9. juli 2003

Jan Erik Skretteberg
studerer russisk ved Universitetet i Oslo, og er aktiv i AKP og NKS der

Russland ut av Tsjetsjenia!

Så small det atter ein gong. 15 døydde som resultat av sjølvmordsbombene på Tusjino-flyplassen nord for Moskva. Fem norske studentar stod femti meter unna eksplosjonen. Heldigvis gjekk det bra med dei. I likskap med gisseltakinga i Dubrovka-teateret i oktober i fjor, er dette terror mot uskuldige sivile som ikkje kan forsvarast. Men aksjonane syner i høgste grad kor desperate tsjetsjenarane er. Nupi-forskar Helge Blakkisrud uttalte til NTB 6. juli at kvinnelege sjølvmordsbombarar er noko nytt i tsjetsjensk motstandskamp. Tradisjonelt stemmer ikkje dette med det kaukasiske kjønsrollemønsteret.

Tsjetsjenia er ein liten republikk langt sør i Russland. Ikkje noko anna folkeslag i heile det gamle Sovjet-samveldet har vore utsett for ei så systematisk og langvarig undertrykking over så lang tid som tsjetsjenarane. Hatet mot russarane er skildra i Tolstojs Hadzjij Murat allereie på slutten av 1800-talet. Den store forfattaren var sjølv mange år offiser i Kaukasus på midten av dette hundreåret.

Etter andre verdskrigen vart heile folkesetnaden i Tsjetsjenia kollektivt deportert, visstnok for å ha samarbeidd med tyskarane. 600.000 menneske vart sende til Kasakhstan, på andre sida av Kaspihavet. Dei fekk lov til å vende heim på slutten av 50-talet, men då var dei 150.000 færre. Etter Sovjet sitt fall erklærte Tsjetsjenia seg uavhengig allereie i november 1991. Og dette fekk tsjetsjenarane til ein stor grad lov til.

Men då eit internasjonalt oljeselskap avgjorde at dei ville leggja ein oljeleidning gjennom Tsjetsjenia frå Baku i Aserbajdsjan, forstod Jeltsin at det var om å gjera å vinne att kontrollen i området. I 1994 gjekk russiske troppar inn i Tsjetsjenia. Krigen vart blodig. Somme kjelder hevdar at så mange som 50.000 russarar vart sende heim i kister. Etter fredsavtalen i 1996 vart det ganske roleg fram til august 1999. Då tok tsjetsjenske opprørarar seg inn i grannerepublikken Dagestan for å få dei med på opprøret mot russarane. Dette gav russiske styresmakter påskot til å starte krigen att.

Litt seinare går ein russisk militærleir i lufta, og store bustadblokkar i Moskvas forstadar eksploderer. Russiske styresmakter skulda tsjetsjenske separatistar, men det er i ettertid godt dokumentert at FSB (tryggingspolitiet, arvtakaren til det meir kjende KGB) stod bak sprenginga av blokkane. 300 menneske døyr i desse aksjonane. På denne måten fekk Boris Jeltsin snudd merksemda vekk frå sin eigen katastrofale politikk, og "ein kortvarig operasjon" for å halde freden i hevd var i gong. Men krigen ville heller ikkje no bli vunne på kort tid. Dei russiske brota på menneskerettane var, og er, omfattande. 250.000 menneske er på flukt internt i Russland. Det er funne massegraver fleire plassar, og sivile som har hjelpt skadde tsjestjenarar har vortne fengsla.

Og krigføringa vart auka i skuggen av 11.september 2001. Då stilna óg kritikken frå verdssamfunnet. Dei kunne ikkje kritisere russarane for å gjera akkurat det same som vesten ynska å gjera i Afghanistan (og seinare i Irak. Kven er nestemann på lista?). Før dette var tilhøvet mellom Russland og Nato mildast talt kjøleg. No utgjev desse partane seg for å kjempe den same krigen. Verda er vorten ein fårlegare plass å bu etter 11. september.

Det er ikkje på grunn av korkje fly som flyr inn i høghus på Manhattan eller tsjetsjenske kvinner som vel å sprengje seg sjølv i lufta, men på grunn av ein skummel allianse av verdas mektigaste finansfyrstar og statsleiarar som vil ha fulle og heile rettar over verdas oljerikdomar. Desse folka skyr ingen middel for å oppnå sine mål. Talet sivile som er drepne, har svelta i hel og drive på flukt som konsekvens av krigen i Tsjetsjenia er stort. Dette er ein krig om det same. Russarane vil halde på republikken grunna olja i nærleiken. Det handlar om olja i Kaukasus, det handlar om olja i Midtausten, det handlar om olja i Sentral-Asia. Aktørane er verdas supermakter og storkapitalen. Ofra er dei sivile, vanlege menneska som ikkje har noko meir innvikla ynskje enn å få leva i fred, som vil la borna sine vekse opp i eit fritt Tsjetsjenia.

Rossija protsj iz Tsjetsjni! Russland ut av Tsjetsjenia!

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside