Olje- og gassutvinning gir konserna enorme fortenester - også dei norske: Statoil og Hydro. Knapt nokon sektor innafor verdsøkonomien - om vi ser bort frå narkotika og sexhandel - har større avkasting på investert kapital. Derfor blir pisk og gulrot, militærmakt, diplomati og korrupsjon brukt for å sikre oljekapitalen armslag. Mot denne bakgrunnen må vi sjå den store interessa for "nordområdepolitikk".
I fjor stod norsk olje- og gassutvinning for 20 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) og halve eksporten, men berre 0,7 prosent av sysselsettinga. Berre Saudi-Arabia og Russland eksporterte meir olje enn Noreg. "Vi" eksporterte like mykje olje som Kina importerte!
Inntektene frå denne gigantiske verksemda vart lite brukt her til lands. Overskota vart investert i multinasjonale selskap innafor våpenindustri, kjemisk industri, tobakksindustri osv. Overskotet på den nasjonale handelsbalansen (eksport minus import) var på omtrent 300 milliardar kroner - eller 17 prosent av BNP.
Nesten alle klimaforskarar er einige om at planeten vår opplever store menneskeskapte klimaendringar - og temperaturhevinga (og smeltinga av isbredar) er nært knytt til CO2-utslepp frå brenning av olje, gass og kol. Viss ikkje New Orleans-katastrofane skal auke i tal dei næraste åra, må CO2-utsleppa bli svært mykje redusert. Om 20 år vil olje som energikjelde berre bli seld på mørkeraud resept!
Petroleumsutvinning kjem aldri til å gje mange arbeidsplassar i nord! Nasjonalt sysselsett utvinning av olje og gass vel 16.000 årsverk, og den indirekte sysselsettinga er nesten like lita. Nasjonalt reknar ein med at denne sysselsettinga no har nådd toppen - og dei fleste av arbeidsplassane blir liggande der dei ligg - i sør! I nord kjem olje- og gassutvinning aldri til å gje arbeid til like mange som fiske, og som i fiske vil dei fleste «heldige» vere menn!
Vareproduserande næringar (industri, bergverk, landbruk og fiske) sysselsett berre rundt 15 prosent av dei yrkesaktive her til lands - og prosentdelen minkar. Om få år vil 10 prosent innafor effektive vareproduserande næringar produsere meir enn nok av dei varene som vi treng. Folk arbeider, og vil i aukande grad arbeide, innafor tenesteytande næringar. Ikkje minst vil dette gjelde helse- og sosialsektoren, undervisning og forsking, reiseliv og kultur!
Frå 2000 til 2004 vaks talet på sysselsette nasjonalt innafor ein utvida olje- og gassektor (ikkje berre direkte, men også indirekte i service til sektoren) med vel 4.000 årsverk. I den same perioden vaks talet på årsverk innafor helse- og sosialsektoren med 40.000! (Og også her er "marknaden" både nasjonal og internasjonal.)
Kven sponsar dei som vil ha oss til å tru at framtida for folk (sysselsettinga og busetting) i nord ligg innafor petroleumssektoren? Klarer dei spreie oljeviruset, vil folket i nord tape, men oljekapitalen vil yngle som aldri før så lenge planeten tåler global oppvarming og nye miljøkatastrofar.