Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Den generelle politiske kampen
og stoda ved universitetet

av eit medlem av AKP ved UiO og
eit medlem av NKS og AKP ved UiO

Røde Fane nr 2b, 2003 - Forsvar høgskoler og universitet


Dei siste åra har det stadig vorte vanlegare at studentar blir avhengige av innkomer frå deltidsarbeid ved sidan av studiane. Dette var uvanleg for til dømes berre tjue år sidan, og likevel har ein mest til gode å høyre dagens studentar setja spørjeteikn ved dette. For dei fleste er det heilt umogleg å vera heiltidsstudent om ein berre skal leva på det Lånekassa gjev. Å stilla krav om at dette skulle vera mogleg, er eit ikkje-tema mellom studentane i dag. Det forunderlege er kor fort kravet om et lån å leva av har stilna.

Relativt få studentar er politisk organiserte, eller for å seie det på eit anna vis: Sers få er engasjert i dei politiske studentorganisasjonane. Desse organisasjonane er i det store og heile heller ikkje serleg synlege ved universitetet, noko som naturlegvis har samanheng med at dei er so små. Dette er i sin tur med på å syte for at dei kan verke "lukka" for folk som kjem utanfrå. Det som kan minne om organisering av progressive studentar, er Raud Front. Den skipar til intellektuelle kosekveldar med debatt og øl til. Organisasjonen er dessutan lite utadretta og lite aktivistisk.

Dei aller fleste studentane har ogso eit sers distansert tilhøve til dei instansane som skal halda studentane sine interesser i hevd og vera det offisielle "studentdemokratiet". Mindre enn 10 % av studentmassen røystar ved studentparlamentsvala, og det er svært få som veit kven som sit i parlamentet og kva dei i det heile driv med. Det er faktisk sånn at mange studentar ikkje veit korleis ein røystar. Dessutan er det vanskeleg å finne tillitsvalde til fagutvala, mest fordi folk er redde for at det skal ta opp for mykje tid. (Hugs her dobbeltarbeidet, i tillegg til at mange studentar er i etableringsfasen.) Dei som seier seg viljuge til å sitja der, får låk informasjon om kva mandat dei har og kva dei konkrete arbeidsoppgåvene er (utover å skipa til fest).

I kombinasjon med ein svakt organisert studentmasse, fungerer det tannlause alibiet av eit studentdemokrati som ein framifrå reiskap for å hevda at det har vore ei "demokratisk" handsaming av utdanningsreformar; noko som er med på å legitimera forverringa av vilkåra for studentar.

Studentane sit mest att med positive inntrykk av den sokalla "Kvalitetsreforma". Kortare studielaup, meir undervisning og tettare oppfølgjing verkar utelukkande positivt for dei fleste studentane. Mest sannsynleg kjem dette av at dei negative konsekvensane er lite kjende. Dei negative konsekvensane er mellom anna mindre tid og ressursar til forsking, større arbeidspress på dei vitskapleg tilsette, med alle dei konsekvensane det fører med seg - kvantitet framfor kvalitet i undervisninga. Dessutan vert den relativt store fridomen norske studentar har hatt svært redusert med innføringa av dei nye programma med på førehand fastsette fagkombinasjonar.

I staden kjem 25-åringar attende til gymnasstadiet. Mappeevaluering og 10.000 ekstra kroner verkar forlokkande på studentar. Pressa har, med Klassekampen som eit heiderleg unnatak, ikkje teke tak i reforma, og soleis ikkje fylt si rolle som informasjonsytar i denne saka.

Då semesteret starta no hausten 2002, vart det med brask og bram frå Universitetet i Oslo si side lansert ein studentfestival. Det var ikkje måte på kor mange plassar ein kunne drikka ein halvliter.

I desse to første vekene av semesteret var det óg organisasjonsdagar. Dei politiske studentorganisasjonane var avspist med tida mellom 14 og 17 for å markere seg og sine standpunkt. Dette kan sjåast på som ein del av ein ideologisk strategi for å hindre at studentorganisasjonane veks seg store og sterke att.

Radikaliseringa av studentmassane etter utdanningseksplosjonen på 1960- og 70-talet skremde borgarskapet og deira tette allierte. AKP(m-l) og etterkvart NKS vart dei leiande kreftene på venstresida, og kampane mellom m-l-arane på den eine sida og DKSF på den andre i Studentparlamentet var harde. I ettertid har Studentparlamentet utvikla seg til å bli ein mellomstasjon for sosialdemokratar og andre høgrefolk på vegen frå ungdomspartia til moderpartia, og eit springbrett til godt betalte stillingar i utdanningssektoren eller staten. Dette er med på å

Då venstresida dei siste åra ikkje har vore representert i denne forsamlinga, har det ikkje vore nokon der som har hatt høve eller vilje til å setja kjelkar i vegen for denne utviklinga. Trass i at Studentparlamentet ikkje er stort anna enn ei demokratisk kappe for Universitetet i Oslo, hadde det vore nyttig med progressive der, både for rørsla, for Studentparlamentet som instans og for engasjementet. Dette fordi de progressive:

Raud Front har ikkje stilt liste til parlamentsvala. Det "radikale" alternativet - eit prosjekt skapt av folk til høgre i SU - er "De radikale" som i den seinare tida har opplevd strid fordi venstresida meiner seg ignorert internt i arbeidet. Dei leiande kreftene i "De radikale" er til dømes ikkje sterkt i mot "Kvalitetsreforma" - om i det heile. Det ville vore sunt for studentane sitt engasjement med opposisjonelle vindar i parlamentet.