akp.no fekk tak i Mimir Kristjansson, nyvald leiar i Raud Ungdom, på påskeferie på Island. Me gratulerer han med leiarvervet og lurer på kva Raud Ungdom skal jobba med dei neste to åra.
- Kvifor er det behov for ein revolusjonær ungdomsorganisasjon?
- Fordi me har eit behov for eit revolusjonært parti, fordi me skal laga revolusjon i Norge. Enklare enn det blir det vel ikkje.
- Kva vil organisasjonen gjera for å bidra til at det blir danna eit nytt revolusjonært parti i Noreg?
- Me har sterke meiningar om denne prosessen, og skal setta sterke krav. Me sit jo i samordningsforumet mellom RV, AKP og RU, og me har ikkje tenkt å sitta på sidelina og venta.
- Har du noko ideal for korleis partiet skal vera?
- Det viktigste for oss er at det vert eit ope og inkluderande parti, som tar opp i seg alle ulike revolusjonær sosialistiske retningar som finst, og samlar dei. Det er ikkje nok å berre samla AKP og RV, ein må også laga eit nytt parti for den nye generasjonen sosialistar.
- Kva er nytt?
- Viktigast er at me må jobba på spreng for å gjera det nye partiet til eit folkeleg parti, eit parti for folk flest, for å bruka Frp-retorikken. RV og AKP og RU er i dag organisasjonar for ein mindre del av befolkninga. Me treng eit radikalt og folkeleg alternativ.
- Kva organisasjonsmodell er best for det nye partiet?
- RU har vedteke at eit nytt parti ikkje bør kalla seg eit kommunistparti, og det er viktig. Eg har ikkje tru på aktivistplikt i vaksenpartiet, sjølv om eg er for å ha det i ungdomsorganisasjonen. Det er eit mål at det nye partiet skal vera meir parti enn det RV er. RV er brokete, og har lite aktive partilag. Det er eit mål å få til aktive lag. Me ynskjer oss eit Raud Vaksen: Raud Ungdom for vaksne med nokre små endringar.
- Kva var det viktigste de vedtok på landsmøtet?
- Me fekk vedteke ein strategi for eit nytt parti, ei ti punkts ønskeliste til det nye partiet med klare krav til RV og AKP. Det var det viktigste me vedtok av politisk art.
- Og viktigste eksterne saker?
- Det er kampanjen mot tenestedirektivet til EU. Tenestedirektivet er viktig for ungdom flest fordi ungdom vert ramma av det. Lærlingløna og løna for ufaglært ung arbeidskraft vil måtte gå kraftig ned, om ho skal konkurrera med polsk lønn. I staden for å "effektivisera" og "modernisera" så det går ut over vanleg ungdom, ønskjer vi i Raud Ungdom å "effektivisera" og "modernisera" politikarane. Difor foreslår vi å avsetta regjeringa og innsette ei ny frå Polen, som ikke berre vil kunne gjøra jobben for 50 kroner timen, men også gjøra han vesentleg betre enn den vi har no. Når politikarane har fått smaka sin eigen medisin, er det nok ikkje lenge til vi får norsk veto mot tenestedirektivet.
- Kjem RU til å jobba mot norsk deltaking i krigen i Afghanistan og Irak?
- Det har me vedteke noko på. Me hadde så mykje å gjera på landsmøtet, så ein del av uttalelsane blei oversendt til landsstyret, men me skal openbart jobba med det. Me kjem også til å jobba med Nepal, ettersom Operasjon Dagsverk har prosjekt der i haust.
- Kva skal de gjera konkret i forhold til Nepal?
- Det blei oversendt landsstyret, men eg reknar med at me skal jobba for å stø helseteam-prosjektet.
- Har de planar for å utvikla organisasjonen til ein stad der jenter har makt og innflyting, og der erfaringane til jenter er viktige?
- Det skal gå bra, for me har fått eit sterkt jentekollektiv inn i sentralstyret no, og dei har allereie starta å ha jentemøter. Eg har stor tru på at dei set dette i førarsetet. Me har også vedteke eit mål om at RV skal ha kvinnelege listetoppar, og at det er eit mål at neste leiar i RU skal vera ei jente. Det begynner me med allereie no.
- Kva er det du gler deg mest til som ny RU-leiar?
- Eg gler meg mest til å sørga for at den raudgrøne regjeringa ikkje skal få ein dag utan venstreopposisjon, og til å trampa ned plenen utanfor Stortinget med aksjonar heilt til det ikkje er meir plen att.