11. mars 2002

Gudmund A Dalsbø
er redaktør for www.akp.no

Endeleg! Eit sanningsord i arbeidslivet!

"Av folk og fulle barn skal ein høyre sanninga," seier eit ordtak. No får vi ho også frå Det kongelege arbeids- og administrasjonsdepartement og frå LO og dei andre fagorganisasjonane. Avtalefesta til og med.

Sanninga står å lese i den nye hovudavtalen i staten. Dei som har drive litt med fagleg politikk, kjenner sikkert til at hovudavtalane i arbeidslivet er dei dokumenta som regulerer samarbeidet mellom dei som sel arbeidskrafta si og dei som kjøper ho. Avtalane gir arbeidsfolk og fagforbund nokre rettar ("medbestemmelse"), samstundes som det vert stramma kraftig inn på streikeretten. Den første hovudavtalen kom da også i 1935 etter lang tid med såkalla uro i arbeidslivet.

Den første særeigne hovudavtalen i staten kom først i 1980. No er det ein kjent sak at svært mange av oss statstilsette er latsabbar som helst gjer minst mogleg anna enn å hente lønsslippen. Difor har ein alltid funne det turvande å ha med ein passus eller to som kan minne oss om at vi – i alle fall i prinsippet – har eit arbeid som skal vere til nytte og glede for fellesskapen. T.d kunne det stå noko slikt som at "samarbeidet bør utvikles slik at dette kan bidra til fleksibel og brukervennlig tjenesteyting med et godt arbeidsmiljø, god ledelse, bedre resultatoppnåelse og et godt forhold til publikum".

Ingen kan vel vere mot dette – i teorien. Men det vert jo i dyraste laget om ein skal følgje det opp i praksis. Og når løyvingane ikkje strekk til, så ender det med at ein gir blaffen – heile formuleringa vert berre dikt og forbanna løgn.

Inntil no for ein månads tid sidan. Då vart partane i arbeidslivet samde om ei revidering av hovudavtalen. Litt småpirk her og der vart forandra. Og midt oppi dette har vel noen – kanskje ein frå kristenregjeringa – fått samvitskval, og spurt: "Kan vi ikkje like godt seie sanninga?" Og så vart dei samde om ei enkel løysing: ordet "publikum" vart endra til "borgerne".

Akkurat: No skal den offentlege tenesteytinga ha eit godt tilhøve til borgarane. Eller som det heiter i neste avsnitt: "Avtalen skal bidra til gode tjenester for fortsatt å kunne opprettholde legitimitet og tillit hos borgerne."

Og det er jo noko heilt anna – og truleg mykje billigare. I alle fall er det sannare.

[Hovudavtalen]

Førre meining | Fleire meiningar | AKP si heimeside

Til AKP si hjemmeside