS-avtalen ikkje splitte fronten, men tvertom gje grunnlag for å aktivisere fronten; særleg arbeidarklassen som kjempar mot privatisering og utskiljing, vil få større rom i fronten.

Sidan borgarskapet som er knytta til monopola og finanskapitalen gav opp nasjonen på 70-talet og valde å leggja seg inn under EU sin paraply for å ta del i imperialistisk utplyndring på verdsarenaen, har herskarane to gonger fått mot seg svære samfunnskrefter som vil verne om velferden og nasjonal einskap. Vi trur denne iveren etter å få avhenda nasjonen til imperialistiske samanslutningar av EU sin type, også vil bidra til å forma ei ny sosialistisk rørsle som kan feie vekk kapitalismen.


Gå til indeksside for EU | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside