Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Sosialismen i Kina - hvor blei den av?

Endringane i Kina - verknader heime

Rødt! nr 2a, 2005

Dette er kapittel 3 i Rødt!s norske utgave av
Martin Hart-Landsberg og Paul Burkett: Sosialismen i Kina - hvor blei den av?


Ei ustabil økonomisk utvikling ||| Dei sosiale følgjene av økonomiske reformer ||| Skiljelinjene vert tydelegare ||| Motstand ||| Samanfatting


Mange progressive er einige i at Kina ikkje er eit sosialistisk land, men hevdar likevel at den kontrollerte endringsprosessen i landet har vore ein suksess. Han har skapt rask økonomisk vekst og aukande levestandard for det store fleirtalet av kinesarane. Men i røynda har marknadstilpassinga, privatiseringa og den aukande utanlandske innverknaden på økonomien skapt veksande spenningar og motseiingar. Desse har underminert den økonomiske stabiliteten og påført arbeidsfolk i Kina uakseptabelt høge kostnader.

Ei ustabil økonomisk utvikling

Dagens manglande stabilitet i Kina kan bli spora tilbake både til innebygde spenningar og motseiingar i kapitalistisk akkumulasjon allment - og til utgangspunktet for reformprosessen. Da Deng sjøsette marknadsreformprogrammet sitt, var det med utgangspunkt i ein økonomi forma av Mao sitt ønske om å sikre at dei fleste regionane vart sjølvberga produksjonsmessige nettverk. Det førte til at det nasjonalt var fleire av kvart slag produksjonsanlegg. Desentraliseringa til Deng gjorde at bedrifter og lokal administrasjon vart oppmuntra til å sette i verk investeringar og produksjon i forhold til marknaden. Ein gjekk ut frå at ein slik kunne overvinne "ineffektivitet" gjennom å fremje meir spesialisering, og dermed stimulere produktivitet og vekst. Arbeidet vart støtta opp av ein ny økonomisk politikk som oppmuntra bankane til "heller å gje renteberande lån til verksemder enn tilskot som ikkje ville bli betalt tilbake ... med sikte på å oppmuntre verksemdene til å bruke dei økonomiske ressursane sine meir effektivt". (1) Når alt kom til alt var det "ikkje noko formelt krav til bankane om å halde fram med å låne til tapsbringande verksemder". (2)

På bakgrunn av politiske eigeninteresser og korrupsjon førte dei nye politiske retningslinjene til at statsbankane meir eller mindre passivt tilpassa seg kredittetterspørselen frå statsverksemdene og dei lokale styresmaktene. Desse ivra etter å utvide eksisterande produksjon og/eller sette i verk ny i håp om å bli rike. På det viset skjedde investering og produksjon "innanfor eit system av 'mjuke budsjettvilkår'", der "etterspørselen frå verksemder (eller provinsar) eller tilgangen på investeringsmiddel frå bankane, ikkje alltid blei grundig vurdert med omsyn på risiko og effektivitet". (3) Bankane hadde hypotetisk makt "til å ikkje gi kreditt til tapsbringande verksemder og til å krevje restrukturering av dei", men denne vart "knapt nok brukt" i praksis. Dermed var konkurs "ikkje nokon alvorleg trussel for bedriftsleiarane". (4)

I staden for å skape ein meir spesialisert og effektiv økonomi, styrkte dette spelet berre den "doble næringsstrukturen gjennom å tillate kvar produksjonsgrein å halde fram med omfattande utviding av produksjonen både på sentralt og lokale nivå". (5) Eit eksempel: "I 1997 ville 22 av 30 provinsar ha eigen bilindustri. Til saman var 122 sluttmonteringslinjer i drift med ein samla årleg produksjon på berre 1,5 millionar kjøretøy. 80 % av anlegga produserte mindre enn 1.000 og berre 6 anlegg meir enn 50.000 kjøretøy i året." (6)

Statlege verksemder vart til og med gitt ekstra oppmuntring til å auke produksjonen og til "å gå i gang med aktivitetar ut over plan". Tilleggsfinansiering vart også skaffa til veges til lokale styresmakter for å fremje "samfunnsøkonomisk utvikling innanfor deira ansvarsområde". (7) Det kunne ikkje overraske at verksemder og forvaltingseiningar var snare med å dra fordel av desse subsidiane og den nye fridommen til å søke profitt. "Statlege verksemder var for ivrige etter å auke investeringane sine. Leiarar og arbeidarar kunne få høgare betaling viss prosjekta vart vellykka, og dei ville knappast tape noko om dei slo feil. Lokale styresmakter var gitt meir autonomi når det gjaldt å bruke sin del av skatteinntektene. Dei gjekk også inn for høg økonomisk vekst, og dei tvinga ofte statsbankane til å finansiere verksemder." (8)

Alle desse investeringane dreiv sjølvsagt opp økonomisk vekst. Men dei skapte også ein massiv tilleggsetterspørsel etter varer og tenester, noko som var inflasjonsdrivande og skapte økonomisk ustabilitet. Dette tvinga regjeringa til å bremse økonomien og slik stoppe første fasen av reformprosessen i 1981-83. Prosessen vart starta på nytt i form av ein andre fase i 1984. Men endå ein gong tvinga aukande inflasjon og økonomisk ustabilitet regjeringa til å snu, i 1988-90. Kort fortalt: "kredittmessig overekspansjon" hadde vorte "ein vedvarande tendens ... slik at pengepolitikken vingla frå grøft til grøft." (9) Det var ein generell tendens til stadig nyetablering av finansinstitusjonar og til å legge meir vekt på å auke forvaltningskapitalen, noko som medverka til dette problemet, av di "det mangla sentral kontroll med det stadig meir mangslungne og desentraliserte finanssystemet." (10)

Regjeringa sette i verk tredje fase av reformprosessen i 1991. Som tidlegare ekspanderte økonomien raskt med ein rekordvekst i bruttonasjonalproduktet på 14,2 prosent i 1992, 13,5 prosent i 1993 og 12,6 prosent i 1994 (sjå tabell 1). Men det planlause viset veksten skjedde på, dreiv på ny fram ein massiv inflasjon. Prisane på forbruksvarer auka etter offisielle tal til rekordhøge 14,7 prosent i 1993, 24,1 prosent i 1994 og 17,1 prosent i 1995 (sjå tabell 7).

Mens inflasjonsspiralen nådde nye høgder, leita regjeringa etter nye vegar for å gjenvinne kontrollen over fordelinga og bruken av ressursane. For å redusere straumen av middel til lokale styresmakter til fortrengsel for dei sentrale, innførte regjeringa nye skattelover. Ho sette også i verk tiltak for på ny å sentralisere banksystemet. I 1994 vart det danna tre bransjebankar som skulle overvakast av sentralregjeringa. Til slutt reorganiserte sentralregjeringa Folkets bank (sentralbanken) ved å skifte ut provinsnivået med eit regionnivå, slik at ein reduserte provinsstyresmaktene si innblanding i låneaktiviteten.

Men reformprosessen førte ikkje berre til auka inflasjon. Han underminerte også stabiliteten og levedugleiken til den statlege sektoren. Som drøfta i kapittel 2, fann statlege verksemder inntektene sine utilstrekkelege til å bere drifta, særleg på bakgrunn av at reformprosessen hadde redusert lønsemda deira. Dette gjorde dei statlege verksemdene i aukande grad avhengige av lån frå statsbankane til drift. Statsbankane heldt fram med å låne ut til tapsbringande statseigde føretak og samla opp stadig fleire "rotne" lån - eit problem som vart enno tydelegare av at bankane gjerne gav nye lån både for å refinansiere dei gamle og for å dekke nye tap i føretaka. (11) Som eit resultat av dette auka forholdet mellom lånekapital og eigenkapital frå 23 prosent i 1980 til 440 prosent i 1998. Samstundes auka andelen ubetjente lån i statsbankane (forsiktig estimert) til rundt 24 prosent like før den austasiatiske krisa i 1997-98, og vidare til minst 29 prosent rett etter. (12)

Sentralregjeringa prøvde ta tak i desse låneproblema gjennom å danne eigne administrasjonsselskap, som skulle ta hand om "rotne" lån og selje dei under pålydande. Men marknaden for desse resirkulerte gjeldspostane viste seg å vere så liten at administrasjonsselskapa vart tvinga til å gjere gjelda om til aksjar i dei fallerte selskapa. Desse aksjane vart deretter tatt inn i rekneskapen til administrasjonsselskapa. På denne måten vart dei potensielle avskrivingane berre overførte til Folkets bank, som står bak dei nye selskapa. (13) Så langt har altså regjeringa vore ute av stand til å finne ei løysing på dei aukande produksjons- og økonomiproblema i statssektoren.

Dei sosiale følgjene av økonomiske reformer

Den kinesiske økonomien fungerer i dag i all hovudsak i samsvar med kapitalistisk logikk. Dette blir ikkje berre avspegla i næringsstrukturen, men også i den tilhøyrande omforminga av dei sosiale forholda og alt det som formar arbeids- og leveforholda til fleirtalet av arbeidsfolk i Kina. Bakgrunnen er at næringsstrukturen i aukande grad blir prega av aktiviteten til private profittskapande selskap. For eksempel har oppløysinga av den statlege sektoren ført til alvorlege arbeidsløyseproblem. Frå 1995 til utgangen av 1999 fall talet på statleg eigde næringsverksemder frå omtrent 100.000 til 60.000. (14) Denne nedtrappinga førte til omfattande permittering av arbeidarar. For eksempel mista rundt 36 millionar tilsette i statlege verksemder arbeidet frå 1996 til 2001. I den same perioden permitterte kollektiv-eigde selskap 17 millionar arbeidarar. (15)

Trass i desse omfattande permitteringane hevdar styresmaktene at arbeidsløysa i byane berre auka frå 2,9 til 3,1 prosent i perioden 1995-2000 (tabell 7). Men denne statistikken er svært skeiv, og då helst slik at tala blir for låge. For det første undervurderer styresmaktene sin måte å måle på sterkt arbeidsløysa blant dei som bur på landsbygda, og blant dei som er på flyttefot mellom bygd og by. (16) For det andre omfattar ikkje statistikken arbeidarar som er permitterte frå statlege verksemder. Desse arbeidarane er ikkje talde som arbeidslause. Dei er i staden klassifiserte som xiagang (ute av teneste), og dei held fram med å vere registrerte som knyta til verksemdene sine. Prosentdelen av statlege arbeidarar som er registrerte som xiagang, har auka dramatisk. Ching Kwan Lee seier:

I ein gjennomgang av overtalige arbeidarar i 17 provinsar fann ein at årleg xiagang hadde auka jamt frå 0,7 prosent i 1988 til 10 prosent i 1994. 1988 var det året bedriftsleiarane først fekk lov til å "optimalisere" bruken av arbeidskraft. Men i 1995, da bruken av kontraktsarbeid var i auking, steig omfanget av xiagang brått opp til 23,8 prosent og vidare til 35,8 prosent i 1996. (17)

I sum har den offentlege arbeidsløysa vorte verande låg fordi berre "oppsagte arbeidarar under 50 år (for menn) eller 45 (for kvinner) offisielt er klassifiserte som arbeidslause. Millionar av andre er verken xiagang eller oppsagte, men utan arbeid fordi verksemdene deira rett og slett ikkje har nokon aktivitet lenger." (18)

Instituttet for sosial og økonomisk politikk, ein uavhengig forskingsinstans i Hong Kong, har prøvd å korrigere for manglane. Tabell 8 viser forskarane sine overslag over arbeidsløyse. Desse avdekker ein klår og veksande skilnad mellom offisiell og verkeleg arbeidsløyse gjennom perioden 1993-98. Andre analysar peikar mot ei endå høgare reell arbeidsløyse i byane: "Sentralbanksjefen, Dai Xianglong, estimerte byarbeidsløysa i første halvår 1996 til 12-14 millionar, eller 7-8 prosent av arbeidsstyrken i byane." (19) Rene Ofreneo bruker eit tal på omtrent 13 prosent, mens Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har brukt eit overslag på 17-20 prosent. (20)

Kinesiske arbeidarar har all grunn til å frykte permitteringar eller arbeidsløyse. Xiagang-arbeidarane får i teorien "framleis ein del av si tidlegare løn, og dei har framleis husvære som det offentlege eig", men overfor mange arbeidarar blir ikkje slike lovnader haldne. Resten av dei arbeidslause "overlever på støtte på mindre enn 10 dollar i månaden". (21) I følgje Times of India har den kinesiske regjeringa vedgått at:

ho står overfor eit "fælt" arbeidsløyseproblem, og problemet ser ut til å vekse til den verste arbeidsmangelkrisa i landet nokon sinne. Situasjonen er oppfatta som så alvorleg at han "kan undergrave den sosiale stabiliteten", sa viseministeren for arbeid og sosial tryggleik, Wang Dongjin, sitert av den statlege China Daily ... Denne uvanleg opne vedgåinga i eit land som tradisjonelt har hevda usannsynleg låg arbeidsløyse, kom i kjølvatnet av vekevis med uro på industriarbeidsplassane med senter i det skrantande nordvestlege industrikjerneområdet. Mange av demonstrantane i det som har vore blant dei største protestane som har råka landet på mange år, var permitterte

arbeidarar frå ineffektive statlege verksemder. Mange økonomiske ekspertar ventar at denne sektoren vil kome til å li enda meir no når Kina er vorten med i WTO. (22)

Reformprosessen har også ført til større ulikskap når det gjeld inntekter. Gini-koeffisienten for hushaldsinntekt i Kina steig frå 0,33 in 1980 til 0,40 i 1994 og til 0,46 i 2000. Det siste talet tydar høgare ulikskap enn i Thailand, India og Indonesia. (23) Observatørar flest har mistanke om at Gini-koeffisienten i Kina no er over 0,50, noko som plasserer landets inntektsulikskap nær det brasilianske og sørafrikanske nivået. (24)

Mens fleirtalet av kinesiske arbeidarar slit for å få endane til å møtast, apar ein liten minoritet av kinesisk småborgarskap og borgarskap etter ein livsstil som liknar høginntektsgrupper i USA. Dette blir fullendt gjennom ein husstandard som i forstadene i Sør-California - med luksusbilar, gurmekjøkken og siste mote når det gjeld klede og smykke. (25) Den kinesiske regjeringa brukar no første mai til å ære dei rike utbyttarane, slik som i 2002, då kinesisk LO dekorerte "leiarane i fire privateigde selskap" med medaljar, mens "17 andre forretningsmenn vart hylla som "modellarbeidarar" i den nordvestlege provinsen Shaanxi, der Mao ein gong hadde sitt revolusjonære hovudkvarter". (26)

Kvinnelege arbeidarar er særleg hardt ramma av reformprosessen. Kvinner utgjer rundt 60 prosent av dei permitterte arbeidarane frå statseigde verksemder, trass i at berre 40 prosent av arbeidsstyrken i desse er kvinner. (27) Og i tillegg er det slik at gjennomsnittleg varer arbeidsløysa blant kvinnene lenger enn blant mennene. "75 prosent av arbeidslause kinesiske kvinner er framleis på søk etter arbeid etter eitt år, mens mindre enn 50 prosent av mennene er i same situasjon." (28)

Dei som framleis har arbeid, blir i aukande grad trengt saman i låglønna tenestejobbar (til dømes vaktmeister, hushjelp og servering på restaurantar), mens dei høgare betalte posisjonane i produksjon og leiing er reservert for menn. Til og med innanfor kvar yrkesgruppe er det i aukande grad lønsdiskriminering mot kvinner. Gapet mellom kvinners og menns løner er mykje større innanfor dei fristilte selskapa enn dei statseigde. (Dette gjeld også når ein korrigerer for arbeidsinnhald. Dei fristilte selskapa kviler ofte på utanlandske investeringar.) (29) For dei kvinnene som finn arbeid innanfor vareproduksjonen, er belønninga ofte helseskadeleg og farleg slit for skral lønning - særleg i den hardt konkurrerande lette eksportsektoren. (30) Langt meir enn berre nokre få kvinner (overslag spenner frå titusenvis til hundretusenar) er fanga inn av den veksande svarte marknaden for kvinnearbeid (og giftarmål) - ein marknad som er garantert, ikkje berre på grunn av fattigdom på landsbygda og etterspørsel etter billeg arbeidskraft, men også av den kjønnsskeive abortfrekvensen. (På landsbygda i Kina blir det født seks gutar for kvar femte jente.) (31)

Svekkinga av arbeidsforholda til kinesiske arbeidarar kan vere den viktigaste målestokken for samanbrotet i den kinesiske reformprosessen. I det han skriv om desse forholda, observerer Tim Pringle:

Dei siste fem åra har brot på av rettane til kinesiske arbeidarar vorte dokumentert i stort omfang, både innanfor og utanfor landet. Tvungen overtid, ulovleg arbeidstid, lønningar som ikkje vert utbetalt og skrekkelege helse- og tryggleiksforhold er vanlege. Det allmenne arbeidstempoet har auka dramatisk. Konkurransen tvingar bedriftene til å prioritere tidsfristar og produksjonsmål framfor eit trygt og verdig arbeidsmiljø. "Åttetimarsdagen eksisterer ikkje lenger i Kina," forklarte eit privat arbeidsformidlingsselskap i Shulan i Nordaust-Kina. (32)

I følgje New York Times "har Kina vakse fram som Asias leiande eksportør av industrivarer til USA. Men arbeidarane som produserer desse varene, er offer i ei bølgje av dødelege sjukdommar i puste- og sirkulasjonsorgana og i fordøyings- og nervesystema, lik det amerikanske og europeiske arbeidarar lei under i starten på industrialderen." (33) Kinas statlege administrasjon for arbeidstryggleik rapporterte om 140.000 dødsulykker på arbeidsplassane i 2002 mot 100.000 to år tidlegare. Talet på alvorlege industriskadar er utan tvil mykje høgare, men vanskeleg å fastslå på grunn av det store talet på ulykker "som fell utanfor offisiell teljing, enten fordi sjefen ikkje har forsikring, eller fordi arbeidarane ikkje er lovleg tilsette eller fordi tenestemenn er under press for å vise at dei har kontroll med tryggleiken". (34)

Øydelegginga av folkekommunane og omforminga av statsverksemdene har ført til at arbeidsfolk flest har mista det sosiale tryggingsnettet, inkludert pensjonar, husvære, helsetenester og i aukande grad til og med grunnskule og vidaregåande utdanning. Statleg eigde verksemder sikrar til dømes ikkje lenger pensjonen. Den enkelte arbeidaren skal no bli sikra gjennom eit nasjonalt organisert system, finansiert ved innskot frå arbeidarane, staten og arbeids-givarane. I 1997 skulle 78 prosent av arbeidstakarane i statleg eigde verksemder og 95 prosent av dei som var pensjonert frå desse, ha vore overført til dette nasjonale systemet. Men tragisk nok finst det, på grunn av den statlege finanskrisa, ikkje pengar til å sikre gode nok pensjonar. (35)

Statlege verksemder tilbyr heller ikkje lenger nye arbeidarar hjelp til husvære. Dei som allereie er tilsette, blir fortalde at dei enten må betale marknadsleie eller kjøpe husværet som dei bur i (med lån frå offentlege institusjonar), dersom dei framleis vil bu der. (36)

Statleg eigde verksemder yter vidare ikkje helsetenester til dei tilsette. På same måten som med pensjonane skal no bedriftsbaserte helsetenester erstattast av eit nasjonalt system, finansiert av tre partar. Men som med pensjonane, manglar staten finansiering som kan sikre eit minimum av helsetenester. Det aukande talet på arbeidarar som "blir sjuke eller skadde på jobben", blir i stadig større grad "tvinga til å ta vare på seg sjølve med lita eller inga helseforsikring". (37) På landsbygda har oppløysinga av folkekommunane også ført til samanbrot i det offentlege helsevesenet. "Ein stor del av dei 800 millionane kinesarar som bur på landsbygda, er i fritt fall når det gjeld tilgang på helsetenester. Over det siste tiåret har det ein gong så stolte systemet med "berrfotlegar" og gratis landsbyklinikkar falle saman." (38) Og som ei følgje av dette har "bønder i storparten av landet vanskar med å kome til lege eller med i det heile å få tak i medisin eller medisinsk behandling". (39)

Nasjonalt dekte den offentlege helsetenesten i 1997 4 prosent av folket, ned frå 90 prosent i 1978. (40) "I dag er helsetenester i Kina nesten fullt ut knyta til den individuelle betalingsevna til pasientane - og det finst inga offentleg helsetrygding for dei fattige." (41) I samsvar med dette "rangerer WHO - Verdas helseorganisasjon - no Kina sist blant utviklingsland, når det gjeld lik tilgang til helsetenester." (42) På same måten som med omstruktureringa av arbeidsmarknaden har ulik tilgang til helsetenester ramma arbeidarklassekvinnene særleg hardt. (Dette inkluderer tenester knyta til graviditet og til yrkesrelaterte sjukdommar og skadar.) (43)

Sars-krisa i 2003 gir oss den klaraste illustrasjonen på kor omfattande samanbrotet i Mao-perioden sitt velferdssystem er. (44) Eit forvarsel på dette såg ein i kor veikt både styresmaktene og helsetenestemarknaden har svart på dei stadig verre tuberkulose- og hiv-epedemiane. (45) I realiteten gjorde både samanbrotet i dei offentlege helsetenestene og den aukande fattigdomen sitt til å skjerpe begge problema. Aller mest tragisk er dette når det gjeld hiv, som har spreidd seg som ein ukontrollert skogbrann gjennom at utarma landarbeidarar sel blodet sitt. Ein reporter frå Guardian skreiv slik om samanhengen mellom reformprosessen og dagens helsekrise i Kina:

Tilgangen på helsetenester og sosial tryggleik for dei store folkemassane var kanskje den viktigaste enkeltvinninga til den kinesiske revolusjonen. Men til og med på sitt høgste hadde det kommunistiske systemet aldri ei nasjonal helseteneste. Tilgangen til helsetenester var knyta til ei arbeidseining - ein fabrikk, ein skole, ein folkekommune - som hadde ansvaret for å ta vare på arbeidarane og familiane deira. Det var eit opplegg som dekte folk flest, men med Deng Xiaoping si dreiing mot marknadsøkonomi var systemet dømt til undergang ... Økonomisk liberalisering førte til avviklinga av dei fleste av dei nemnte arbeidseiningane: statleg næringsdrift blir avvikla, landbrukskommunar er for lengst eit avslutta kapittel og landbruket har vorte privatisert. Ingenting har kome i staden, og tenestene som einingane brukte yte, har brote saman. Ansvaret for folkehelsa kviler på lokale styresmakter, som verken synest å ha finansiering til eller interesse for å oppretthalde slike tenester. Til og med i byane, der to tiår med økonomiske reformer har ført til ein allmenn auke i levestandard, er medisinske tenester i dag i all hovudsak eit privat ansvar, som mange ikkje har råd til ... Sars-utbrotet minte kinesarane om kva som har gått tapt gjennom meir enn to tiår med økonomisk vekst. Dei oppdagar eit elendig offentleg helsestell ute av stand til å kjempe mot ein epidemi, som knapt nok kan melde om han på ein god måte. (46)

Dei same grunnleggande kreftene stør oppunder ei liknande utvikling innanfor utdanningssystemet i Kina. Etter som "kinesiske skolar i aukande grad blir privatiserte, krev dei stadig høgare skolepengar frå foreldra". (47) Frå 1980-åra av har det funne stad ein rask auke i talet på private eliteskolar i byane. I desse skolane har utanlandske investorar ei avgjerande rolle. (48) Aukande skolepengar og låge inntekter "held stadig fleire born ute av klasseromma", særleg på landsbygda. (49) Sidan sentralregjeringa "for ein stor del slutta å subsidiere grunnutdanning for eit tiår sidan ... er utdanning i aukande grad blitt ei luksusvare i Kina sine fattigaste landsbyar, kjøpt berre når økonomien tillet det - og langt oftare til gutar enn til jenter." (50) I nokre landsbyar går berre 20 prosent av jentene og 40 prosent av gutane på skole. Det finst heile provinsar der mindre enn halvparten av jentene går på skole i det heile tatt - og mange som startar, droppar ut før dei er ferdige med barneskolen. (51)

Det er ikkje overraskande at øydelegginga av det sosiale tryggingsnettet ikkje har vore kjønnsnøytral. Kvinner har allment vorte kalla til å bere større byrder i hushaldet. Det svekkar sjansen deira til å finne høveleg sysselsetting i Kina sin stadig meir avregulerte arbeidsmarknad. Ching Kwan Lee forklarer det slik:

I reformperioden har bedriftsansvar blitt avvikla, og tenester er gjort om til varer i marknaden. Det inneber at reproduktivt ansvar er privatisert, at arbeidarar må betale for slikt som barnepass, kantinemåltider og helsetenester eller husvære. Eller i så stor grad som muleg må dei erstatte det med ubetalt arbeid frå kvinnene i hushaldet ... [Som resultat] er det ikkje overraskande å finne at marknaden for jobb nummer to eller for jobbskifte også blir vridd til ugunst for kvinner, både fordi dei ikkje har skaffa seg så mange dugleikar for marknaden som mannlege motpartar har, og fordi det tyngre hushaldsansvaret gjer dei mindre fleksible og geografisk mobile, noko som blir kravd for tilleggsjobbar eller jobbar utanfor den statlege sektoren. (52)

Skiljelinjene vert tydelegare

Dei negative sosiale følgjene av dei økonomiske reformene har ikkje berre øydelagd liva til tallause kinesarar. Ved å undergrave hushalda si kjøpekraft styrkar dei den destruktive utviklinga i reformprosessen, og dermed gjer dei elendet både breiare og djupare. Dei som blir utan arbeid på grunn av nedrigginga av den statlege sektoren, har vorte tvinga til å redusere konsumet sitt dramatisk. Til og med dei som finn nytt arbeid, oftast i private hushald eller i den kollektive sektoren i byane, synest å tene mindre. Det set grenser for kjøpa deira. Og fordi arbeidarar flest no må finansiere helsetenester og pensjonar sjølv, er mange pressa til auka sparing - igjen på kostnaden til konsumet.

Bygdeøkonomien er ikkje immun i forhold til denne utviklinga. Som The Economist forklarer, så "har inntektene til dei fleste som bur på landet (og det er 65 prosent av befolkninga), stagnert over dei siste fire åra [1998-2001]". (53) Ei løysing, som vart foreslått av regjeringa, gjekk ut på flytte småbønder over til andre sektorar. Men industrien på bygdene har gått tilbake og tapt arbeidsplassar. Og byane har vore ute av stand til å skape ei nødvendig mengd jobbar til å halde eiga arbeidsløyse under kontroll, så langt mindre er dei i stand til å absorbere tilstrøyming av overskotsarbeidskraft frå bygdene. Som eit resultat av dette har kjøpekrafta til fleirtalet av bygdefolk (og av dei som er på flyttefot frå bygd til by) stagnert. (54)

Arbeidsfolk sin etterspørsel har altså stagnert, relativt sett. Dette kombinert med den ekstra industrikapasiteten som vart bygt opp gjennom tidlegare investeringar i anlegg og utstyr, har ført til ei overkapasitetskrise, særleg innanfor produksjonen av varige forbruksgode. I 1995 var for eksempel kapasitetsutnyttinga 44,3 prosent i motorkjøretøyindustrien, 46,1 prosent innan produksjonen av farge-tv, 54,5 prosent innan sykkel og 50,4 prosent innan kjøleskap. (55)

Som peika på av Bertell Ollman, er slike overproduksjonsproblem eit avgjerande teikn på at økonomien i Kina har vorten offer for den utbytande og anarkistiske utviklinga av kapitalakkumulasjonen. (56) "Inntektsevna til Kinas notorisk underbetalte arbeidarar (det er få som tener meir enn 60 dollar i månaden) har halde innanlandsk forbruk langt bak den raskt veksande produksjonen til fabrikkar og verkstader i Kina. Og veksten i utanlandsmarknadane, som har vore imponerande stor, har likevel ikkje vore stor nok til å hanke inn slakken." (57) Liu Yufan dreg den same vettuge slutninga: "Overproduksjon og underkonsumpsjon er to sider av same sak, og saka heiter kapitalisme." (58)

Eit anna teikn på at overproduksjon har fått grepet i Kina, er skiftinga frå inflasjon til deflasjon. Prisane på forbruksvarer auka med over 24 prosent i 1994. I 1996 auka dei berre med 8,3 prosent (tabell 7). Frå andre kvartal i 1998 har konsumprisindeksen falle til under null i 22 månader på rad. Mens innanlands ubalanse genererte ein nedgangstrend på prissida, gjorde den asiatiske finanskrisa, som skapte nedgang i eksporten og tanlandsinvesteringane, deflasjonspresset endå verre. Når det gjaldt eksport, fall vekstrata frå 21 prosent i 1997 til berre 0,5 prosent i 1998 (sjå tabell 1). Prisane vaks noko i 2000 og 2001, men fall igjen i 2002 (tabell 7).

Den kinesiske regjeringa, som var redd for at vedvarande deflasjon skulle føre til eit massivt samanbrot i den statlege nærings- og finanssektoren, svara med fleire initiativ for å drive opp etterspørselen. I mai 1996 vart rentene senka for å stimulere lån og forbruk. Då dette ikkje vart nokon suksess, sette regjeringa inn sterkare tiltak. I 1998 auka regjeringa offentleg konsum kraftig. (59) Ho heldt fram med store underskot i budsjetta i 1999 og 2000. Sakte vrei regjeringa også innrettinga på utlegga sine, frå infrastruktur over mot velferdsprogram, da særleg helsetilbod og pensjonar for arbeidarar som var permitterte frå statsselskap, men også mot forsking og utvikling. I tillegg støtta regjeringa eit omfattande frislepp av bankkredittar.

Mens desse initiativa lyktest i å oppretthalde (i offisielle tal) ein realvekst på 7 prosent eller meir per år (sjå tabell 1), har dei ikkje gjort noko med dei ustabile tilhøva som ligg i botn. Det var ikkje berre deflasjonen som dukka opp igjen i 2002. Dei ekstra offentlege kjøpa forverra også staten sitt aukande gjeldsproblem. Regjeringa hevdar at den offentlege gjeldsbelastninga framleis er under kontroll.

"Som del av BNP var Kinas budsjettunderskot på 1,7 prosent og uteståande gjeld på omtrent 10 prosent i 1999, godt under tryggleiksnivået på hhv 3 prosent og 60 prosent." (60)

Men forholda er ikkje så positive som dei kan ha skinn av å vere. For det første er regjeringa sin definisjon av underskot problemfylt. Før 1994 bokførte regjeringa for eksempel offentleg gjeldsopptak som ein del av inntektene, noko som gav eit alt for lågt bilete av underskota. I tillegg var det ikkje før i 2000 at regjeringa starta med å rekne rentebetaling som ei budsjettmessig utgift. Om ein berre justerte for denne sistnemnte endringa, blir underskotet på 2000-budsjettet 2,9 prosent av BNP. (61) "Det er enda viktigare at om ein tar med banklån som burde vore avskrivne som tap, så ville bare det føre den samla gjelda opp til meir enn 45 % av BNP." (62)

Slike forholdstal mellom gjeld og BNP blir langt meir problematiske når ein tar omsyn til at inntektene i offentleg sektor i Kina berre er 13 prosent av BNP, samanlikna med 30 prosent eller meir som er typisk i mange europeiske land (og i Kina før reformene). Det er langt vanskelegare å dekke eit underskot på 3 prosent av BNP i Kina enn i andre land, fordi veksten i BNP genererer langt mindre inntekt til det offentlege. "Eit mål på evna til å betale tilbake er gjeldsavhengighetsgraden i budsjettet, dvs storleiken på låneopptaka delt på samla utgifter det året. I sentralregjeringa sitt budsjett har dette forholdet vore over 50 prosent frå 1994 av, og det var over 70 prosent i 1998. Dette er truleg noko av det høgste i verda." (63) Slik sett er det ei reell grense for kor mykje meir den kinesiske regjeringa på ein trygg måte kan auke underskotsbudsjetteringa si.

På toppen av dette veks krava til det sentrale budsjettet fort på grunn av nye permitteringar, og fordi nye nasjonalt finansierte pensjonsfond og velferdsprogram er føresett å kome i staden for dei som tidlegare var finansiert og organisert av kvar enkelt statleg verksemd. Slik sett står den kinesiske økonomien ansikt til ansikt med aukande strukturproblem, som det ikkje blir lett å løyse. Viss regjeringa for eksempel reduserer utlegga sine eller strupar penge- og kredittveksten kraftig, kan både dei statlege verksemdene - og ein god del ikkje-statlege verksemder også - fort bukke under. Det kan føre til ein alvorleg konjunkturnedgang, samtidig som det vil auke offentleg budsjett- og garantiansvar, blant anna for dårleg sikra lån i statsbankane og kredittadministrasjonsselskapa.

Fordi offentlege kjøp ikkje har løyst overproduksjonsproblemet, dvs det at det vert overopphoping av pengar og realkapital i forhold til profitable og produktive høve til å bruke av denne kapitalen, har langtidseffekten vorte å nøre oppunder ein spekulativ boom i fast eigedom over heile landet. No finn ein altså både overprisa og for ein stor del ledige luksusbustader og forretningsbygg og stor overkapasitet i produksjonsindustrien. I september 2003 var rundt "17 % av nye banklån knyta til eigedom, noko som er ny rekord". (64) Ein bør merke seg at Kinas førre runde med spekulasjon i fast eigedom "førte til ei stor opphoping av "rotne" banklån". Den runden tok slutt for åtte år sidan og var mykje mindre vidtfemnande og intens enn den noverande. "Viss ei ny fallittbølgje er stor nok, vil ho få alvorlege følgjer," ikkje berre for bankane, men au for "berørte næringsgreiner som sement og stål og for jobbar i bygg- og anleggssektoren", for ikkje å gløyme alle dei i middelklassen som vil sette svært liten pris på eit fall i bustadverdiane." (65)

Stilt overfor stadig svakare resultat av meir tradisjonelle val av politikk, er det ikkje rart at reformprosessen har pressa den kinesiske regjeringa til å leggje stadig større vekt på eksport og utanlandske investeringar for å nøre opp under økonomien. Det er lett å finne bevis på at utanlandsk økonomisk aktivitet blir stadig meir viktig: eit 21 prosents sprang opp i eksport utgjorde grovt rekna ein tredel av Kinas vekst i BNP i 1997; ein årsvekst når det gjaldt eksport på 38 prosent, stod for grovt rekna fire femdelar av BNP-veksten i første halvår i 2000. (66) I følgje Stephen Roach, sjeføkonom ved Morgan Stanley, var det slik at trass i at eksport utgjorde berre omtrent 26 prosent av økonomien i 2002, stod han for 74 prosent av veksten i den kinesiske økonomien det året. Mykje av dei gjenståande 26 prosentane, knyta til innanlands etterspørsel, var indirekte bundne til statlege kjøp og til utanlandske investeringar i Kina. (67)

Det at Kina er stadig meir avhengig av eksport og av utanlandske investeringar, forklarer regjeringa sin iver etter å bli godkjent som medlem i WTO. Men at Kina går inn i WTO, har ein høg pris. For å få foten innanfor døra var Kina tvinga til å underteikne ein avtale om "normale handelsforhold" med USA. Som Eva Cheng har merkt seg, så dekker avtalen

i realiteten mest alle sektorar. Eit avgjerande punkt er opphevinga av statsmonopolet innanfor import, omsetting og eksport av dei fleste varer innan tre år. Dette gjeld både industri, landbruk og transport, til og med sensitive sektorar som telekommunikasjonar, engros, vedlikehald og reparasjon ... I tillegg vil stadig fleire av mengderestriksjonane på import bli oppheva i løpet av fem år (berre to år for varer USA har prioritert, som fiberoptiske kablar) ... Når det gjeld alle hovudkategoriane av tenester, har restriksjonane på utanlandsk eigarskap vorte mykje letta. (Innafor nokre område er full kontroll tillaten.) ... Spesielt når det gjeld bankar og forsikringsselskap, er den imperialistiske kapitalen sin langvarige kamp for å sikre seg retten til å selje tenester til den kinesiske befolkninga, i all hovudsak vunnen. (Dette gjeld hittil følsame område som lokale pengetransaksjonar med kinesiske firma eller konsern, helsestell, pensjonar og forsikringar.) (68)

Avtalen om normale handelsforhold gjeld meir enn utanlandsk investering og handel. Han grip djupt inn i dei innanlandske økonomiske strukturane. "Kina lova ... å tillate at marknaden skulle sette prisane på varer og tenester innanfor alle sektorar, med unnatak av nokre få produkt som vart spesifiserte i protokollen." (69) Avtalen føreset at "statseigde selskap og statlege investeringsselskap skal handle etter kommersielle prinsipp, og at regjeringa ikkje vil gripe inn i dei kommersielle avgjerdene til statsselskapa". (70) Det er inga overdriving å hevde at WTO sine krav ikkje berre "inneber fullstendig og irreversibel knusing av dei siste restane av planøkonomien og gjenreiser kapitalismen fullstendig. Dei er også einstydande med at ein gir frå seg vesentlege delar av det økonomiske sjølvstyret til imperialismen." (71)

WTO-avtalen kan berre akselerere dei negative sosiale trendane og spenningane som vi har omtalt tidlegare. Ofreneo seier difor at "mengden av fattige på landsbygda og av omstreifande etter alle solemerke vil vekse":

For å oppfylle krava til WTO, vil Kina redusere alle slags subsidiar som har kome kornbønder til gode, og i stadig aukande grad liberalisere kornimporten. Alt no er US-amerikanske og andre utanlandske kornselskap klare til å dumpe kveite, mais og andre landbruksprodukt, som i dag har høgare prisar i Kina. Landbruk er klart eit område der USA ventar å erobre marknader i Kina under WTO sitt regelverk. (Det andre hovudområdet er høgteknologiprodukt.) (72)

Arbeidarane i dei statseigde selskapa må også vente å bli ramma. Slik forklarer ein fagforeiningsleiar i Hong Kong det:

Det endelege målet er å dra til seg utanlandske investorar som kan investere i eller kjøpe opp statlege verksemder. Som del av avtalar gjort for å sikre inngangsbilletten til WTO, vil den kinesiske regjeringa dei neste 3 til 5 åra fjerne restriksjonar på utanlandsk eigarskap i viktige sektorar. Det inneber at leiarar med ansvar for viktige statseigde selskap no førebur selskapa på deleige med utanlandske investorar og til og med full overtaking ... Nøkkeltiltak i strevet etter å bli attraktive for utanlandske investorar, er aggressiv nedskalering av arbeidsstyrken og kutt i kostnadene til arbeidskraft. I desse kutta ligg å fjerne alle økonomiske plikter overfor tidlegare tilsette. Saman med omfattande korrupsjon blant dei som administrerer statlege selskap, har kutta drive mange statsselskap til å bryte lovnader gitt til fristilte arbeidarar og til å avvise å betale lønningar, pensjonar og erstatningar. (73)

Til og med Unctad varslar aukande arbeidsløyse som sannsynleg resultat av opninga av den kinesiske økonomien. Unctad ventar ei importbølgje som vil konkurrere direkte med produksjon i den statseigde sektoren, og slik truge arbeidsplassane til mange av dei som framleis arbeider i statsselskap.

Samtidig kan ein truleg ikkje foreta ei rask overføring av arbeidskraft til meir konkurransedyktig, eksportorientert og arbeidskraftintensiv produksjon. Slikt er heller ikkje tilrådeleg, sidan det ville overfløyme marknadane for desse produkta og provosere fram moglege vernetiltak frå Kinas handelspartnarar, som til dømes tidsavgrensa produktspesifikke vernetiltak, noko som er nemnt i vilkåra Kina har gått med på for å kome inn i WTO. Trass i at ein kan ta i bruk mange innanlandske politiske verkemiddel for å forsvare arbeidsplassane, slikt som å velje ei meir gradvis reform, er det venta tilpassingsproblem både på kort og mellomlang sikt i sektorar som er dominert av statseigde selskap. (74)

Unctad takserer omfanget av omstruktureringane slik:

Fjerning av subsidiar, reduksjon i tollsatsar og i andre handelshindringar, og fjerning av gunstig behandling vil utan tvil skape eit stort trykk overfor desse [statseigde selskapa] med krav om betre effektivitet og konkurranseevne, noko som kan føre med seg omfattande omstruktureringar og kutt i arbeidsstokken. ... Omfanget av omstruktureringar som gjenstår, er enorm. Det er estimert at rundt 35 millionar arbeidarar, eller 17 prosent av arbeidskrafta i byane, er overflødig. I følgje ein nyleg utført studie kan Kinas innmarsj i WTO føre til at arbeidsløysa aukar med 25 millionar over perioden 2001-2006. (75)

At dei utanlandske operasjonane som nyleg er komne i stand, i stadig større grad er kapitalintensive, aukar sysselsettingsproblemet. Og utanlandske investeringar innanlands kan til og med redusere sysselsettinga, sidan dei involverer kjøp av, eller auka konkurranse med, verksemder som på førehand eksisterer. Slik ser Yufan dette:

Stadig fleire utanlandske investeringar går no til å kjøpe opp statleg eigde selskap. Dette øydelegg arbeidsplassar framfor å skape dei. Til og med når dei utanlandske bygger heilt nye anlegg, er desse vanlegvis innretta på å erobre marknader som tidlegare høyrde til dei statleg eigde selskapa. Dette inneber at fleire arbeidsplassar vil forsvinne, samtidig med at nye arbeidsplassar blir skapt i dei utanlandske selskapa. (76)

Dei eksportorienterte utanlandske investeringane treng ikkje ha den same jobbfortrengingseffekten. Likevel kan ikkje Kina håpe på å kunne utvide den meir tradisjonelt arbeidskraftintensive eksporten tilstrekkeleg til å sikre så stor vekst i sysselsettinga som landet har behov for. Tabell 9 viser at i 1995 hadde sysselsettinga i industriell vareproduksjon alt begynt å gå ned, både i absolutte tal og i prosentdel av total sysselsetting. Dette skjedde trass i samanhengande rask vekst i industriell vareproduksjon og eksport. Det har difor vore opp til den tenesteytande sektoren og til bygg- og anleggssektoren å assimilere det aukande talet på arbeidarar som går ut av jordbruket og frå andre slag landsbygdsyssel. (Bygg- og anleggssektoren er på si side i hovudsak avhengig av offentleg etterspørsel og av bobla "fast eigedom".)

Kina si evne til å skape arbeid til dette enorme arbeidskraftoverskotet er dessutan truga av fokuset på eksport til USA-marknaden. Tiltak frå USA for å redusere Kinas aukande handelsoverskot er stadig meir sannsynlege. Regjeringa i USA pressar for eksempel Kina hardt for at landet skal skrive opp valutaen sin og opne marknaden sin raskare for US-amerikanske landbruksprodukt. Dette skjer i eit forsøk på å redusere Kina sitt store bilaterale handelsoverskot. I tillegg til dette er det lite sannsynleg at USA sitt handelsunderskot kan halde fram med å vekse utan noka grense, uavhengig av kva tilhøve ein i USA skulle ønske å ha til Kina.

I sum er det slik at den kinesiske økonomien, trass i den raske veksten, blir stadig meir ute av balanse og stadig meir sårbar for kriser. Og samtidig blir leve- og arbeidsforholda for ei aukande mengd kinesiske arbeidsfolk svekte. Til no har vi sett på smalt definerte økonomiske spenningar og motseiingar som blir skapt av reformprosessen. Men i den grad suksessen i denne prosessen (i kapitalistisk forstand) både er avhengig av og forsterkar undertrykkinga av arbeidsfolk, må ein vente at prosessen au vil skape aukande motstand i arbeidarklassen. Dette kan vise seg å bli den sterkaste motseiinga som endringane i Kina skapar.

Motstand

Kinesiske arbeidarar har ofte vorte avskrivne som ein passiv masse, ute av stand til å organisere seg sjølve eller til å gjennomføre kollektive aksjonar. Ein slik karakteristikk representerer ei alvorleg feiltolking av kinesisk historie. For eksempel gjennomførte storbyarbeidarar fleire heroiske massestreikar i 1920- og 1930-åra til støtte for den revolusjonære rørsla. Også i Mao-tida deltok arbeidarar i direkte aksjonar, både til forsvar for eigne nære interesser og for å sikre større demokratisk kontroll over leiinga av verksemdene. Som nemnt i det førre kapitlet, gjennomførte arbeidarar i byane både streikar og gå-sakte-aksjonar frå 1949 til 1952, aksjonar som vart møtt med sterk motstand frå partiet. Ein såg ny aktivisme midt på 1950-talet. Det heile kulminerte i ei streikebølgje i april - mai 1957. Denne var påverka både av hendingane i Ungarn og av Mao si "Hundre blomster"-rørsle. I ly av den nye fridomen under Kulturrevolusjonen, gjennomførte arbeidsfolk ei streikebølgje til i 1967. Og i 1976 uttrykte dei allmenn uro med dei økonomiske, politiske og sosiale forholda. Dette skjedde i hendingar rundt 5. april-episoden.

Ser vi tilbake på denne historia, burde det ikkje overraske oss at arbeidarane med aukande energi og tyngde har protestert mot dei negative sosiale følgjene av den kapitalistiske gjenreisinga. Eit eksempel:

Frå 1979 av prøvde arbeidsfolk å bruke den opninga som "demokrativegg"-rørsla (1978-81) hadde skapt, til å uttrykkje opposisjon til Dengs reformprosess. Dei nytta metodane og strategiane som dei hadde lært under Kulturrevolusjonen, og dei var påverka av framveksten av fagrørsla Solidaritet i Polen. Dei danna uoffisielle grupper og publikasjonar med sikte på å presse fram fridom til å forme uavhengige fagforeiningar. "Fleire utbrot av uro på kinesiske arbeidsplassar i tidlege 1980-år vart rapportert å ha kulminert i krav om at frie fagforeiningar måtte bli oppretta. Blant desse utbrota var konflikten ved Taiyuan jern- og stålverk i 1981." (77)

Ei fråsegn i bladet "Seglande skip", ein uoffisiell publikasjon laga av arbeidarar ved Taiyuan jern- og stålverk, illustrerer korleis stadig fleire arbeidarar oppfatta sin eigen situasjon i denne perioden:

Dei [arbeidarane] ser at viss dei ønskjer å endre dei elendige forholda dei lever under, kan dei ikkje sette sin lit til ein frelsar. Dei må organisere seg sjølve, lite på eigen styrke og velje sine eigne talspersonar. Og om dei valde ikkje representerer dei på ein skikkeleg måte, må dei bli kalla tilbake, og nye må bli valde. Denne typen krav frå dei breie folkemassane er det sosiale grunnlaget til den demokratiske reforma i Kina. (78)

Deng støtta i starten "demokrativegg"-rørsla, fordi han fann ho nyttig i sin eigen kampanje mot Kulturrevolusjonen. Men han skifta fort posisjon då hans eigen politikk vart skyteskive, og han fengsla mange av leiarane og forbaud publikasjonane til rørsla. Men etter som dei sosiale forholda vart verre utover i tiåret, tok studentar opp arven frå denne rørsla og reiste si eiga demokratirørsle i 1989.

Nokre studentar tok til å samlast på Tienanmen-plassen i april for å krevje politisk reform. Etter kvart som demonstrasjonane og folkemengdene vaks i omfang i vekene som kom, vart stadig fleire arbeidsfolk involvert. Ei kjernegruppe av arbeidarar vart inspirert til å danne Forbundet av frie arbeidarar i Beijing. Forbundet vaks raskt til å ha eit medlemstal på mellom 10.000 og 20.000, men dette talet var meir uttrykk for politisk støtte til arbeidarrettar enn eit mål for organisatorisk styrke på arbeidsplassane. Etter kvart som interessa for demokratirørsla spreidde seg til andre byar utover i mai, vart det danna nye "forbund av frie arbeidarar", og desse knyta seg saman i nettverk.

2. juni kravde det offisielle kinesiske LO at forbunda av frie arbeidarar måtte bli forbode som illegale organisasjonar. To dagar seinare brukte regjeringa makt for å få slutt på demokratirørsla. Arbeidarar som hadde vore aktive i forbunda, var viktige mål for straffetiltak.

Det var fleire nye forsøk på uavhengig arbeidarorganisering på tidleg 1990-tal. Kinas frie fagforeiningar vart danna i Beijing i 1991. I 1994 vart Ligaen for vern av rettane til arbeidsfolk etablert i Beijing. Same året vart Føderasjonen av leigearbeidarar danna i Shenzhen. Alle desse gruppene var små, og dei hadde kort levetid i møte med undertrykkinga frå styresmaktene. Men fordi desse initiativa var meir direkte opptatt av arbeidarorganisering, representerte dei eit klart steg framover frå forbunda av frie arbeidarar. (79)

Gjennom fengsling av arbeidaraktivistar lyktest ein i å knuse forsøka på å bygge uavhengige arbeidarklasseorganisasjonar på 1990-talet. Men dette stoppa ikkje den vedvarande og aukande veksten i arbeidaraktivisme. Dei første reformåra var motstanden frå arbeidarklassen for det meste avgrensa til den særskilte eksportindustrisona på austkysten, der modige arbeidarar (for ein stor del leia av kvinner) kasta seg ut i ville streikar, gå-sakte-aksjonar og individuelle sabotasjehandlingar for å protestere mot utbytande arbeidsforhold - spesielt i fabrikkar som kvilte på utanlandsk kapital. (80) Etter kvart har arbeidarprotestane spreidd seg til også å omfatte permitterte arbeidarar frå statseigde bedrifter, arbeidarar i privatiserte selskap som blir utsette for kutt i lønn og andre ytingar, eller som blir drivne til stadig høgare arbeidstempo - og til bønder og andre fattige på landsbygda.

Til og med stilt overfor "jernhard statleg undertrykking av arbeidaraktivistar" har kinesiske arbeidarar over heile landet tatt del i offentlege protestar med krav om at rettane deira til livsopphald må bli verna. (81) 24. desember 1997 formidla New York Times "talrike rapportar om mindre arbeidarprotestar over heile landet knyta til slike problem som at lønningar og pensjonar ikkje blei betalt ut, at ein var redd for å miste jobbane etter eigarskifte, og i tillegg konfliktar rundt oppseiingar og venteløn". (82) To dagar seinare meldte Associated Press:

Millionar av arbeidslause kinesarar, som er ofra for å redde avfeldig statleg industri, er på leit etter arbeid - det er ein hær av misnøgde som har skaka den kommunistiske regjeringa med ei stadig breiare protestbølgje ... Til no har protestane vorte verande små og sentrerte rundt lokale saker ... Demonstrasjonane har skapt uro i Kina heile året - meir enn 450 berre i første halvår i følgje Han Dongfang, arbeidaraktivist i eksil. Mykje av uroa ... har funne stad i Sichuan, ein innlandsprovins full av forelda fabrikkar, langt unna dei blomstrande kystmarknadene. Men dei siste få vekene har protestane spreidd seg til Hefei i aust og til Jiaohe, ein kolgruveby i nordaust. (83)

Los Angeles Times oppsummerte situasjonen slik våren 1999:

Det florerer med rapportar om arbeidaruro over heile landet, frå Hunan-provinsen i sør til her i Kina sitt nordaustlege rustbelte ... Regjeringa er redd for at arbeidarar - særleg dei arbeidslause, som utgjer mellom 15 og 25 millionar i Kina - kan kome til å organisere seg i masseomfang og bli opphavet til ny opposisjon mot kommuniststyret. Eller - endå verre - at utilfredse arbeidarar kan prøve å knyte band til andre rettslause grupper, for eksempel politiske dissidentar, med sikte på å skape ein samla nasjonal front. (84)

Offisiell kinesisk statistikk stadfestar rapportane om veksande arbeidarmotstand. Det var 198.000 rapporterte arbeidskonfliktar i 1999. Dette talet auka til 327.152 i 2000. Pringle uttrykker det slik: "Denne statistikken viser ein tydeleg auke i konfliktar, ei utvikling som tok til tidleg på 1990-talet." (85) Desse tala inkluderer både individuelle arbeidskonfliktar, som ofte blir løyste gjennom rettsapparatet i Kina, og meir omfattande kollektive aksjonar. Ser vi berre på dei siste, som normalt krev og/eller skaper større organisering, einskap og klassemedvit, finn vi ein liknande trend. Det var 6.767 kollektive aksjonar (stort sett streikar eller gå-sakte-aksjonar der minst tre personar deltok), som omfatta 251.268 personar i alt, i 1998. Dette innebar ein vekst i kollektive aksjonar på 900 prosent frå 1992 av. I 2000 vaks etter offisielle kjelder talet på kollektive aksjonar til 8.247, og 259.445 arbeidarar deltok. (86)

Ei ny og endå viktigare bølgje av arbeidaraktivisme begynte våren 2002. I følgje ein analytikar ligg det viktige i det faktumet at det no var "fastare medlemskap og einskap, leiarskap og eit betre organisasjonsnivå". (87) Frå mars til mai tok rundt 80.000 arbeidarar i to nordaustlege provinsar del i demonstrasjonar utan sidestykke - og desse varte i månadsvis. Rundt 50.000 oljearbeidarar marsjerte og demonstrerte i byen Daqing i Heilongjiang-provinsen. Over 30.000 arbeidarar frå meir enn 20 statseigde verksemder demonstrerte i byen Liaoyang i Liaoning-provinsen. "I begge tilfella reiste arbeidarane krav om utbetaling av forfalne lønningar, pensjonar og erstatningar. I tillegg protesterte dei mot korrupsjon og ulovlege handlingar blant lokale tenestemenn og bedriftsleiarar. Og i begge tilfella vart politi og væpna soldatar brukt for å slå ned protestane." (88)

Arbeidarprotestane i Daqing omfatta forminga av ein uavhengig arbeidarorganisasjon, Daqing provisoriske union av overflødige arbeidarar. Unionen organiserte ei stor mengd arbeidarar frå den same arbeidsplassen. Trass i regjeringa sitt forsøk på å isolere arbeidarane, spreidde kjennskapen til aksjonane seg ut frå Heilongjiang-provinsen. Det førte til at oljearbeidarar i andre provinsar sette i verk solidaritetsstreikar og protestar. (89)

Protestane som arbeidarane ved stållegeringsfabrikken i Laioyang-provinsen sette i verk, tok til som relativt små aksjonar blant berre nokre få tusen arbeidarar, men aksjonane vaks både i styrke og breidde som svar på den statlege undertrykkinga. Slik forklarer Trini Leung det:

Politiet sin brutalitet mot demonstrasjonane og det at fleire tillitsvalde vart arresterte ei veke etter dei første protestaksjonane, førte 30.000 arbeidarar frå meir enn eit dusin fabrikkar ut i gatene i Liaoyang for å vise støtte og solidaritet til arbeidarane ved stållegeringsfabrikken. Desse organiserte så regulære demonstrasjonar i månadsvis. Dei kravde at regjeringa skulle sleppe fri dei tillitsvalde og svare på krava om å undersøke korrupsjon både i bedrifta og i lokalforvaltninga. Hovudstyrken til protestane i Liaoyang ligg i det høge organisasjonsnivået som samla arbeidarane på anlegget rundt eit ope leiarskap. I den forstand har arbeidarane ved stållegeringsfabrikken i Liaoyang organisert den mest vellykka prototypen på ei uavhengig fagforeining i Kina sidan 1949. (90)

På landsbygda ser vi samtidig at "småbøndene, som tidlegare gjennom Kinas historie har drive regjeringar frå makta, er i ferd med å bli rastlause igjen. Dermed er dei med på å styrke rekkene av landets utilfredse, og står side om side med permitterte arbeidarar, kjempande pensjonistar og dei millionane av kinesarar som har vandra frå landsbygda til byane der dei så vidt klarer å overleve." (91) Bøndene protesterer mot låge prisar på landbruksvarer, høge skattar og administrative avgifter (for ein stor del brukt til å finansiere luksuslivet til partitoppane), og mot politiet sin praksis med å jule opp dei som ikkje klarer betale skatten. (92) Kanskje fann den viktigaste bondeprotesten stad i august 2000 i Yuandu i Jiangxi-provinsen (i det sørlege Sentral-Kina):

