30. januar 2002

Ingrid Baltzersen
er sentralstyremedlem i AKP

Æresdrap

Æresdrap handlar ikkje berre om kvinneundertrykking. Det handlar om undertrykking av innvandrarar som gruppe - og om kulturkonflikter. I media no vert løysninga: "me må forklara desse innvandrarane at æresdrap er ulovleg." Drap er faktisk ulovleg dei fleste stader, sjølv om drap på kvinner i familien ein del stader ikkje vert etterforska så grundig, eller har lågare straffer. Frå deler av venstresida får me ofte høyre at: "me må innsjå at islam er fienden". Tekstane i islam er ikkje verken verre eller betre enn tekstane i dei fleste andre store religionane. Og dei kan tolkast, som i dei fleste religionar. Så kva er problemet?

Når folk drep folk dei elskar, er det som regel ikkje ein ideologisk handling, men ein handling folk gjer når dei er trykt opp i eit hjørne. Mange innvandrarar har møtt eit norsk samfunn som ikkje har vore interessert i å gje dei bekrefting på at dei er viktige eller nyttige eller velkomne. Mange innvandrarar og flyktninger har mest kontakt med folk frå det landet dei ein gong kom frå. Eit slik samfunn er gjennomsiktig. Viss ein vert sosialt straffa fordi ein ikkje gjer slik ein er forventa, rammar dette hardt, fordi ein vert sett ned på av dei ein vil bli bekrefta av. Menneske er veldig avhengige av bekrefting.

Kvinneundertrykking får lett gjennomslag i slike situasjoner, noko ein ser i mange krigar òg. Når livssituasjonen er vanskeleg, er det fint å kunna kontrollera noko i alle fall, og siden det er menn som har makta i dei fleste samfunn, er det menn som kan kontrollera kvinnene.

Poenget mitt med dette er ikkje å forsvara æresdrap, men å prøva å forklara mekanismene bak det. Og å seie at det ikkje er noko som er særskilt for islam. For å forandra dette hjelper det ikkje å sei at det er ulovleg, det eg vil tru vil hjelpa er å gje folk ein betre livssituasjon, og betre utdanning i å forstå det norske samfunnet og kulturkonfliktane ungane deira kan komma i. Dette har mange ungar jobba seg gjennom sjølv, med ulikt resultat, og har god kompetanse på som dei kan bringa vidare.

Eg er redd for at media vil komma hoppande med mange gode forslag, slik som dei gjorde når Kadra-saka var oppe og det var eit forslag om at tollbetjenter skulle sjekka om jenter var omskorne. Då er det viktig at venstresida har litt å komma med, både av politiske tankar og praktiske løysingar. Det å leggja skulda på islam eller kultur er ikkje løysinga. Same kven si skuld det er så får me ha litt meir konkrete forslag om korleis dette kan endrast, og det er ikkje berre imamane som må ta ansvar!

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside