I november 2000 hadde TV2 i programmet Rikets tilstand harde angrep på AKP (og tidligere medlemmer i partiet) på bakgrunn av partiets syn på forholda i Sovjet, Kina og Kampuchea. På disse sidene gjengir AKP en del innlegg i debatten som fulgte.
Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside
Eg vart ikkje overraska over at AKP-leiar Jorun Gulbrandsen (innlegg måndag denne veka) var raskt ute med svar til min kommentar om sosialisme, stalinisme og Gerhard Helskog som stod sist laurdag. Men eg vart overraska over at ho svarer ganske usakleg. Gulbrandsen skriv: «Marsdal synes tydeligvis ikke det er interessant hvem som starta denne krigen og hvorfor de gjorde det.» Deretter forklarer Gulbrandsen at det ikkje er omsynet til menneskerettar som ligg bak offensiven frå Helskog og co, men derimot ein prokapitalistisk, internasjonal kampanje som skal «banke inn i folk at alternativene [til kapitalismen] ikke finnes».
No stod det faktisk heilt fyrst i min kommentar at «Gerhard Helskog og TV 2 har trekt i stridsbrynja, og slutta seg til det internasjonale korstoget som for alvor kom i gang då franske historikarar med Stéphane Courtois i spissen gav ut Kommunismens svartebok i 1997 ». Dersom Gulbrandsen mistolka meg til å meina at dette korstoget er for Demokrati&Menneskerettar, var jo det synd. Men kvifor trur Gulbrandsen at det stod alt i ingressen på denne kommentaren at «under overflata står den verkelege kampen om framtida»? Som det går fram av tekst, bilete og det meste ved artikkelen, er det den framtidige kampen mot kapitalismen det blir sikta til. Og etter mitt syn er korstoget eit reaksjonært eit, retta mot all systemtruande opposisjon. Det trudde eg gjekk ganske klart fram av min artikkel.
Ein ting er å ikkje sjå kva som faktisk står, det kan jo skuldast hastig lesing eller uklar tekst. Verre er det at Gulbrandsen ser ting som ikkje står: «En annen, og atskillig alvorligere sak, er at han faktisk trur at revolusjonære, aktive bevegelser kan unngå rabiate angrep fra borgerskapet», berre vi alle «er for den demokratiske sosialismen». Så det trur eg altså? Straks dette kjem på bordet vil alle vettuge sosialistar sjå at Marsdal er ein naiv idiot. For alle veit jo at åtaka på revolusjonære alltid kjem. Dei kom mot Marx og Engels lenge før Stalin var født!
Likevel er det altså naudsynt for AKPs leiar å ta meg i skule også på dette elementære punktet. Eller er det verkeleg det? Siterer Gulbrandsen kva setning som avslører at Marsdal «faktisk» trur at ei revolusjonær rørsle går fri frå hets berre partiprogrammet har ei god forståing av demokrati og sosialisme? Nei. Og det er ikkje så rart. For det står ikkje noko så dumt. Det er ikkje god debattstil å tilleggja motparten standpunkt. Direkte bøllete er det å tilleggja han avsindig dumme standpunkt. Det tyder på at viljen til polemikk og kamp er sterkare enn viljen til sakleg diskusjon.
Men eg trur ikkje vi skal sjå bort frå at eg og AKPs leiar eigentleg er samde på desse punkta. I så fall tykkjer eg faktisk det er ein god ting, og det vonar eg Gulbrandsen gjer òg.
Men det trengst ein kommentar til det Jorun Gulbrandsen meiner er «Marsdals hovedpoeng», nemleg «at den revolusjonære bevegelsen kan takke seg sjøl». Her trur eg vi er nærare slikt vi faktisk er usamde om. Kortversjonen av mitt syn er:
Så kva har dette med framtida å gjera? Eg er fullt klar over at AKP i dag ikkje er AKP av 1976. Men den aktuelle debatten, og min kommentar sist laurdag, handlar faktisk om fenomenet (m-l) anno 1976.
Oppgåva er alltid å læra av fortida, for å bli sterkare i framtida. Og marxistisk læring anno 2000 er ikkje å ropa at «USA er massemordar». Det er heller ikkje å forskjønna mange tiår med stalinsk historie til at «også frigjeringsrørsler gjer overgrep».
For meg er læring anno 2000 å sjå at det må bli slutt på at ordet «demokrati» er eit våpen i hendene på dei som vil halda arbeidsfolk nede. Dette er vårt våpen! Kapitalismen kan aldri vera demokratisk. Sosialismen kan ikkje vera noko anna. Dette trur eg vi kan stå saman om, både Jorun Gulbrandsen, eg og veldig mange fleire.
Magnus E. Marsdal
vaktsjef, Klassekampen
Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside