Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Høgrenasjonale i sentrum
av norsk politikk

av Gudrun Kløve Juuhl

Rødt! nr 3, 2005

Gudrun Kløve Juuhl, 26 år, frå Indre Arna, masterstudent i nordisk litteratur.
Redaktør i Mål og Makt, tidsskrift utgjeve av Studentmållaget i Oslo.


I desse dagar vert me utsette for ymse innstrammingar i einskildmenneske sin fridom grunngjeve med krigen mot terror. Ein måte politikarane freistar å legitimera dette på, er ved å syna det beste for landet og innbyggjarane: Dei prøver å mobilisera den nasjonale samkjensla for å godta innstrammingar i demokratiet, i namnet åt landet eller dei felles interessene våre.

I denne teksten vil eg syna døme på dette og leita etter nye omgrep som kan vera tenlege for å gripa det som skjer. Eg meiner til dømes at den nasjonale retorikken me no ser frå folk i Høgre og Arbeidarpartiet, ikkje kan skjønast med omgrep som tysk og fransk nasjonalisme, som har vore oppe i nasjonalismeordskiftet i Klassekampen nyleg.

Solberg strammar grepet

Eit døme på desse innstrammingane er Erna Solberg si framferd i Mulla Krekar-saka. Då Erna Solberg vitna i retten for at Mulla Krekar skal utvisast, argumenterte ho i fylgje Bergens Tidende slik:

"Solberg avslutta med ein appell om at retten og andre må stole på henne utan å få innsyn i dei hemmelegstempla opplysningane. I visse saker som gjeld rikets tryggleik, må ein fråvike reglane i norsk rett om å fylgje det kontradiktoriske prinsippet: at den som blir anklaga får høve til innsyn og rett til å imøtegå skuldingane som blir retta mot han, hevda ho."

Med dette seier Solberg at me må godta innskrenkingar i rettsvernet og fridomen til einskildpersonar av omsyn til landets interesser. Både folket og retten vert òg bedne om å godta dette utan å få tilgjenge til informasjon om saka, me vert rett og slett bedne om å lita på Solberg når ho seier at det er i våre interesser å leggja til sides rettstatsprinsippa. Når politikarane, i fredstid, brukar "det nasjonale" som grunngjeving for innstrammingar i demokratiet, skal me vera på vakt.

Utspelet til Erna Solberg om å innføra truskapseid til Noreg for nye statsborgarar av di "det skal bli mer stas å være norsk", må òg sjåast i samanheng med dette. Bodskapen vert då at det skal å verta meir stas å vera norsk, men borgarane skal få mindre å seia.

Ordskiftet om sameflagget på 17. mai i Oslo i år syner ein liknande tendens. Oslo kommune sende ut brev til skulane om å berre bruka norske flagg på 17. mai, og ville ikkje bruka samiske flagg på kommunale flaggstenger. Det var då Rune Gerhardsen kom med utsegna om at Noreg "ikke er ett folk med to flagg, men ett folk med ett flagg". Høgre sin gruppeleiar i bystyret, Bård Folke Fredriksen, sa at det er "unaturlig å markere forskjeller på en dag som Grunnlovsdagen", og at me må samla oss om flagget. Her vert det freista stramma inn på fridomen og mangfaldet folket skal ha på folket i Noreg sin eigen dag - 17. mai.

Den høgrenasjonale toposen

Denne bestemte måten å snakka om det norske og den nasjonale fellesskapen på vil eg kalla "den høgrenasjonale toposen". Då må eg fyrst seia litt om omgrepet topos:

Topos er eit omgrep frå litteraturvitskapen. Ordet kjem frå gresk og tyder stad. Det er altso snakk om ein slags "stad" i språket eller litteraturen. Litteraturvitskapleg leksikon skildrar det slik:

"topos (gr. 'sted', plur. topoi), i den antikke retorikken stedet der taleren kunne hente argumenter for sin spesielle sak. [...] I litteraturvitenskapen har topos fått en utvidet betydning som betegnelse på klisjeer, vanlige tanke- og uttrykksformer, formler, velkjente motiver, sitater og andre gjenkjennbare grep."

Ein kan kalla toposar språklege allmenningar. Ein allmenning er ein stad som ingen eig og alle har rett til å gå på. Både ordtak, faste uttrykk og vanlege førestellingar og omgrep er toposar.

Eg vil hevda at Solberg, Gerhardsen og Folke Fredriksen tek i bruk ein høgrenasjonal topos. Med høgrenasjonal meiner eg ein politikk der styresmaktene legg vekt på nasjonal samling og lovpriser fedrelandet, samstundes med at det vert ført ein autoritær politikk og demokratiet vert innsnevra, gjerne med tilvising til "landets interesser". Patriot act-lovene i USA har vore haldne fram som døme på at dette skjer i USA. Dette er ein tendens som er mogleg å sjå også i Noreg, i deler av Høgre og Arbeidarpartiet.

Grunnen til at eg dreg inn topos-omgrepet i snakket om dei høgrenasjonale, er at nasjonen er ein topos eller eit omgrep det går an å knyta språkleg til ulike ideologiar og handlemåtar. I Noreg har det nasjonale tradisjonelt vore - og er det i all hovudsak enno - knytt til eit folkeleg demokratiseringsprosjekt gjennom unionsoppløysing, målsak, utbyggjing av skular over heile landet og EU-motstand.

Nasjonalt og norsk har i all hovudsak hatt ei heilt anna tyding enn det m.a. Solberg legg opp til, når ho brukar omgrepa. Førestellinga om "det nasjonale" i Noreg har hange saman med omgrep som folkestyre og sjølvråderett. På grunn av historia vår, der me har lege under andre statar, har det ikkje vore slik at statsleiinga har vore dei som representerer det norske/nasjonen, det er det folket som gjer. Dette kan me sjå av desse to enkle døma:

1. Då Hardangerbunaden vart populær kring 1900, gjekk han under namnet Nasjonalen. Det som var "nasjonalt" å ha på seg, var altso gamaldagse finklede frå bygda, ikkje uniform eller noko som statsleiinga kunne funne på å bera.

2. Ved at det i nasjonaldagsfeiringa fyrst og fremst er born og vaksne som går i tog i ulike bunader og andre drakter frå ulike landsdeler, er nasjonaldagsfeiringa heilt konkret ei feiring av folket og mangfaldet. Me har ikkje militærparadar på nasjonaldagen.

Når Solberg vil ha truskapseid for at det skal vera meir stas å vera norsk, og samstundes bryt ned ålmenne rettsprinsipp av omsyn til "rikets sikkerhet", er ho inne i ein heilt annan nasjonstopos. På den staden der Solberg snakkar frå, er det slik at "det norske" er noko som vert representert ved staten, og det er i innbyggjarane sine interesser å godta måten statsleiinga administrerer på.

Nasjonstoposen til Solberg minner om den sjølvgode amerikanske nasjonalismen me får høyra frå Bush, der det skal verta vanskelegare å koma inn og innbyggjarane må godta strengare kontroll av omsyn til fedrelandet.

Tysk og fransk nasjonalisme - lite dekkjande omgrep

I ordskifte om nasjonalisme vert nasjonalisme ofte delt inn i tysk og fransk, og den tyske vert "den reaksjonære" og den franske "den progressive". Med omgrepa høgrenasjonal og topos har eg freista finna eit omgrepsapparat som kan skildra stoda i Noreg nett no meir presist. Problemet med idealtypane tysk og fransk nasjonalisme er at den tyske vert sagt å handla om kultur, etnisitet og blodsband, medan den franske vert sagt å handla om stat og demokrati. Dersom ein, som Bjørgulv Braanen og fleire andre på venstresida, erklærer seg som tilhengjar av den franske og motstandar av den tyske, ser ein ikkje at den franske nasjonalismen ikkje berre handla om statsborgarlege rettar, men òg innebar ei knallhard språkleg og kulturell undertrykkjing innanfor grensene til den franske staten. Når det knapt finst baskarar og baskisk i Frankrike i dag, har det med den effektive franske statsnasjonalismen å gjera.

Dersom ein skal skjøna at nasjonen er ein fellesskap som folk kjenner tilhøyrsle til, og som kan definerast av andre enn staten, må ein sjå til andre førebilete enn "den franske nasjonalismen". Ein treng ein teori om nasjonalitet og nasjonalisme som kan seia noko om kultur, tradisjon og identitet, som den sokalla tyske har handla om. Dessutan er ikkje samanhengen statsborgarleg-demokratisk og identitetsorientert-totalitær verken eintydig eller nødvendig, slik ein kan få inntrykk av gjennom ordskiftet om fransk og tysk nasjonalisme i media.

Ser ein på nasjonalisme i nyare norsk soge, ser ein at hovudstraumen, den eg kallar den folkeleg-demokratiske, som har vore knytt til unionsmotstand og tradisjonell folkeleg kultur, har vore både identitetsorientert, statsborgarleg og demokratiserande. Dette kan illustrerast med det tette sambandet mellom norskdomsrørsla, unionskampen og kampen for kvinneleg røysterett. I tida fram mot 1905 brukte Noregs Ungdomslag slagordet "Ut or unionane" som synte til den politiske unionen med Sverige og den kulturelle med Danmark som gjekk ut på at me enno skreiv dansk i Noreg. Sambandet mellom unionsoppløysinga og kampen for kvinneleg røysterett er truleg kjend: at det vart samla inn 280.000 kvinnelege røyster for unionsoppløysinga på tre veker. Dette fungerte både for å syna at kvinnene støtta unionsoppløysinga og som ein aksjon for kvinneleg røysterett. På grunn av denne historia vår, trur eg det gjev meir innsikt å skilja mellom ein folkeleg-demokratisk nasjonal tradisjon og det eg no kallar ein høgrenasjonal, som fyrst og fremst har det kjenneteiknet at han er elitær og ikkje-demokratiserande.

Frametter

Eg meiner at me som ser på venstresida som eit framhald av den folkeleg-demokratiske nasjonale tradisjonen, må arbeida for at Solberg og co sin måte å snakka om nasjonen på, ikkje skal verta oppfatta som ein gyldig skildring av Noreg og det norske folket.

For å greia det, må me fyrst avdekkja at det er ein annan nasjonstopos, eller ei anna nasjonalitetsoppfatting som ligg til grunn når Solberg snakkar enn den tradisjonelle folkeleg-demokratiske.

Me oppnår ikkje å knusa den høgrenasjonale tendensen som Solberg er ein del av, ved å avvisa nasjonen eller den nasjonale fellesskapen. Me må heller insistera på at nasjonen er folket sin eigedom, og at det inneber at det nasjonale er det som gagnar folket og det folket vil. Det kan aldri vera å innskrenka dei demokratiske rettane.

Det som må gjerast, er å halda fram den folkeleg-demokratiske tradisjonen, og skapa breie initiativ som seier at innstrammingane i demokratiet ikkje skjer på vegner av eller tener folk i Noreg, men berre på vegner av dei som administrerer innstramminga og har bruk for eit lydig folk.