Kva er det USA vil?

Til innholdslista for akp.no nr 3, 2004 ||| Til AKP si heimeside


akp.no har snakka med internasjonal sekretær i AKP, Arnljot Ask, for å finna ut meir om kva som er strategien til USA.

- Med dei nye USA-venlege regima i Irak og Afghanistan, kuppforsøk i Venezuela og kupp på Haiti ser det ut som det pågår ei slags rekolonisering frå USA si side.

- Det spesielle no er at USA nyttar so mykje militærmakt. Dei har drive nykolonialisme økonomisk og politisk lenge, men etter at Sovjet knela i 1990 fekk USA eit større militært spelerom. Alt i 1991 fekk vi den fyrste golfkrigen. Den krigen hadde vore på teiknebrettet sidan 1975, og den viktigaste målsetnadnen var å få militært fotfeste i Saudi-Arabia. USA oppnådde det strategiske målet sitt då.

- Og so fekk vi Jugoslavia-krigen.

- USA var ikkje dei som pressa fram krigen og splittinga av Jugoslavia, men det var USA som tok den militære føringa. USA nytta høvet til å skaffa seg ein viktig militærbase då, i Kosovo. Dette dreier seg ikkje om kortsiktige økonomiske føremuner, men om å fylla det vakumet Sovjet etterlet.

- Korleis heng dette i hop med åtaket på Aghanistan?

- Etter åtaka på New York og Washington 11. september 2001 gjekk USA til krig mot Afghanistan, og fekk etablert basar i dei tidlegare sovjetrepublikkane, frå Svartehavet til Kina. Dei byggjer ned det militære apparatet i Europa og flyttar styrkane til sentral-Asia og Filippinane. Basane i Saudi-Arabia skal flyttast inn i Irak, mellom anna av di det amerikanske militære nærveret i det heilage landet Saudi-Arabia skapar mykje sinne mellom muslimar.

- Det ser ut til at ei av hovudmålsetjingane til USA er å få sett inn venlegsinna regjeringar i "fiendslege" land?

- Jau, USA skapar seg nye lydrike, slik som i Irak og Afghanistan. Etter at dei har nedkjempa regima der militært, set dei inn quislingar frå eksil. Karzai, presidenten i Afghanistan, har ei sterk tilknyting til USA. Det same har styringsrådet i Irak - både det noverande og det som er planlagt frå 1. juli

- Men kva med kupp og kuppforsøk, som på Haiti og i Venezuela?

- Der ein ikkje treng å nytta militærmakt, gjer ein det ikkje. I Venezuela har dei nytta eit fotfeste dei har, og hadde, blant dei med pengar, i pressa og i andre posisjonar for å freista å styrta president Chavez. Haiti er det landet USA har invadert flest gonger, og der har dei folk å spela på lokalt, etter at dei tok økonomisk strupetak på freistnaden til Aristide på å byggja opp landet. Venezuela er viktig for USA som oljeleverandør, Haiti er nok fyrst og fremst viktig av strategiske årsaker i Karibia. I desse høva freistar USA å få sett inn lydige regime.

- Det vert hevda at USA forstrekk seg militært med hærsetjingane i Afghanistan og Irak?

- Me ser no at dei er i ei hengemyr i Afghanistan, og får større og større problem i Irak. Dette var ikkje etter planane deira, og no tryglar USA FN om å koma inn i Irak, etter at USA fnøys av FN i fjor. Dei planla ikkje utfrå langvarige motstandskampar i landa dei hærsette!

- Fører desse problema til ei endring av politikken til USA, trur du?

- Den noverande administrasjonen kan ikkje leggja om lina heilt, dei må freista å stå løpet ut, og å halda på dei to basane i Afghanistan og dei fire basane i Irak, og trekkja seg ut frå mesteparten av landet. Dei vil prøva å byggja opp ein irakisk og ein afghansk hær til å ta seg av dei delane dei ikkje står i sjølve. USA satsar på å ha kring 100.000 soldatar i Irak frå sumaren av. Om dei klarer det, avheng av maktkampen og økonomien i USA. Me kan nok ikkje venta oss ein veldig ulik politikk om John Kerry skulle vinna presidentvalet, diverre. Hugs at demokraten Bill Clinton fylgde opp den politikken for militær innblanding som "pappa Bush" streka opp. John Kerry vil nok modifisera politikken, og kan henda gjera meir bruk av FN. Det har vore ei illevarslande utvikling det siste året, der FN har føygd seg etter USA. Kofi Annan gjekk mellom anna nett ut og åtvara andre land mot å trekkja ut styrkane frå Irak.