Minoritetsutrydding på norsk

av Erling Folkvord

Trykt i Dagbladet 2. august 2003
Gjengitt med forfatterens tillatelse

Tilbake til hovedsida for denne debatten


I Noreg er vi gode på spørsmål som gjeld krenking av menneskerettar. Kanskje er vi best når overgrepa er langt vekke?

Utan medieblest behandla Stortinget i 1996 eit RV-forslag om at "staten skal gi oppreisning til taterne som gruppe og erstatning til tatere som har vært utsatt for etnisk rensing eller andre overgrep begått av statlig myndighet eller av noen som har handlet på statens vegne". RV ba Stortinget "anerkjenne taternes rettigheter som etnisk minoritetsgruppe". Taterpolitikken er ein svart flekk i norsk politikk: "Myndighetenes politikk overfor de reisende har alltid gått ut på å utradere dem, enten gjennom ren utryddelse, eller ved å få de reisende til å oppgi sin levemåte," skreiv førsteamanuensis Ragnhild Schlüter i 1990.

Eit folk kan ikkje sjøl bli fritt så lenge det er med på å undertrykkje eit anna folk. Derfor tok RV taterutryddinga opp i Stortinget, sjølv om det ikkje var god tone. Åge Hovengen (på Stortinget 1977-1989) forklarte meg for seks år sia kor uråd det hadde vori å få til oppgjer med taterpolitikken: "Hvis du her i Stortinget tok til orde for erstatning til noen av de reisende, da hadde du dumma deg ut."

Da Stortinget i 1996 måtte ta ei brei drøfting av taterutryddingspolitikken, ga dette ei viss støtte til dei som i tiår har arbeidd motstrøms for taterane sine menneskerettar. Men det meste er ugjort. Vi har ikkje fått svaret på korfor den norske staten førte utryddingspolitikk mot ein minoritet. Tateraktivistane som har kravd å få vite kven av deira landsmenn som ligg i massegrava på Ris i Oslo, i lag med andre som døydde etter lobotomi, har heller ikkje fått svar. Dei vil setje opp ein minnestein med namn.

Det er så lett å gå utanom. Vi treng å få på bordet både samfunnsmessige og ideologiske årsakar til taterhatet i den norske staten. Korfor var det så enkelt for gode humanistar å vere for taterutrydding? Eitt eksempel: Johan Scharffenberg (1869-1965). Caplex fortel at han "virket for avholdssak, sosial rettferd og toleranse og ble en av førerne i kampen mot nazismen 1940". På 1930-talet dreiv han kampanje for taterutrydding ved å hindre forplanting. Han var klar og tydeleg i Arbeiderbladet: "Internering eller tvungen sterilisasjon (...) For det som er urent av natur kan det ikke være håp. Ingen vask kan gjøre tateren hvit." Nyleg møtte eg menneskerettsjuristar i Tyrkia som fortalde om slike kampanjar idag, mot kurdarar.

Etter norsk standard var Scharffenberg humanist. Problemet er at han og mange andre humanistar syntest det var greitt å utrydde taterane.

Professor Hagtvet, som forsvarar menneskerettar, har tatt til orde for å leggje ned RV. Eg vil oppfordre han til å undersøkje årsaka til at ikkje andre parti enn RV reiste krav i Stortinget om oppgjer med taterutryddingspolitikken. Det kan nok vere ubehageleg å få avdekka kor djupt og konkret den norske statseliten var engasjert i rasistisk motivert folkeutrydding, men eg trur det er nødvendig.