Appell i Tromsø 13. april 2002

Støtt palestinarane
sin frigjeringskamp
- boikott Israel!

ved Torgeir Engstad

Til Palestina-sida | Til AKP si heimeside

Anti-imperialistar, vener av palestinas folk!

Vi er vitne til blodige dagar i Midt-Austen. Brutaliteten til den israelske hæren har sjokkert oss alle. Jenin, Ramallah, Nablus, Tulkarm og Dura er navn som har brent seg fast i minnet - i hjarta våre. Vi skal aldri gløyme desse namna. 20 år etter massakren på 1.700 palestinerar i Sabra Shatilla har Sharon - slaktaren - vore i aksjon igjen. Vi har høyrt den same retorikken, sett den same bestialiteten, før.

Vi har problem med å setje ord på det som no blir avdekt. Jamvel okkupanthæren innrømmer at han har drepe fleire enn 100 palestinarar berre i Jenin, 900 seier palestinarane sjølve. USA har bygd opp krigsmaskinen Israel til ein av dei største i verda, til den mest avanserte når det gjeld teknologi. Nyleg fekk Israel overlevert nye avanserte kamphelikopter. Dei blir brukt mot flyktningeleirane, til å øydeleggje stadig nye kvartal. Dei blir òg brukt når staten Israel skal likvidere palestinske leiarar med laserstyrte rakettar. Israel har omlag 4.000 moderne tanks. Ein god del av denne krigsmaskinen er sett inn mot busetnadene på Vestbredden. Okkupanthæren har jevna mest mogleg av infrastrukturen med jorda. Tanks og bulldosarar har brøyta veg inn i den eine flyktningeleiren etter den andre. Vannforsyninga er systematisk øydelagt. Ramallah har vore utan vatn i nesten 3 veker! Fleire tusen palestinarar er truleg tekne til fange. Tortur av fangar høyrer til dagens orden! Dei knekker fingrar og tær på fangar for å tvinge fram informasjon. Vilkårlege avrettingar er rapportert, i tillegg til den daglege trakasseringa og audmjukinga.

Okkupanten har slege ein jarnring rundt flyktningeleirane med tanks og artilleri. Okkupanten har skote systematisk på ambulanse- og helsepersonell for å hindre dei i å ta hand om såra og døde. Nett som i Sabra Shatilla blir høgreekstreme likvidasjonsgrupper og snikskyttarar brukt i ly av den statlege terroren. Internasjonal presse og andre augevitne blir nekta å kome inn, medan palestinske journalistar blir likviderte eller fengsla! I dagane som kjem vil vi få sjå både krokodilletårar og ekte raseri.

Det er ikkje utan grunn at den portugisiske nobelprisvinnarn i litteratur, Jose Saramango, har samanlikna omringinga av dei palestinske flyktningeleirane med blokaden av Warzawa-ghettoen under den 2. verdskrigen.

Kva gjer den norske regjeringa?

Dei krev at Arafat må få slutt på valden og sjølvmordsaksjonan, medan dei gjentar det som Bush og Powell for lengst har sagt når det gjeld Israel. Den norske regjeringa har under heile Intifadaen konsekvent samanlikna dei okkuperte med okkupanten, har jamstilt steinkastande palestinsk ungdom - utan framtid, utan håp - med Israel sin hypermoderne krigsmaskin.

Johan Galtung har rett: Det norske utanriksdepartementet kunne ha klart seg med ein kopimaskin. Den norske regjeringa opptrer grenselaust servilt andsynes USA. Når FN krev at Israel skal trekkje seg ut av dei okkuperte områda, diltar Noreg etter USA, anten ved å stemme mot FN eller ved å stemme blankt, for ikkje å vekkje misnøye i Pentagon. Det er pinleg å høyre Bondevik, Petersen og Devold. Dei har aktivt gjort Noreg medansvarleg for det som no skjer. Både Camp David og Oslo-avtalen har i praksis oppmuntra Israel til å halde fram med okkupasjonen. Vi må ikkje gløyme at dei ulovlege busetnadene i dei okkuperte områda er dobla etter Oslo-avtalen!

