I november 2000 hadde TV2 i programmet Rikets tilstand harde angrep på AKP (og tidligere medlemmer i partiet) på bakgrunn av partiets syn på forholda i Sovjet, Kina og Kampuchea. På disse sidene gjengir AKP en del innlegg i debatten som fulgte.
Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside
Så er dei rettferdige på heksejakt igjen. Dei stakkars AKP-arane som ikkje har gått botsgang og fått tilgjeving av storsamfunnet, bør be om orsaking på sine kne, eller helst avsetjast.
Vi kjenner mønsteret, ein kar som heitte Joseph McCarthy frå God's own country har lært oss korleis det skal gjerast.
Eg var aldri AKP-ar. Eg tykte derimot det var leitt at AKP
gjorde så mykje for å øydeleggja den politiske
venstresida i si tid. Pol Pot var aldri min favoritt. Men vi veit
at amerikanarane i si tid
tvangsflytta folk frå landsbygda og inn til Phnom Penh og
fora dei med mat, slik at dei slapp å arbeida på jorda
sjølv. Dette fordi dei ikkje skulle få høve
til å produsera mat til fridomskjemparane frå Nord-Vietnam.
Då amerikanarne blei kjeppjaga ut av landet, og Uncle Sams
mat ikkje kom fram meir, hadde Pol Pot lite anna å gjera
enn å jaga folk ut på bygda igjen. Myrderia hans finst
det inga orsaking for, men dei hadde i alle fall ikkje blitt så
omfattande om ikkje denne tvangsflyttinga ut på landsbygda
hadde vore nødvendig.
Stalin var aldri min mann. Men hadde ikkje både vestmaktene
og det utsvelte og overvunne Tyskland blanda seg inn i revolusjonen
og gjort invasjon i Russland etter første verdskrigen,
så hadde vel kanskje hans regime også fått eit
mildare preg. Rett nok var ikkje han personleg inne
i biletet då, men han overtok ein vond arv som kompliserte
oppgåvene. Det orsakar ikkje handlingane hans, men det forklarar
ein del. Stalin var vel ikkje nokon genial hærførar,
men eg har ganske stor respekt for at han og hans "kommunistar"
greidde å flytta våpensmia bakom Ural, slik
at dei til slutt makta å nedkjempa Hitler og hans regime.
Russarane miste tre gonger så mange menneske berre i byen
Leningrad (no St. Petersburg) som USA mistet på alle frontar
og alle verdshav i den andre verdskrigen. Utan dei russiske kommunistane
sin innsats, er det ikkje
umogeleg at me hadde vore ein del av eit nazistisk Tyskland i
dag. Det minkar ikkje skulda for brotsverka Stalin og hans folk
gjorde, men kanskje me likevel skuldar han ei viss takk for innsatsen.
Dermed er det slutt på forsvaret, om ein kan kalla det
det. No vil eg gå over til angrep. Har alle norske mccarthy'ar
orsaka seg fordi dei støtta opp under USAs utryddingskrig
i Vietnam? Tre-fire millionar drepne og tusen på tusen av
misdanna barn etter kjemikalie- og napalmkrigen, blir vel ikkje
så mykje samanlikna med det despotane i aust og vest laga
til, men likevel? Har våre heksejegarar lagt seg på
kne og bede om orsaking for at vår største allierte
konsekvent har støtta korrupte og diktatoriske terrorregime
rundt i verda etter andre verdskrigen? Med invasjonar i det eine
mellomamerikanske landet etter det andre. Har dei kritisert norske
styresmakter som slavisk har rævedilta etter denne verdas
politimann? Har dei protestert mot at den som var ansvarleg for
bombinga av Dresden (over 100.000 sivile drepne, ingen soldatar
eller fabrikkar) ikkje blei tiltalt og straffa i Nürnberg?
Blokaden og utsveltinga av Cuba? Uranbomber i Serbia og Irak?
Atombombene over Hiroshima og Nagasaki, der stort sett berre sivile
blei drepne? Støtte til fascistregimet til Franco i Spania?
Lista kan gjerast mykje lengre, men eg skal avstå. No over
til det neste.
Vi veit at det no døyr om lag 30.000 barn kvar dag rundt
på jorda av svolt og sjukdommar som følgjer av svolt.
Korleis kan våre søkkrike samfunn tillata noko slikt?
Kvar gong vi må laga nytt hol til buksereima vår for
å få plass til mageflesket, finst det mødre
som må leggja døde barn frå seg. Kvar gong
vi gjer politiske vedtak som tillet vidare overflod og større
fallskjermar, er vi indirekte årsak til at andre menneske
må døy. Det er lett å kritisera den manifeste
vald, slik Pol
Pot og Stalin stod for. Men den strukturelle valden som me alle
er ansvarlege for og som har drepe langt fleire menneske enn nokon
kommunistisk eller demokratisk despot har greidd til denne tid,
den er det vanskeleg å vekkja motstand mot.
Ein vis mann sa ein gong: La den som er rein, kasta den første stein. Eg ventar på orsakinga, Helge Ole Bergesen og Gerhard Helskog i TV2. Måtte julebordet smaka dykk bittert!
Kolbjørn Hauge
Stavanger
Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside