Røde Fane nr 3, 1995 |
|
|
|
Redaksjon for dette nummeret: Erik Ness (redaktør), Tor Otto Tollefsen, Eva-Lill Bekkevad, Magnus Bernhardsen, Kjersti Røhme, Taran Sæther, Birger Thurn-Paulsen, Johan Petter Andresen og Ola-Jacob Sønsthagen. LeiarMed dette nummeret av Røde Fane, har redaksjonen og lesarane faktisk nådd ein viktig milepæl. Da AKP bestemte seg for å relansera Røde Fane hausten 1993 etter ei tid med noko sporadiske utgjevingar, stilde vi oss som mål å laga det "nye" Røde Fane med regelmessige utgjevingar 4 gonger i året. Det nummeret du held i handa, er det åttande, og vi er faktisk i rute! Til nå har bladet vore fyld med ei blanding av tilfeldig innsendt stoff, artiklar vi har komme over i andre fora som vi har tenkt vil interessera våre lesarar, og noko førehandstinga stoff om tema vi har ynskt å prioritera. Men innhaldet frå nummer til nummer kan ha verka noko tilfeldig samansett. No er det på tide å leggje planar for å utvikle retninga og det politiske innhaldet i dette tidsskriftet. Vi må leggje meir langsiktige planar for kva debattar og områder som dette bladet må konsentrera seg om og vil utvikle i tida som kommer. Verda vert garantert ikkje noko fredelegare plass dei næraste tiåra. Kva vil vi? Røde Fane blir utgjeven av AKP. Det har opplagt ein del å seia for redaksjonens politiske ståstad. Men Røde Fane - og AKP - ynskjer dialog og debatt med alle som ynskjer å vera i dialog med oss. Usemja er stor, både i og utafor AKP, men mangt er vi samde om óg. Lat oss taka debatten og sjå om vi har noko å læra av kvarandre. Meir enn nokon gong treng marxistar, revolusjonære sosialistar og kommunistar å søkje svar på dei verkelege problema i verda. Vi ynskjer å vera eit forum for kunnskap, teori og debatt som ingen på den norske venstresida kommer utanom. Vi ynskjer å vera eit forum som stimulerer til fordjuping og utvikling av naudsynt marxistisk teori og analysar. Den slags kunnskap som trengst - ikkje berre for å forklåre verda - men for å endra ho. Vi ynskjer at bladet skal sjåast i landskapet, på gata, i demonstrasjonar, der vi møter einkvan. Vi ynskjer at fleire tar blekka med seg på kantinane, i fagforeiningane, på trikken og at det blir lest og brukt som utgangspunkt for fruktbare diskusjonar. Til dette treng vi ressursar. Ikkje berre pengar - men folk som tenkjer og skriv og vil dela tankane sine med oss. Vi trenger lesarar og brukarar i mange miljø - ikkje berre dei som høyrer til Arbeidaranes kommunistparti. Vi treng større breidde i stofftilfanget - og fleire som er viljuge til å krangla i spaltene våre. Vi treng fleire friviljuge redaksjonsmedlemmar (- særleg kvinnemiljø og radikale ungdommen er dårleg representert). Vi treng folk som les og kan skriva om nyttig politisk litteratur. Og vi treng sjølvsagt pengar for å gje ut blekka. Da må vi verve abonnentar. Kanskje du kjenner ein? Vi veit at du er der også, du som les Røde Fane i smug. Om du sender nokre kroner til vår postgiro, har du sikra deg god lesing i framtida óg. Baksideillustrasjon:
Annonse i Erling Falcks bok Racerne - menneskenes fordeling over jorden, utgitt av Arbeidernes Aftenskole i 1925. |