Meir enn 10.000 sinte småbønder strøymde mot det toetasjes kvite flislagde rådhuset her i august. Dei kravde nedsetting av høge skattar og administrative avgifter som et opp eit kvart overskot frå landbruket ... I følgje folk som bur i byen, barrikaderte forskremde tenestemenn seg inne i bygninga 17. august, inntil 30 lastebilar med væpna politi kom og spreidde mengda. Minst ein bonde vart alvorleg banka i det basketaket som følgde, og meir enn eit dusin andre vart frakta bort ... Då rykta om Yuandu-protesten spreidde seg, var tusenvis av andre bønder på krigsstien gjennom byane i nærleiken ... Dei knuste vindauge og gjekk til og med til angrep på heimane til nokre tenestemenn. Bøndene hevdar at politiet framleis er på leit etter leiarane for protestane. (93)

Den kinesiske arbeidarrørsla gir eit hovudinntrykk av spontan, desentralisert og ukoordinert motstand - men det er meir. Då tusenvis av permitterte arbeidarar i Mianyang i Sichuan-provinsen gjennomførde ein gatedemonstrasjon 7. juli 1997 "for å krevje nye jobbar", skildra arbeidaraktivistar i eksil aksjonen som vakse fram av protestar som hadde gått føre seg i månadsvis, og "som omfatta heile 100.000 menneske i alt". (94) Protestbølgja hadde tydelegvis "ikkje berre omfatta arbeidarar, men også småbønder ... som samarbeidde tett med dei" og som hadde "sete i verk sit-ned-aksjonar og demonstrasjonsmarsjar" i minst eitt år. "Tap av arbeidsplassar har ikkje vore den einaste saka. Dei eldre har kravd forsinka pensjonar utbetalt, og småbønder har kravd kompensasjon for jord som regjeringa har tatt frå dei." (95)

Også nokre mindre enkelthendingar har hatt innslag av planlegging. Då politiet i august 1997 med slag og spark gjekk til angrep på 20 permitterte som demonstrerte utanfor kontora til byleiinga i Dujiangyan i Sørvest-Kina, vart arbeidsfolk rasande. Etter som kjennskapen til samanstøytane spreidde seg, svarte dei med å organisere "dagevis med store og høglydte protestar", som vart støtta av rickshaw-kjørarar som "hjelpte til med å sperre trafikken dei neste dagane". (96)

Kanskje var det Daqing-arbeidarane som gjennomførte det mest slåande eksempelet på organisert aksjon. "Det har vorte sagt at førebuingane (til Daqing provisoriske union av overflødige arbeidarar) hadde funne stad ei lang tid før hendingane i mars. Dette peikar mot at aksjonen ikkje var spontan ... Det høge organisasjonsnivået og den forholdsvis lange førebuingsperioden før protestaksjonane braut laus, kan visast ved det at den provisoriske unionen sendte ut meldingar signert av leiarane." (97)

Opp til no har regjeringa hatt hell med å avgrense arbeidarprotestane og med å isolere og undertrykke aktivistane. Sophie Beach ser det slik:

Utan uavhengige fagforeiningar og bondeorganisasjonar til å forsvare interessene deira, gjennomfører arbeidarar og landsbyfolk regelmessig offentlege protestar mot korrupsjon, arbeidsløyse og økonomiske ulikskapar som tillet dei rike å bli rikare, mens dei fattige ofte ikkje ein gong får betaling for det dei gjer eller leverer. Men når dei protesterande peikar på årsakene til problema og krev demokrati og lovmessig vern av rettane sine, er styresmaktene raske med å slå ned på dei. (98)

Den stadig meir borgarlege kinesiske staten har møtt den gryande kampviljen til arbeidarane med å stramme opp dei juridiske og fysiske undertrykkingsreiskapane til staten. I november 1999 annonserte regjeringa "nye reglar for offentlege samlingar, der ein krev at om meir enn 200 skal samlast, må ein innhente løyve frå lokalt politi. Samlingar av meir enn 3.000 menneske krev løyve frå tryggingsstyresmakter på høgare nivå." (99) Trass i at tiltaka tilsynelatande rettar seg mot nye åndelege rørsler som Falun Gong, er det ingen tvil om at reglane også kjem til å bli brukt mot arbeidarar og lokalmiljø som protesterer. "Enda om få vestlege kommentatorar synest å hugse det, er kommunistregimet svært klar over at klagemål knyta til økonomi og arbeid spela ei viktig rolle i protestane i 1989." "Faren for arbeidaruro plagar [derfor] leiarane i det kinesiske kommunistpartiet mest av alt." (100) Sentralregjeringa held fram med å arrestere einkvar som prøver på å danne ein uavhengig arbeidarorganisasjon. Og for å gjere intensjonane sine eintydige, gav regjeringa i januar 2001 "byar over heile landet ordre om å styrke antiopprørspolitiet". (101)

Samanfatting

Som vi har sett, har dei økonomiske reformene i Kina skapt både alvorleg økonomisk ubalanse og vekst i industrien. For ein stor del har reformene også øydelagd rammeverket og institusjonane som ein treng om ein vil skape ein nasjonalt integrert politisk økonomi som kan ta omsyn til folks behov.

Ei aukande mengd kinesiske arbeidsfolk har betalt ein høg pris for omdanning mot kapitalisme, og mange av dei har begynt å vise at dei både vil og har evne til å forsvare interessene sine. Regjeringa sin suksess med å kvele arbeidarprotestane så langt, endrar ikkje det faktum at den pågåande omdanninga av den kinesiske økonomien i retning kapitalisme mest truleg vil føre med seg ei vidare forverring av leve- og arbeidsforholda for mange kinesiske arbeidsfolk. Derfor kan ein vente ny og kanskje endå meir organisert motstand mot den statlege politikken. Dette kan føre til alvorlege problem for Kina sin eksportorienterte og utanlandsavhengige økonomi. (102)

Det er opp til progressive å avgjere korleis dei stiller seg til arbeidarklassens aktivisme i Kina, no og i framtida. Dei kan halde fram med å sjå på Kina som ei "sosialistisk" (eller heller ei progressiv) suksesshistorie når det gjeld utvikling. I så fall vil dei sette seg sjølv i ein stadig meir reaksjonær posisjon i høve til kinesisk politikk og til den kampen som arbeidsfolk og lokalmiljø fører. Som kinesisk erfaring tydeleg viser, har det aldri vore større behov for å styrke kritikken av marknaden og av marknadssosialismen frå ein klassevinkel. Og behovet er også stort for å vende tilbake til ein sosialismevisjon der makta ligg hos dei sameinte produsentane.


Noter:

1. Paul Bowles og Gordon White: "Contradictions in China's Financial Reforms: The Relationship Between Banks and Enterprises", Cambridge Journal of Economics 13, nr 4 (desember 1989), side 485. [Tilbake]

2. Ibid, side 487. [Tilbake]

3. Oktay Yenal: "Chinese Reforms, Inflation and the Allocation of Investment in a Socialist Economy", World Development 18, nr. 5 (mai 1990), side 709. [Tilbake]

4. Bowles og White: "Contradictions in China's Financial Reforms", side 488. [Tilbake]

5. W K Lau: "The 15th Congress of the Chinese Communist Party: Milestone in China's Privatization", Capital & Class nr 68 (sommaren 1999), side 54. [Tilbake]

6. Ibid, side 78. [Tilbake]

7. Cheng Yuk-shing: "Fleeing from the Asian Financial Crisis: China's Economic Policy in 1997-2000", China Report 38, nr 2 (2002), side 265. [Tilbake]

8. Ibid, side 265. [Tilbake]

9. Bowles og White: "Contradictions in China's Financial Reforms", side 488. [Tilbake]

10. Ibid, side 485 og 488. [Tilbake]

11. John P Bonin og Yiping Huang: "Dealing with the Bad Loans of the Chinese Banks", Journal of Asian Economics 12, nr 2 (sommaren 2001), side 198. [Tilbake]

12. Ibid, side 199-200. [Tilbake]

13. Keith Bradsher: "Another Asian Nation Battling a Crisis In Its Banking System", New York Times 26. oktober 2002; David Lague: "A Government Move to Clean Up Loans Backfires", Far Eastern Economic Review 14. november 2002. [Tilbake]

14. Christopher Lingle: "China's Economic Data Still Erratic", Taipei Times 10. mars 2002. [Tilbake]

15. Andong Zhu: "Growth, Equity and State Enterprises: International and Chinese Perspectives", bidrag på konferansen Rethinking Marxism, "Marxism and the World Stage", Amherst, Massachusetts, 6.-8. november 2003, side 35. [Tilbake]

16. IHLO (International Hong Kong Liaison Office): "Official Jobless Rate in China", Monthly News Bulletin 18. november 2002. [Tilbake]

17. Ching Kwan Lee: "From Organized Dependence to Disorganized Despotism: Changing Labor Regimes in Chinese Factories", China Quarterly nr 157 (mars 1999), side 55-56. [Tilbake]

18. Raymond Lau: "Economic Determination in the Last Instance: China's Political-Economic Development Under the Impact of the Asian Financial Crisis", Historical Materialism nr 8 (sommaren 2002), side 233. [Tilbake]

19. Eva Cheng: "China: Is Capitalist Restoration Inevitable?", Links nr 11 (januar - april 1999), side 62-63. [Tilbake]

20. Rene Ofreneo: "Changing Labour Markets in a Globalising Asia: Challenges for Trade Unions", Asian Labor Update nr 45 (oktober - desember 2002); Richard Smith: "Creative Destruction: Capitalist Development and China's Environment", New Left Review nr 222 (mars - april 1997), side 6. [Tilbake]

21. R Smith: "Creative Destruction", side 6. [Tilbake]

22. "China Admits Grim Unemployment Situation", Times of India 29. april 2002. [Tilbake]

23. Gene H Chang: "The Cause and Cure of China's Widening Income Disparity", China Economic Review 13, nr 4 (2002), side 337. [Tilbake]

24. Liu Yufan: "A Preliminary Report on China's Capitalist Restoration", Links nr 21 (mai - august 2002), side 55. [Tilbake]

25. Keith Bradsher: "China's Car Culture Hits Some Potholes", New York Times 11. januar 2004; Craig S Smith: "For China's Wealthy, All But Fruited Plain", New York Times 15. mai 2002; Elisabeth Rosenthal: "North of Beijing, California Dreams Come True", New York Times 3. februar 2003. [Tilbake]

26. Craig S Smith: "China: Heroes of Capitalism", New York Times 2. mai 2002. [Tilbake]

27. Malcolm Warner: "In the Red: China's State-owned Enterprises at the Crossroads", Asia Pacific Business Review 5, nr 2 (vinteren 1998), side 224; Vanessa Lau: "Forgotten Generation", Dollars and Sense (mars - april 2000), side 12. [Tilbake]

28. V Lau: "Forgotten Generation", side 12. [Tilbake]

29. Margaret Maurer-Fazio og James Hughes: "The Effects of Market Liberalization on the Relative Earnings of Chinese Women", Journal of Comparative Economics 30, nr 4 (desember 2002). [Tilbake]

30. Joseph Kahn: "Ruse in Toyland: Chinese Workers' Hidden Woe", New York Times 7. desember 2003; Smith: "Creative Destruction", side 7-9; Philip P Pan: "Poisoned Back into Poverty", Washington Post 4. august 2002. [Tilbake]

31. Elisabeth Rosenthal: "Harsh Chinese Reality Feeds a Black Market in Women", New York Times 25. juni 2001; Erik Eckholm: "Desire for Sons Drives Use of Prenatal Scans in China", New York Times 21. juni 2002. [Tilbake]

32. Tim Pringle: "The Path of Globalization: Implications for Chinese Workers", Asian Labor Update nr 41 (oktober - desember 2001). [Tilbake]

33. Joseph Kahn: "Making Trinkets in China, and a Deadly Dust", New York Times 18. juni 2003. [Tilbake]

34. Joseph Kahn: "China's Workers Risk Limbs in Export Drive", New York Times 7. april 2003. [Tilbake]

35. Lau: "Economic Determination in the Last Instance", side 234. [Tilbake]

36. Smith: "Creative Destruction", side 10-11. [Tilbake]

37. Pan: "Poisoned Back into Poverty". [Tilbake]

38. Elisabeth Rosenthal: "Without 'Barefoot Doctors', China's Rural Families Suffer", New York Times 14. mars 2001, side A1. [Tilbake]

39. Cheng: "China: Is Capitalist Restoration Inevitable?", side 61. [Tilbake]

40. Ibid, side 61. [Tilbake]

41. Elisabeth Rosenthal: "Blinded by Poverty: The Dark Side of Capitalism", New York Times 21. november 2000. [Tilbake]

42. Ibid. [Tilbake]

43. V Lau: "Forgotten Generation", side 13-14; Pan: "Poisoned Back into Poverty". [Tilbake]

44. David Murphy: "The SARS Outbreak: A Shot in the Arm", Far Eastern Economic Review 5. juni 2003. [Tilbake]

45. Jiang Xueqin: "Consuming Problem", Far Eastern Economic Review 21. desember 2000; Elisabeth Rosenthal: "Deadly Shadow Darkens Remote Chinese Village", New York Times 28. mai 2001. [Tilbake]

46. Isabel Hilton: "Economic Liberalisation Destroyed China's Health Service - Now It Must Rely on Police, Not Doctors, to Fight Sars", Guardian 22. mai 2003. [Tilbake]

47. V Lau: "Forgotten Generation", side 39. [Tilbake]

48. Ben Dolven og Trish Saywell: "Private Lessons", Far Eastern Economic Review 8. januar 2004. [Tilbake]

49. Elisabeth Rosenthal: "School a Rare Luxury for Rural Chinese Girls", New York Times 1. november 1999. [Tilbake]

50. Ibid. [Tilbake]

51. Ibid. [Tilbake]

52. Lee: "From Organized Dependence to Disorganized Despotism", side 54. [Tilbake]

53. "A Dragon Out of Puff", The Economist 13. juni 2002. [Tilbake]

54. Kathy Wilhelm: "The Great Divide", Far Eastern Economic Review 30. november 2000. [Tilbake]

55. Cheng Yuk-shing: "Fleeing from the Asian Financial Crisis", side 267. [Tilbake]

56. Bertell Ollman: "The Question Is Not 'When Will Capitalism Die?' but 'When Did It Die, and What Should Our Reaction Be?'", Nature, Society, and Thought 12, nr 4 (oktober 1999), side 474-475. [Tilbake]

57. Ibid, side 475. [Tilbake]

58. Yufan: "A Preliminary Report on China's Capitalist Restoration", side 55. [Tilbake]

59. Cheng Yuk-shing: "Fleeing from the Asian Financial Crisis", side 269. [Tilbake]

60. Ibid, side 271. [Tilbake]

61. Ibid. [Tilbake]

62. Bonin og Huang: "Dealing with the Bad Loans of the Chinese Banks", side 201. [Tilbake]

63. Cheng Yuk-shing: "Fleeing from the Asian Financial Crisis", side 272. [Tilbake]

64. Ben Dolven: "The Danger of Blowing Bubbles", Far Eastern Economic Review 25. september 2003, side 33. [Tilbake]

65. Ibid. [Tilbake]

66. Wall Street Journal: "China Warns Exporters to Shape Up", 18. mars 1999; Kathy Wilhelm: "China, Starting to Sizzle", Far Eastern Economic Review 24. august 2000. [Tilbake]

67. Stephen Roach: "China's Economy - It's the Real Thing", South China Morning Post 26. februar 2003. [Tilbake]

68. Eva Cheng: "China: Sino-U.S. Trade Deal Will Cement Capitalist Restoration", Green Left Weekly nr 406, 24. mai 2000. [Tilbake]

69. Yufan: "A Preliminary Report on China's Capitalist Restoration", side 56. [Tilbake]

70. Ibid, side 57. [Tilbake]

71. Ibid. [Tilbake]

72. Ofreneo: "Changing Labour Markets in a Globalising Asia: Challenges for Trade Unions". [Tilbake]

73. Elizabeth Tang: "China and the WTO: A Trade Union View of Social Impacts & Workers' Responses", Hong Kong Confederation of Trade Unions, mai 2002. [Tilbake]

74. Unctad: Trade and Development Report 2002: Developing Countries in World Trade (Dei sameinte nasjonane, 2002), side 143. [Tilbake]

75. Ibid, side 149. [Tilbake]

76. Yufan: "A Preliminary Report on China's Capitalist Restoration", side 58. [Tilbake]

77. Jackie Sheehan: Chinese Workers, A New History (New York: Routledge Press, 1998), side 187. [Tilbake]

78. Ibid, side 187-188. [Tilbake]

79. Trini Leung: "The Third Wave of the Chinese Labour Movement in the Post-Mao Era", China Labor Bulletin 2. juni 2002. [Tilbake]

80. Trini Leung Wing-yue: Smashing the Iron Rice Pot: Workers and Unions in China's Market Socialism (Hong Kong: Asia Monitor Resource Center, 1988); Anita Chan: "Labor's Long March: China's Workers Rebel Against the New World Order", In These Times 6. februar 1995. [Tilbake]

81. R Smith: "Creative Destruction", side 9. [Tilbake]

82. Eric Eckholm: "Chinese Democracy Campaigners Push for Free Labor Unions", New York Times 24. desember 1997. [Tilbake]

83. Associated Press: "China's New Threat: Army of Unemployment Creating Wave of Protests Across Nation", Tribune-Star, Terre Haute 26. desember 1997. [Tilbake]

84. Henry Chu: "Chinese Rulers Fear Angry Workers May Finally Unite", Los Angeles Times 4. juni 1999. [Tilbake]

85. Tim Pringle: "Industrial Unrest in China - A Labor Movement in the Making?", China Labor Bulletin 31. januar 2002. [Tilbake]

86. Ibid. [Tilbake]

87. Leung: "The Third Wave of the Chinese Labour Movement in the Post-Mao Era". [Tilbake]

88. Tang: "China and the WTO: A Trade Union View of Social Impacts & Workers' Responses". [Tilbake]

89. Leung: "The Third Wave of the Chinese Labour Movement in the Post-Mao Era". [Tilbake]

90. Ibid. [Tilbake]

91. Chu: "Chinese Rulers Fear Angry Workers May Finally Unite". [Tilbake]

92. Craig S Smith: "China's Farmers Rebel Against Bureaucracy", New York Times 17. september 2000, side 1. [Tilbake]

93. Ibid. [Tilbake]

94. "Troubled Sleep in Sichuan", The Economist 26. juli 1997, side 35. [Tilbake]

95. Ibid. [Tilbake]

96. Associated Press: "China's New Threat". [Tilbake]

97. Leung: "The Third Wave of the Chinese Labour Movement in the Post-Mao Era". [Tilbake]

98. Sophie Beach: "Tiananmen Plus Ten", The Nation 14. juni 1999, side 7. [Tilbake]

99. Erik Eckholm: "China: Crowd Control", New York Times 25. november 1999. [Tilbake]

100. Chu: "Chinese Rulers Fear Angry Workers May Finally Unite". [Tilbake]

101. Erik Eckholm: "Chinese Officials Order Cities To Bolster Riot Police Forces", New York Times 30. januar 2001. [Tilbake]

102. Dong Xulin: "Looming Social Crises: China at a Cross Road", bidrag på Socialist Scholars Conference, New York, 16. mars 2003. [Tilbake]