akp.no

Tenestedirektivet
rammar dei lågtløna

av Jan Erik Skretteberg

akp.no nr 2, 2007


Til no er det mest i tradisjonelle mannsyrke at ein ser tendensar til sosial dumping. Men EU sitt tenestedirektiv vil opna for import av arbeidskraft også i sektorar som er kvinnedominerte.

Kvinneyrka har lågare løn enn mange mannsyrke - snittet ligg på kring 85 prosent av løna i mannsdominerte sektorar.  

Mange damer arbeider innanfor tenesteytande sektor og kan difor bli utsett for auka press på rettar, dersom tenestedirektivet blir norsk lov. Tenestesektoren er i sterk vekst i Noreg.  

Tenestedirektivet vil leia til auka grad av sosial dumping. At me har eit nokonlunde ordna arbeidsliv i Noreg, skuldest at me har tariffavtaler og ikkje lovfesta minsteløn. Tariffavtalane og kontrollinstansane i arbeidslivet er truga av framlegget til tenestedirektiv. Sidan regjeringa i Soria Moria lovte å gå mot eit tenestedirektiv som fører til sosial dumping, er det riktige no å krevja eit endeleg veto mot direktivet!  

Sosial dumping  

Det finst fleire definisjonar på sosial dumping. NHO meiner at det er sosial dumping når ein tener mindre i heimlandet sitt. Fagrørsla har ein annan definisjon. Fellesforbundet seier til dømes at det er sosial dumping når løns- og arbeidsvilkår blir så dårlege at dei konkurrerer ut norske arbeidstakarar og undergrev det norske tariffsystemet.  

I Noreg vil innføringa av EU sitt tenestedirektiv syta for endå større press på rettane til dei her til lands som har dei lågaste lønene frå før av. I fleire av EU-landa ligg dei gjennomsnittlege lønene på mindre enn 20 prosent av tilsvarande lønningar i Noreg.  

Når konkurransen er hard, vil mange firma bli pressa til å nytta billegare utanlandsk arbeidskraft. Reportasjane om polakkar og baltarar som har arbeidd lange dagar i Noreg for vekslepengar, er mange.  

De Facto si rapport om tenestedirektivet har passande nok tittelen EUs tjenestedirektiv - hva blir prisen - hvem betaler?. Heftet er vorte den viktigaste reiskapen for tenestedirektivmotstandarane for å prova at direktivet faktisk vil ha auka sosial dumping som målsetnad.


Fanemarkering mot tjenestedirektivet

LOs representantskap hadde møte i Oslo om tjenestedirektivet 27. februar. Da var det en fanemarkering på Youngstorget hvor mange fagforeninger var med, også fra Trondheim og Stavanger. Terje Skog sa at representantskapet ville kreve at regjeringa foretar grundig utredning og en konsekvensanalyse. «En utsettelse er en taktisk seier,» sa Skog. «Det viser at det nytter med engasjement og aktivisering.» «Nå får vi tid til å diskutere med flere og mobilisere enda bedre. Regjeringa må ikke tukle til dette og sende signal om at tjenestedirektivet er OK.»