Den israelske historikaren Shlomo Ben-Ami har sagt at Oslo-avtalen er bygd på nykolonialistisk tenking, kor den eine parten er avhengig av den andre - for alltid. Men det var før han gjekk inn i Barak si regjering, og blei sjefsforhandlar i Camp David. Ehud Barak - fredselskaren til Clinton - krevde full israelsk kontroll over dei sjølvstyrte områda, delt opp som eit lappeteppe. Barak var mannen som fekk fart på den ulovlege busetjinga. Tingingane i Camp David var ein einaste stor provokasjon!

Gløym ikkje at USA har gjeve og gjev Israel full ryggdekking. Det gjeld denne aksjonen òg, "defense wall", - sjølv om Sharon kanskje har gått lenger no enn Bush liker. Slikt kan skape problem når Bush skal starte krigen mot eit anna utarma folk, eit folk som tel 22 millionar!

I Noreg samlar dei frie kyrkjelydane inn pengar til nye busetnader i dei okkuperte områda. "Hjelp jødene hjem" har Kåre Kristiansen, Anne-Marie Gravdahl og Melchior som frontfigurar, og blir stødd av Frikyrkja, pinsevenane, metodistane, baptistane m.fl

Kva er motivet bak fordrivinga av det palestinske folket? Vi kan ikkje forklare dette med ein krigsforbrytar - sjølv ikkje slaktaren frå Sabra-Shatilla! Kvifor knuser israelerane all infrastruktur i dei sjølvstyrte områda? Svaret er like enkelt som grufullt. Palestinrane skal vekk! Dei skal ut av Vestbredden, ut av Gaza, ut av dei siste 22% av det som ein gong var Palestina. Vestbredden og Gaza høyrer til "det forjettede landet" - Stor-Israel. Det lova landet - til Gud sitt eige folk!! Dette er draumen til Sharon - den strategiske planen. Han har diverre mange med seg!

Det er nedstemmande at Sharon, som i fleire år etter massakren i Sabra Shatilla var ein såkalla ikkje-person, no har økt oppslutning frå 45 til 62% på ei ny meiningsmåling som er gjort av den største avisa i Israel, -Yediot Ahronoth. Det er like nedstemmande å lese at 40% av det israelske foket vil deportere det arabiske folket i Israel. 33% vil drive Arafat i eksil, medan 13% vil drepe han! Ein tidlegare fallskjermsoldat i Israel - Israel Shamir - hevdar at det israelske folket er hjernevaska til å tru at dei er overlegne, opphøgde, utvalde av Gud, som òg har gjeve dei retten til å styre. Sålangt Shamir!

Samstundes er det viktig å framheve at det finst ein opposisjon innad i Israel, ein liten, men modig opposisjon som òg blir trakassert, men som vonleg vil vakse og konsolidere seg! I USA skal det no vere eit fleirtal i folket som er mot dei israelske aksjonane! Eg vil tru at den politiske framtida til Sharon er mørk. Til det har han allereie blitt ei for stor belasting for Bush, ein Bush som treng ryggdekking i den planlagte krigen mot Irak!

Tru ikkje at palestinarane får det betre under ein Peres, ein Netanyau eller ein Barak. Viss Sharon skulle bli tvungen til ein taktisk retrett no - så er ikkje marerittet over - okkupasjonen vil fortsetje med USA som garantist. Det er kun ei løysing på dette: Full tilbaketrekking frå den okkuperte Vestbredden og Gaza, frå det annekterte Øst-Jerusalem og Golan! Deretter tingingar om sluttstatus! Disse krava har støtte og symapti – over heile verda ! Det er på høg tid at Noreg sluttar seg til disse krava! Presset på Israel og USA må auke mangedobbelt.

Kva gjer vi no?

Palestinarane har ingen andre vener enn alle dei anti-imperialistane og fredsaktivistane verda over som er med på å presse sine eigne regjeringar til å opptre anstendig. Meld deg inn i Palestina-komiteen - no! Gje økonomisk støtte til helseteamarbeidet! Spre kampanja Boikott Israel - så aktivt du berre kan! Om 2½ veke er det 1. mai. Start mobiliseringa no til det som må bli den største seksjonen som denne byen nokon gong har sett. Snakk med kollegaer, vener og kjentfolk!

Støtt palestinarane! Boikott Israel!!