13. mars 2003

Magnus Bernhardsen
er med i internasjonalt utval i AKP

EU-motstand eller euroreformisme?

Hovudparolane for dei sterke rørslene mot EU i Skandinavia har vore å seia nei til medlemskap, og å kjempa for utmelding om ein er komen innafor. Dette er gamaldags, hevdar trotskistleiarar.

Med støtte frå Utanriksdepartementet har ei gruppe med utgangspunkt i Forbundet Internasjonalen oppretta Sosialistisk europadebatt (euro.leftist.net). Dei har og gjeve ut eit hefte med tekstar om EU og Euro, Strategier for et sosialistisk Europa. Heftet inneheld hovudsakleg ulike synspunkt frå parti og organisasjonar i den trotskistiske tradisjonen, og på tradisjonelt trotskistisk vis er dei ikkje samde om eventuelle strategiar for eit sosialistisk Europa. (Trotskismen er ei sosialistisk retning som byggjer på Leo Trotski. Internasjonale sosialistar er den største trotskistiske gruppa i Noreg.) Det dei jamt over er samde om er at den måten me i Noreg har kjempa mot EU på, og vunne to folkerøystingar på, er galen.

Francois Vercammen er ein av leiarane i den største av dei mange fjerde-internasjonalane, som regel kalla USFI. Han vart intervjua i bladet til det danske partiet Socialistisk Arbejderparti om arbeidet med EU i USFI. Intervjuet er trykt i heftet. På spørsmål om korleis han "vurderer den tradisjonelle, progressive EU-motstanden i Skandinavia" svarer han slik: "- Jeg mener, at taktikken om at "forlade EU" er blevet forældet. For det første vil det ikke få nogen konsekvenser for resten af EU, hvis Danmark fortsat nægter at deltage i ØMU'ens tredje fase."

Spørsmålet om Danmark skal vera medlem i EU er altso fyrst og fremst viktig om det får konsekvensar for resten av EU?

"- For det andet giver det at stå udenfor en falsk fornemmelse af 'selvbestemmelse'. Danmark er fuldstændig afhængigt af EU. I har antaget og gennemfører alle Maastricht-kriterierne og Stabilitetspagtens indhold. Den danske krone og økonomi har ingen autonomi. Den danske regering er en integreret del af alle de grundlæggende EU-institutioner."

Men om Danmark går ut av EU, og dei får ein betre avtale med EU enn EØS, vil vel desse prosessane kunne endrast? I det minste er det mogleg, om den politiske vilja finst.

"- For det tredje vil det afskære jer fra den fælles kamp for konkrete krav under perspektivet om at bekæmpe EU indefra sammen med resten af den europæiske arbejderbevægelse, hvis I ikke forholder jer til realiteterne, men holder fast i den traditionelle "ud af EU"-strategi."

Er det slik at Vercammen meiner grensene til EU er større og viktigare enn statsgrenser elles? Dei meiner vel ikkje at sosialistar i Sveits og Noreg er avskorne frå arbeidarklassen elles i Europa med murar ein ikkje kan klyva over?

Alt dette er som å høyra dei "radikale" i Europarørsla. Motstand mot innlemming i den europeiske superstaten er ikkje til å unngå, det er reaksjonært og nyttelaust å stå i mot. Og ein isolerer seg frå resten av den europeiske arbeidarrørsla. Og aksiomet om å halda seg til realitetane kjenner me vel frå "ho Gro"...

Nei-folka i Noreg har opplevd å stå i mot EU to gonger. EØS-avtalen og Schengen-avtalen har vore skitne statskupp frå EU-tilhengjarane. Me kunne stått i mot dei og, om me hadde vorte spurde ...

Eg meiner eit av hovudproblema til trotskistane i EU-spørsmålet er det reformistiske utgangspunktet deira. Vercammen seier mellom anna dette om ein sosialistisk EU-strategi:

"- For det første må vi afvise EU, fordi det i bund og grund er anti-socialt og anti-demokratisk. Det må være op til de europæiske folk at diskutere og afgøre de grundlæggende spørgsmål, der påvirker deres liv og fremtid. Den eneste måde, det kan ske på, er gennem almindelig stemmeret, hvor folk vælger deres repræsentanter.

- De valgte repræsentanter må samles på en europæisk kongres, hvor de beslutter, hvilke grundlæggende principper de ønsker samfundet opbygget omkring. De må tage stilling til spørgsmål som privat eller offentlig ejendomsret, demokrati og hvilken slags demokrati, forholdet mellem kvinder og mænd, hvilke samfundsmæssige prioriteringer: uddannelse, sundhed, osv., hvilke grundlæggende borgerrettigheder, og hvilken slags europæisk konføderation de ønsker."

Med andre ord: eit meir føderalt EU med meir makt til EU-parlamentet. Det er strategien for eit sosialistisk Europa! Det eg sit att og undrast på er fylgjande: Ingen stad i Europa er det fleirtal for sosialisme i dag. Korleis skulle det verta det på ein europeisk kongress? Og er det lettare å få til fleirtal i heile Europa, enn i eit land som står utanfor EU?

[Og her er ein peikar til Nei til EU.]

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside