Ja-argument utan innhald

av Magnus Bernhardsen

Til innhaldslista for akp.no nr 4, 2004 ||| Til AKP si heimeside


Kampen om EU-medlemskap er i gang. Eigenleg har han vel pågått heilt frå storsigeren i 1994, men no har pressa bestemt seg for å seia det høgt. Korleis argumenterer jasida, og korleis kan me møta dei?

På nettstaden til Europarørsla, www.jasiden.no, ligg det ei argumentrekke for EU. Demokrati, samarbeid, sikkerhet og solidaritet er plussorda som skal få oss til å forstå at vi bør verta euroentusiastar.

Korleis argumenterer dei for at EU er demokratisk? Jau, "[det] er din rett til å være med å påvirke beslutninger som påvirker deg selv" Og kva avgjerder er det som påverkar oss? "Gjennom EØS-avtalen må vi rette oss etter vedtak fattet i EU. [...] Bare medlemskap gir medbestemmelse."

Den openberre løysinga på den udemokratiske EØS-avtalen må vera å melda seg ut. Men samstundes er det og slik at EØS-avtalen trass alt ikkje bind Norge til alt ein EU-avtale inneber Under 20 % av EU-vedtaka følgjer med på lasset.

Ei anna grunn til at EU er "demokrati" er "I en tid med stadig sterkere amerikanisering og globalisering er EU også den sterkeste forsvarer av europeisk kultur." Og dei kallar nei-folk for nasjonalistar ... Kva gjer euronasjonalismen så mykje betre? Kva dette felleseuropeiske er for noko, er og nokså uklårt. Om ja-sida er så redd for "amerikanisering", vil eit reelt kulturelt mangfald i Europa vera eit betre bolverk enn eit fromt ønskje om ein felleseuropeisk nykonstruksjon.

Plussordet solidaritet vert forklåra med at det er "når du tenker lenger enn din egen lommebok". Det er vel difor EU-landa vil stengja innvandrarar ute, det er difor dei legg opp til at dei nye medlemslanda i aust ikkje skal få regulera utanlandske investeringar, og at dei ikkje skal få sikra sin eigen matproduksjon, men må opna dørene for vesteuropeisk jordbruksindustri.

Europarørsla argumenterer ikkje, men slår berre fast at "EU-medlemskap vil styrke deres [Øst-Europas] nyvunne demokrati og sikre velferden". Kvifor skulle det styrkja velferden i Aust-Europa å verta tvinga til å kutta i offentlege budsjett gjennom den monetære unionen og den sams valutaen?

I det heile - det vert aldri gjort greie for kvifor det er betre å gje frå seg sjølvråderetten til EU enn å kjempa for ein best mogleg politikk her heime.