Historie- og angerdebatten

I november 2000 hadde TV2 i programmet Rikets tilstand harde angrep på AKP (og tidligere medlemmer i partiet) på bakgrunn av partiets syn på forholda i Sovjet, Kina og Kampuchea. På disse sidene gjengir AKP en del innlegg i debatten som fulgte.

Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside

Eg, ein massemordar

av Leiv Olsen (Klassekampen 23.11.2000)

Skal eg tru Gerhard Helskog i TV2, har eg skylda for mord på titals millionar menneske. AKP støtta Stalin, Mao og Pol Pot. AKP og alle AKP-medlemmer er derfor medskyldige i alle mord og overgrep som desse statsleiarane kan lastast for, med mindre vi angrar alt og erklærer at vi vil bekjempa alt desse regima representerer.

Men AKP støtta aldri massemord. Sjølv er eg leiar i Stavanger AKP, tidleg på 1970-talet var eg leiar for SUF (m-l) i Stavanger, og utover 1970-talet var eg ein av dei som gjekk lengst i å forsvara Stalin. Men korkje eg eller AKP forsvara massemyrderia under Stalin-styret. Vi forsvara revolusjonen i Russland, forsøket på å byggja eit sosialistisk samfunn, og Sovjets innsats i kampen mot nazismen, mens vi uttrykkjeleg tok avstand frå overgrepa, utreinskingane, politistatsmetodane og GULAG-leirane. Vi ønskte ei meir nyansert vurdering av Sovjet. Kritiser oss gjerne for at vi tok for lett på dei stygge sidene vi såg, for det gjorde vi, men er den totale fordømminga betre?

Sovjet tok dei tunge slaga i kampen mot Hitler. Utan Sovjets innsats hadde truleg Hitler vunne krigen. Skal alt Sovjet under Stalin
sto for, fordømmast? Sovjet gjekk i spissen med å byggja ut eit velferdssamfunn, vesten tok etter, dei frykta at arbeidarklassen skulle
venda seg til kommunismen. I dag er muren falle, sosialismen har tapt, og velferdsstaten blir seld ut på den private marknaden.

Helskog brukte den svenske politikaren Pehr Ahlmark som ekspert. Han sa at Stalin hadde myrda 62 millionar menneske og var
etterkrigstidas verste massemordar. For vel tretti år sidan kom boka Den store terroren, med forfattar Robert Conquest. Conquest hevda at 20-30 millionar menneske strauk med under Stalin. Tala vekte debatt, det blei hevda at dei var overdrivne. Ahlmark tar det høgaste anslaget til Conquest og gangar med to. Kvifor? Kva kjelder har han? Har han ingen motforestillingar til anslaga? Dette er ikkje seriøs historieforsking, men propaganda, og vi husker kva propagandameisteren Goebbels sa: gjentar du ei løgn ofte nok, trur folk det er sant. Poenget mitt er ikkje å nekta for overgrepa til Stalin, dei var grove og omfattande nok, men vi skal ikkje av den grunn blåsa opp tala så mykje vi kan. «Tretti millionar høgaste bod, nokon betre? Seksti millionar er bydd. Får vi høgare bod?»

AKP forsvara Mao. Det gjer vi den dag i dag, men ikkje like reservasjonslaust som på 1970-talet. Kina var eit land med ufatteleg
naud og elende. Revolusjonen under Mao gjorde slutt på det verste elendet og betra levekåra på eit vis som vi ikkje har sett i andre
tredje verda-land. Er det uinteressant? Under Mao døydde mange millionar menneske. Ja, og dei fleste døydde av svolt. Kor mange millionar menneske døyr kvart år av svolt på grunn av den rike verdas utbytting av dei fattige landa? Er det mulig å unngå sveltedauden i eit utviklingsland, så lenge den rike verda held fast på den noverande urettferdige økonomiske verdsordenen? Men AKP trudde bare godt om Kina, og såg ikkje – ville ikkje sjå – dei mange vilkårlege overgrepa i landet. Kor mange menneske som kan ha døydd av dette, veit vi ikkje, sikkert fleire millionar. Ein kjem fort opp i millionar i eit land som huser fjerdeparten eller femteparten av heile jordas befolkning.

AKP forsvara Pol Pot. Ja, for vi oppfatta det som at hans Røde Khmer kjempa for å frigjera landet og byggja sosialisme. Når meldingane om overgrep kom, ville vi fyrst ikkje tru på dei. Vi hadde grunn til å vera skeptiske. Den som vil vinna ein krig, må fyrst vinna propagandakrigen, og både USA og Vietnam hadde gode motiv for å driva propagandakrig mot det sitjande styret i Kambodsja. Dei åra Røde Khmer sat ved makta, 1975–1978, hadde Norge diplomatisk samband med dei. Den offisielle norske representanten opplyste i eit radioprogram at han hadde reist fritt rundt i landet, men ikkje sett teikn til overgrep. Når Norges offisielle representant ikkje såg slikt, kvifor skulle då vi tru på det? Men meldingane heldt fram og kunne til slutt ikkje oversjåast. AKP kan kritiserast for at vi lukka auga altfor lenge. Men det var ikkje AKP som drap folk i Kambodsja.

Var Pol Pot og Røde Khmer dei einaste skurkane i Kambodsja? USA dreiv i åra 1969–1975 verdshistorias mest intense utbombing av landet. Det er anslått at 750.000 menneske blei drepne i desse bombetokta. Når det blir hevda, eller gjetta på, at 2 millionar kambodsjanarar døydde i løpet av 1970-talet, er det uvisst kven som drap flest: USA eller Røde Khmer. Men både USA og Vietnam, som seinare rykka inn og hærtok landet, er interessert i at Rød Khmer skal sitja att med all skyld.

Det er ikkje vanskeleg å trekkja fram eksempel på overgrep som er like ille eller verre i andre land og andre slags samfunn. I moderne tid er det knapt noko som kan måla seg med myrderia i Rwanda og i Aust-Timor, men ingen her heime blir stilte til ansvar fordi dei støtta regjeringa i Indonesia eller kolonipolitikken til Frankrike. Sjølvsagt, for støtte til det politiske eller økonomiske systemet i eit land gjer ein ikkje til medansvarleg for alt som skjer i landet. Dei som støttar USA, har ikkje av den grunn skylda korkje for atombomben, bruken av utarma uran, kupp og undergraving mot dei fleste landa i verda, politiske mord eller boikotten som til no har drepe anslagsvis to millionar irakiske born. På same måten blir det heilt absurd å lasta AKP for alle overgrep i eit land, bare fordi vi har støtta det politiske og økonomiske systemet i landet. Men kanskje det er gale å støtta andre system enn den vestlege marknadsøkonomien?

Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside