I november 2000 hadde TV2 i programmet Rikets tilstand harde angrep på AKP (og tidligere medlemmer i partiet) på bakgrunn av partiets syn på forholda i Sovjet, Kina og Kampuchea. På disse sidene gjengir AKP en del innlegg i debatten som fulgte.
Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside
Det nye, kommersielle oppgjeret med stalinismen-maoismen (s-m), viser på ein forbløffande måte fram mange av dei typiske kjenneteikna ved stalinismen. Det er ikkje tilfeldig.
Mediaturet er oppheving av demokratiet ved ein virtualisering av politikken. Politikken blir ein medierøyndom på sida av den sosiale røyndomen, utafor klasseforholda, inne i TVen. Gjennom virtualiseringa går politikken føre seg i ei teknologisk-platonsk idéverd utafor den empiriske, materielle verda. Når TVen blir slått av, sluknar politikken tilsynelatande.
Motoren i dette kommersielle mediet er den evige og universelle profittmaksimeringa. Politikk må derfor bli underhaldning, tilgang til marknaden for flest mogleg, eller rettare: tilgang for marknaden til flest mogleg. Formidlinga av politikken gjennom media blir slik underlagd marknadsmekanismane, reklamemarknaden, sponsoravtalane.
Media krev at (s-m) skal øve offentleg sjølvkritikk for sine politiske ungdomssynder.
Kravet om offentleggjeringa av sjølvkritikken er i utgangspunktet ei politisering av den kristne syndsvedkjenninga og kan hos oss berre tenkast mot ein kristen bakgrunn. Særleg i dei kristne sektene, med sin religiøse, kollektive subjektivisme, tar syndsvedkjenninga form av offentleg vitning framfor resten av trusbrørne og -systrene. Slik skjer det ei omvending. Syndene blir transformerte til dygder som stadfestar sekt-kollektivet sin identitet. Berre den som syndar, kan frelsast. (Den syndfrie er fortapt. Han finst ikkje.) Men dei syndene som ein kan vedkjenne seg, blir valde ut og sensurerte i høve til den identitesskapande funksjonen dei vil ha. Slik er dei bearbeidd av kollektivet alt før dei kjem over syndaren sine lepper.
I dei tunge, institusjonelle kyrkjene derimot, som har etablert seg som maktinstitusjonar overfor alle samfunnsklasser, går syndsvedkjenninga føre seg i løynd, eller i trumål andsynes den religiøse kyrkjemakta i skriftestolen. Dei sosiale motsetnadene er for store til at dei same syndene kan vere felleseige for alle, sjølv om alle trur på den same guden i same trusvedkjenninga. Syndene til medlemmene av elitane kan ikkje like enkelt eksponerast for ålmenta utan at det ville skiple hegemoniet både innetter i elitane og mellom denne og folk flest. På den andre sida var det fortrulege vitnemålet eit effektivt medel for kyrkjemakta til å få informasjonar om det sivile samfunnet og dermed til å hevde si makt i allianse med den eine eller andre fraksjonen av overklassane. Den katolske kyrkja sin allianse med Franco-regimet i Spania er eit ikkje alt for fjernt døme på dette. (I Polen derimot fungerte denne mekanismen andre vegen frå folket mot regimet sitt nomenklatur, noko som styrka kykja si makt ytterlegare for ei stund fordi kykrja her konkurrerte mot regimet om makta.)
Stalinismen sine utreinskningsprosessar var også offentlege. Utreinskningane traff først og fremst viktige medlemmer av partiet, den indre "kyrkjelyden", nomenklaturet folk som alt hadde ein indre fellesskap i botn. Offentleg vedkjenning av "synd" vart akseptert av syndaren når dette var det siste halmstrået for å halde seg ved livet, eller var nødvendig for framtidig karriere. Samstundes vart syndsvedkjenninga forventa av den politiske kyrkjelyden. Dermed konstituerte den seg som eit rituale som stadfesta kollektivet sitt herredøme over individet. Som vi veit fekk Stalin si første og einaste formelle utdanning på ein presteskole. Seinare vart han forvaltar av Nåden i Partiet om enn ikkje utan risiko.
Medias krav om underkasting i offentleg åsyn som i dag
tar seg opp att, har likskap med dette, men òg sin eigen
logikk.
Kravet om openheit er ikkje noko anna enn makta sitt krav om at
den som er avhengig av makta, avsverjer seg opposisjon og slik
stadfestar offentleg makta på nytt. Men dette skuldast ikkje
lenger ein uttenkt politisk-teologisk strategi. Kravet om openheit
ligg innbakt i sjølve mediet: Kravet blir sett fram av
og i det mest kraftfulle av alle medier, TV, som til og med er
kommersielt. Mediet er i seg sjølv ope, tilgjengeleg for
alle med eit tastetrykk heime i stova, også når det
løyner eller tildekker si eiga makt. Det er ikkje ein gong
nødvendig å formulere sjølve kravet. Kravet
fungerar taust gjennom i mediet sin offentlege karakter.
Moskvaprosessane i siste del av 1930-åra, der gamle kommunistar vart stilte for open rett, klaga for forræderi eller for planar om dette, hadde ofte eit innslag der den tiltalte vedkjente seg si skuld, sjølv om han var uskuldig, av omsyn til ein høgare orden, Partiet sin einskap eit omsyn som den tiltalte sjølv kunne seie seg samd i, sjølv om han var uskuldig. Nikolai Bukharin, ein gong "partiet sin yndling" (Lenin), vart det mest kjente offeret for denne logikken og den som forstod han betre enn nokon andre, slik dei no offentleggjorte utskriftene av prosessen mot han syner. Bukharin kan på eit "objektivt" grunnlag gå med på erkjenne seg "skuldig", sjølv om han veit at han er personleg uskuldig. Han erkjenner ironisk at opposisjon mot Stalin kunne ha skadlege følgjer for Partiet som kollektiv og for Sovjetunionen, sjølv om det ikkje vart prova at han stod for ein slik ("trotskistisk") opposisjon. Han var villig til å gjere dette offeret å ta på seg "objektiv" skuld, under føresetnad av at Stalin og andre, tidlegare nære kampfeller kunne innrømme overfor han at han var personleg uskuldig. Men han fekk sjølvsagt aldri nokon slik vedgåing, då det ville vere ei open erkjenning av at prosessen var eit spel og slik undergrave han. For skuld er primært eit subjektivt forhold.
Det avgjerande var ikkje dei tiltalte si "faktiske" skuld, men at dei kunne vere mogleg skuldige ved at dei bar på tankar, som, dersom dei fekk spreie seg, ikkje berre kunne verke oppløysande og demoraliserande på moralen og einskapen, men som til og med kunne gi støtet til open motstand dersom vilkåra elles låg til rette for det. Ein hadde ikkje garantiar for noko som helst.
Den opne karakteren til desse prosessane skulle sikre at andre tok lærdom av dei slik at Stalin og Partiet sin leiarskap samstundes symboliserte og uttrykte einskapen i folket mot fienden, anten han kom innanfrå eller utanfrå. Bukharin forstod denne logikken betre enn anklagarane sine. Dei vart tvert om riven med i si eiga oppøsing mot "klassefienden". Men det er makta som rår det fanst ingen annan utveg for Bukharin enn å ironisk konstatere dei "objektive" samanhengane utan å innrømme personleg skuld, før han vart avretta.
Oppgjeret med (s-m) i dagens kommersielle skodeprosess på skjermen føreset på liknande vis ikkje at dei tiltalte faktisk har gjort seg skuldige i politiske brotsverk, det kan Overvakingspolitet bekrefte, men at dei kan hende enno har sympatiar med nokon som har gjort slike brotsverk (Stalin, Pol Pot osb.). Overvakingspolitiet har faktisk reinsvaska (s-m) for all mistanke om brotsverk mot den norske stat. Men det forhold at denne sympatien var grunna i ei ein kombinasjon av subjektiv ukunne om dei faktiske mishandlingane til desse despotane og politisk fanatisme i Norge anno ca. 197080, fritar gjenlevande (s-m) sjølvsagt ikkje for moralsk ansvar. Den som framleis ikkje vil, eller kan, erkjenne den allment tilgjengelege dokumentasjonen om dei politiske brotsverka som ein knyttar til Pol Pot etc, er ikkje særleg tillitsvekkande. Men det er i seg sjølv inga kriminell handling å mangle politisk tillit fordi om ein ber på usympatiske sympatiar. Ein er framleis brukande i samfunnet t.d. som dyktig leksikonredaktør inntil ei uforsiktig handling, ein høgst uklar atikkel under oppslagsordet "Pol Pot" i Caplex, røper ein siste rest av fanatismen sitt herredøme over evna til erkjenning.
Dei nye, opne medieprosessane føreset på same vis som i stalinismen, eit tilsynelatande absolutt skilje mellom den tiltalte på den eine sida og anklagaren og dommaren på den andre. I røynda var det omvendt: Dei to partane hadde ein djup fellesskap dei var ikkje berre medlemmer av same parti, i ein del tilfelle hadde dei vore med saman heilt frå byrjinga i 1917 og endå tidlegare, slik som Nikolai Bukharin, den tiltalte, og Josef Stalin sjølv, den reelle anklagar og dommar. Dei var dei priviligerte medlemmene, nomenklaturet. Det var denne underliggande felleskapen som gjorde Moskva-prosessane "meiningsfulle" og "nødvendige".
Fellesskapen mellom den nye, mediale påtalemakta og (s-m) er mellom anna at dei har eit felles opphav i dei syndene som (s-m) no blir klaga for nemleg å ha støtta massemordarregimet til Pol Pot i Kambodsja i 1970- og 80-åra, på ulike premissar og ulike tidspunkt. Ikkje slik å forstå at TV2, som ikkje eksisterte i Pol Pot-tida, på noko vis kan mistenkast for å ha Pol Pot-sympatiar. Saka er at TV2 i år 2000 og dei andre store media tilhøyrer den same sida i kampen om samfunnsmakta i dag som for 20 år sidan. No står dei dessutan sterkare enn nokon gong, ikkje minst takka vere fenomen som TV2.
Då Pol Pot-regimet sine handlingar vart kjent over heile kloden, støtta dei norske samfunnsbevarande kreftene Pol Pot i konflikten med Vietnam og hevda Pol Pot sin rett til å representere Kambodsja i FN framfor det regimet som vart innsett med Vietnam sin invasjon i 1979. Dette teier dei kritiske juornalistane i TV2 om. For det var Vietnam som i røynda tok knekken på massemordaren og rørsla hans, Raude Khmer, slik dei tidlegare hadde jaga vekk massemordarar frå Vietnam. Det er dei same kreftene i Norge som i 1999/2000 stør Nato si krigføring mot Jugoslavia, som tiljublar integreringa i den globale marknadsmakta, moderniseringa (avviklinga) av velferdsstaten og som stør Israels statsterrorisme mot palestinarane ved ikkje ein gong å fordøme denne terrorismen i FN eller i media. I forhold til desse prosessane opptrer dei frie TV-stasjonane som politiske, sjølvkastrerte evnukkar. (S-m) sine sympatiar med Pol Pot etc. er for inkje å rekne vurdert etter ein realpolitisk målestokk.
(S-m) si ulukke var at dei på signal frå Peking støtta med iver Raude Khmer alt før dei visste noko om kva dette regimet eigenleg stod for. Ein visste at Raude Khmer først var ein del av motstandsfronten mot USA sin marionett, Lon Nol, i Phnom Penh under krigen mot Vietnam. Pol Pot var samstundes Kina sin hest i dette stormaktsspelet ei motvekt til vietnamesisk dominans i området etter at USA kom til å trekke seg ut. Følgjeleg var han dei norske kinesarene sin mann i hegemoni-spelet på norsk venstreside. Då kunnskap om redslene under Pol Pot etter kvart seig inn, hadde (s-m) gjort så store investeringar i forsvaret av han, at ein erkjenningsretrett var umogleg utan kløyving og død. Mao hadde sjølv alt vore dau i ei tid. Forvirringa i det internasjonale (s-m) over utviklinga i Kina etter at Den store Rormannen var borte, førte til oppløysing av "rørsla" over alt unntatt i Norge, som visst nok hadde den sterkaste (s-m) i heile verda utanfor Albania og Kina på slutten av 70-talet!
Årsaka til denne relative styrken til den norske (s-m) kan berre forklarast ut frå dei politiske styrke- og allianseforholda i det norske samfunnet på 70-talet.
I den grad det førekom noko verkeleg politisk trugsmål
mot elitane i Norge på 70-talet, kom ikkje dette frå
(s-m), men frå breie krefter til venstre for Arbeidarpartiet
gjennom folkeavstemninga om EEC i 1972 og dei første åra
etterpå, mellom anna gjennom SV. Då måtte AP
føre ein verkeleg oppdemmingspolitikk mot venstrekreftene
ved å gi etter for ei rekkje viktige krav, arbeidsmiljølova,
sjukelønnsordninga, ein ny landbrukspolitikk, styrking
av offentleg sektor og velferdsstaten. Då utfordringa frå
venstre var over i 1978 og SV sett på plass, byrja AP sin
nye, dynamiske marknadspolitikk med liberalisering av kredittforholda
og ein meir sjølvsikker, langsiktig EF-(EU-)tilpassing.
Parallelt med dette hadde AP og dei borgarlege same oppfatninga
av kva som gjekk føre seg i Indokina til tross for kunnskapen
om massemorda: Pol Pot var, i tråd med amerikansk og kinesisk
utanrikspolitikk, Kambodsjas legitime representant i FN for å
demme opp mot alliansen mellom Moskva og Vietnam. I den overordna
utanrikspolitikken var (s-m) med sin fanatiske anti-sovjetisme
alliert med dei kreftene som alltid måtte bekjempe det kommunistiske
spøkelset, så lenge det fanst.
Skodeprosessane mot (s-m) i år 2000 er desto meir avsporande i forhold til dei verkelege, utanrikspolitiske motsetningane ettersom (s-m) si rolle i dagens norske politikk er omtrent null. For å sleppe å diskutere Israel versus palestinarane, skal vi i dag diskutere (s-m) sit forhold til Pol Pot, det òg ein død hund.
Dessutan: I oppgjeret med dei breie venstrekreftene i 70-åra hadde AP og dei borgarlege ein nyttig alliert i (s-m) som i mellomtida hadde konstituert seg som politisk parti, AKP(m-l). Men eitkvart politisk opplyst, maktorientert menneske og dei fanst det ein del av i AP og dei borgarlege partia i denne tida visste, takka vere Overvakingspolitiet, betre enn dei fleste at (s-m) var ei politisk sekt utan rell massebasis, utan verkeleg politisk makt. (S-m) si politiske makt var virtuell. (S-m) var som skapt for den nye mediesituasjonen som voks fram på 70-talet med TV og tabloid-pressa. (S-m) var samstundes eit fenomen skapt av denne mediale situasjonen: Utan framvisinga av desse underlege politiske aktivistane med deira eksotiske framferd i Oslo sine gater, i det eine politiske karnevalstoget etter det andre, med eller utan plastposer trekt ned over hovuda for ikkje å bli identifiserte av Overvakingspolitiet eller av andre representantar for klassefienden, ville dei ikkje kunne eksistere i folks medvit.
På den andre sida var behovet for å forstå seg sjølv som farlege for det beståande samfunnet utan tvil eit idenitetsskapande trekk ved (s-m). (S-m) var heilt avhengig av å forstå seg sjølv som eit hemmeleg trugsmål mot Makta. (S-m) var inga verkeleg politisk bevegelse, men "en vekkelse som har hjemsøkt vårt land", som vekkinga sin fremste diktar, Dag Solstad alias Gymnaslærer Pedersen, sjølv forstod, diverre først etter at vekkinga var over.
At vi her ikkje hadde med ei verkeleg politisk rørsle med sine eigen objektive lover å gjere, kjem klart til uttrykk gjennom den store motsetnaden det var mellom "rørsla" sin offisielle retorikk og praksis. Det sentrale kravet om væpna revolusjon, som skilte "rørsla" frå alle andre, var ikkje realitet, men tom retorikk og slik sett eit virtuelt fenomen alt i utgangspunktet. Det beståande samfunn kan trenge ein fiende om han no finst eller ikkje. Og ein virtuell fiende er alltid betre enn ein reell, sidan han ikkje kan vere eit verkeleg trugsmål.
Men ein kvar som kjente til "rørsla" frå det miljøet ho opererte i, visste at dette var ord og berre ord til intern bruk i nettopp dette miljøet. Trass i parolen om folkevæpning gjorde (s-m) aldri organisatoriske førebuingar til slik væpning, ikkje ei einaste våpentrening organiserte dei. Det òg kan Overvakingspolitiet stadsfeste.
Men i motsetnad til Overvakingspolitiet opererte (s-m) heilt legalt dei hadde berre forelska seg i førestellinga om at dei var eit ulovleg trugsmål og sytte derfor for å opptre som om dei gjorde noko ulovleg i forhold til klassestaten sin rettsorden: Organisajonen måtte følgeleg vere hemmeleg ein forskrudd dialektikk. Politisk sado-masochisme, s-m i andre potens med andre ord. Men i eit land med organisasjons- og talefridom er hemmelege organisasjonar som ikkje gjer noko ulovleg, sjølvsagt ikkje ulovlege.
Heilt paralellt til dette var det viktig for dei maktbevisste strategane i den politiske eliten og i media å late som om (s-m) kunne drive med våpentrening, late som om dei hadde med ein verkeleg politisk fare å gjere ved å late dei bli overvaka utan skjellig grunn til mistanke. På dette viset gjorde medie- og makteliten sitt til at "rørsla" i kombinasjon med sin eigen høglydte retorikk vart skapt som eit virtuelt fenomen, ved hjelp av ulovleg overvaking i kombinasjon med tilsynekomsten på TV-skjermen. (S-m) var det første verkeleg virtuelle, politiske fenomen i Norge, og gjorde sitt til virtualiseringa av politikken. Slik sett var det som skapt for politiske skode-prosessar i media, eit politisk pilotprosjekt under mediaturet. TV2 har, til liks med (s-m), mykje å takke Overvakingspolitet for!
Moskvaprosessane i 1930-åra var aldri meint som underhaldning eller butikk, men som etikk, oppseding gjennom skræmsle. Medieprosessane 2000 er derimot fram for alt underhaldning og butikk for TV2, ei avpolitisering av politikken. Mediotiet er mediaturet sin hersketeknikk. Ved å gjere underhaldning av (s-m)-spøkelset sitt forhold til det oppløyste Pol Pot-regimet enno ein gong, slepp TV2 å finne fram til norske politikarar som kan gjereast medansvarlege for at Israel dagstøtt statsterroriserar palestinarane.
Under det politiske diktaturet kan den politiske makta identifiserast. Alle undertrykte veit kor makta er å finne. Dei har ein diktator å halde seg til. Sjølv det hemmelege politiet kunne overvaka sovjetborgarar stundom ha eit ope forhold til. Overvakinga var openberr. Under slike forhold er dei undertrykte på sett og vis meir frigjorde enn under marknadsmakta fordi dei veit kven undertrykkarane er og kor dei er. Under mediaturet veit ingen det. Det finst ingen mediator. Marknadsmekanismane ordnar disiplineringa. Store mogular eig rett nok media, men produserer ikkje programma eller skriv artiklane. Så lenge marknadsmakta og profitten er stor nok, får media vere frie og produsere kva dei vil. Makta er anonymisert, magisk, fetisjisert. Det å ikkje vite kor makta er og korleis ho blir formidla, er ein integrert tilsløringsmekanisme i sjølve systemet og gir det ein evigvarande karakter, historias sluttpunkt, utan alternativ til seg sjølv etter Sovjetunionen sitt forsvinningsnummer.
Likevel i dag, 25 år etter (s-m) si stordomstid, verkar den siste medieprosessen som eit siste, kunstig andedrag. Vi har å gjere med ein politisk død hund som TV2 sin historielause stjernereportar har ei pervers glede av å sparke i.
Men også her er det likskap mellom offer og bøddel. TV2 sin politiske nekrofili har sitt motstykke i (s-m) si dyrking av den avdøde Josef Stalin. Men mange tidlegare (s-m) lever no meir eller mindre veltilpassa i AP, i media, forlagshusa eller ved universiteta. Eller dei har, som ein utilsikta verkand av proletariseringskampanjen frå midten av 1970-åra, møtt arbeiderklasse-røyndomen og gjer gode jobbar som tillitsvalde i fagrørsla, som einkvar annan klassemedveten venstre-sosialdemokrat. På toppen av det heile framstår denne politiske nekrofilien som "kritisk journalistikk". Den politiske idiotien er total.
Den største nytten den politiske eliten hadde av (s-m), var likevel det plunder og heft som denne vekkinga kunne gjere for venstrerørsla, særleg i dei sosiale miljøa som var felles for (s-m) og venstrekreftene ved universiteta og høgskolane. Anten vi ville det eller ikkje: Vi var nøydde til å forhalde oss til (s-m) i studentersamfunna, i elev- og studentrørsla (som faktisk var ei verkeleg rørsle), og ikkje minst i kampen mot norsk medlemskap i EEC. På dette viset måtte venstrerørsla bruke mykje tid og krefter på å halde (s-m) frå livet i staden for å konsentrere kreftene om andre, viktigare oppgåver. Og det passte establishment godt.
I følgje forfattarane av Det kommunistiske manifest (1848) er ein kommunisme som ikkje uttrykkjer ei verkeleg rørsle, ingen kommunisme, men ein utopi. (S-m) var ein slik utopi, der det uopiske ved ho vart aksentuert gjennom sjølve medieformidlinga, virtualiseringa. På dette viset framstod den nye kommunismen som noko eksotisk, framand, noko dei har i Kina, i Albania, noko ein finn ein heilt annan stad, i ei heilt anna tid som enno ikkje er komen, eller i (s-m) som lysande sti.
Slik er det eit samsvar mellom (s-m) si sjølvforståing og dei nye TV-kritikarane si forståing av dei at vi her verkeleg har med kommunisme å gjere. Kommunisme-begrepet blir ikkje problematisert i det heile, men blir tatt for god, eksotisk fisk som eigenleg ikkje vedkjem oss, som ikkje har noko med kapitalisme å gjere. På dette viset blir begrepet brote ned slik at det ikkje lenger er brukande i offentlege debattar. Her hadde (s-m) ein viktig, ufrivillig anti-kommunistisk funksjon i kampen om ideologisk hegemoni. TV 2 sin kritiske underhaldningsjournalistikk er ein siste (?) freistnad på å dra nytte av ein anti-kommunistisk allianse ved å framstille den allierte som ein fiende.
Som alt nemnd er dei aller fleste (s-m) no henta inn av den sosiale røyndomen der dei freistar gjere suksess så godt dei kan. Dei har til liks med dei fleste andre nok med å overleve godt i kvardagen. Som dei heiderlege og velmeinande menneske dei kvar for seg alltid har vore, lever dei vidare og vil helst vere i fred, enno mange med hjarta på venstre side ein stad.
Men sjølvsagt det finst framleis ein og annan (s-m) som skriv obskure og ukloke artiklar om Pol Pot i solide borgarlege leksika. Det kan korrigerast ved neste opplag, slik også i dette tilfellet. Det er pinleg for forfattaren, sjølve leksikonredaktøren, men det er alt.
Den kommunistiske tanke byggjer på ein kritikk av dei mekanismane som skjuler den faktiske utbyttinga og undertrykkinga som går føre seg. Tanken om eit samfunn utan klassar, undertrykking og utbytting vil liksom aldri heilt sleppe taket sjølv om klassane offisielt er avskaffa.
Tanken om at kapitalismen kan vere eit tusenårsrike føreset derimot at alle rørsler som kan truge den kapitalistiske orden, kan undertrykkast ved å mystifisere maktforholda like lenge. Ein kan til dømes skape profittabel underhaldning i form av kritisk journalistikk retta mot uverklege politiske trugsmål.
Førestellinga om kapitalismen som eit evig fenomen, står i dag sterkare enn nokon gong. Den er blitt klasselaus. Kapitalismen er den einaste tillatte -ismen. I eit klasselaust samfunn er politiske diskusjonar dessutan overflødige. Kapitalismen treng difor ikkje diskuterast, aller minst i dei store media.
Det vi ikkje snakkar om, teier vi dess meir om.
På symposiet om Kjartan Fløgstad si dikting i
Bergen i byrjinga av november i år, avslutta forfattaren
sjølv symposiet med å hevde at "kravet om antikommunisme
er i dag meir totalitært enn kva kravet om kommunisme nokon
gong har vore".
Ein kvar som for alvor vil tenke ein alternativ politisk tanke
utanfor den evige orden, risikerer å bli ein kommunist
i det minste i teorien anten ho sjølv er klar over
det eller ikkje. Det er tryggast å teie.
Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside