AKP-arkivet

Samisk har fått status
- men har fornorskinga snudd?

av Svein Lund Oversikt over e-post-adresser

Artiklane er publisert i Klassekampen oktober 1994.


Fleire artiklar om samiske spørsmål | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

- Vi snakkar eit ulovlig språk, sa ein samepolitikar for nokre år sidan. Men 1. januar 1992 blei eit gamalt krav frå samiske organisasjonar oppfylt - samisk språk fikk for første gong offisiell status i Norge. Da trådte språkreglane i sameloven i kraft og det blei oppretta eit forvaltningsområde for samisk språk.

Men har dette betydd ei reell styrking av det samiske språket? Har fornorskingsprosessen stoppa opp? I ein serie på tre artiklar vil vi sette søkelyset på ka loven har ført til - på godt og vondt. Vi startar i dag med nokre historiske fakta og med å sjå på ka som skjer i det såkalla samiske kjerneområdet, i den kommunen der det samiske språket står sterkast - Guovdageaidnu / Kautokeino.

Ka betyr språkreglane i sameloven?

Alle snakkar om samisk språklov - men fakta er at det ikkje finst noko som heiter så. Det som finst er Sameloven, som blei vedtatt av Stortinget 12.6.1987. Sameloven er eit resultat av Samerettsutvalet si første delinnstilling, og tar bl.a. opp val av Sametinget. Samtidig med Samerettsutvalet blei Samekulturutvalet oppretta, og dei kom med tre innstillingar i tida 1985-87. Eit av forslaga deira var offisiell status for samisk språk. Som følge av dette vedtok Stortinget i 1990 ein del endringar og tillegg til Sameloven, Grunnskoleloven og Domstolloven. Tillegga til Sameloven, det som ofte kallas "Samisk språklov" trådte i kraft frå 1.1.92.

I seks kommunar skal kommuneadministrasjonen vere tospråklig og alle har rett til å bruke samisk eller norsk etter val i alle offentlige samanhengar. Disse kommunane har og rett til å vedta at samisk skal vere obligatorisk fag i grunnskolen, og kommunetilsette har rett til permisjon med lønn for samiskstudier.

Innafor ei rammeløyving frå Stortinget fordeler Samisk Språkråd midler til kommunar og fylkeskommunar som skal dekke utgiftene til å oppfylle loven. I Sametingets årsmelding for 1993 seias det: "Bevilgningen på kr. 16 650 000 som Samisk språkråd forvalter, gir ikke språkrådet rom for å styrke tiltak utenfor forvaltningsområdet. Dette er en stor svakhet i arbeidet for å styrke samisk språk, da samisk språk står svært svakt i de fleste områder utenfor forvaltningsområdet."

I utkastet til språkreglar var det foreslått at bare kommunane Guovdageaidnu / Kautokeino, Kárásjohka / Karasjok, Deatnu / Tana og Unjárga / Nesseby skulle være med. Seinare kom Porsáñgu / Porsanger og Gáivuotna / Kåfjord til. Men dette skjedde ikkje utan kamp, i heile fire av kommunane var det protestaksjonar mot at samisken skulle styrkas i admisnistrasjon og skole. Etterkvart synas motstanden å ha lagt seg, og språkloven er i liten grad eit offentlig debattema. Men ka har skjedd i disse tre åra med samisk som offisielt språk? Har fornorskinga stansa og bruken av samisk auka i disse kommunane? Har språkloven fått nokon positiv eller negativ verknad på dei samiske busettingsområda som ikkje kom med under loven?

For å få svar på dette har vi besøkt tre kommunar innafor forvaltningsområdet, og ein utafor. Guovdageaidnu er den kommunen der samisken står sterkast i daglig bruk. Eit stort fleirtal av innbyggarane har samisk som morsmål. Skriftlig er det likevel norsken som dominerer. I Porsanger og Kåfjord er eit mindretal i dag samisktalande, og ganske få under 40 år snakkar språket flytande. I kommuneadministrasjonen har samisken vore heilt fråverande og i skolen er det framleis eit mindretal som får samiskundervisning. Skånland i Sør-Troms kan på mange måtar samanliknas med Porsanger og Kåfjord, men Skånland kom ikkje inn under språkloven. Motstanden mot samiskundervisning og anna bruk av språket har her trulig vore sterkare enn nokon anna stad i Norge det siste tiåret.

Alle disse kommunane hører til nord-samisk språkområde. Dei to andre samiske språka eller hovuddialektane i Norge; lulesamisk og sørsamisk har framleis ingen offisiell status. For lulesamisk har Sametinget i vår kravd at Divttasvuodna / Tysfjord kommune i Nordland kjem inn under språkloven. Sørsamane bur spreidd over ei rekke kommunar i 4 fylke, så her må det andre ordningar til.

Guovdageaidnu: Store ord kjem og går

Guovdageaidnu er den kommunen der samisken står sterkast. Eit stort fleirtal av innbyggarane har samisk som morsmål, og ein god del av dei som har norsk som morsmål snakkar og samisk. Likevel er det norsken som dominerer i skriftlig bruk, om ein reiser gjennom bygda eller besøker posthuset eller Samvirkelaget skal du leite godt for å finne oppslag på samisk. Sjølv om Guovdageaidnu er anerkjent som kommunenamn av Kommunaldepartementet og Televerket, brukar Postverket og Statens Vegvesen framleis Kautokeino.

Guovdageaidnu kommune har fått statlig støtte til språktiltak i mange år før språkloven kom. Disse skal dekke ekstrautgiftene med å ha ein tospråklig administrasjon. For 1994 har Guovdageaidnu kommune fått over 3,7 millionar til språktiltak. Kommunen skulle med andre ord ha eit godt utgangspunkt for å styrke stillingen til det samiske språket.

- Ikkje mye endra

Ánte Mihkkal Gaup var språkkonsulent i Guovdageaidnu fram til i vår da han slutta for å byrje som lærar ved Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla - Samisk videregående skole og reindriftsskole. Vi spør han kordan språkbruken har endra seg i kommunen dei siste åra.

- At samisk har fått offisiell status merkas på at det no er meir akseptert å bruke samisk i offentlige samanhangar. Før var det gjerne slik at så fort det var eit offentlig møte så gikk alt på norsk. No brukar kanskje 90% av dei samisktalande samisk på offentlige møte. Men når det gjeld det skriftlige har ikkje mye endra seg. Det er tradisjon for at skriftspråket er norsk. Om nokre sakspapir i kommunen kjem bare på norsk, er det ingen som klagar, dei er vant med at slik skal det vere. Kjem noko derimot bare på samisk, går det ikkje lang tid før nokon etterlyser den norske utgåva.

Dei fleste av oss har gått i ein skole der vi bare lærte norsk. Offentlige papir og massemedia er i all hovudsak på norsk, og samisk som administrasjonsspråk er nytt og uferdig. Derfor les dei aller fleste samisktalande raskare og lettare ein norsk tekst enn ein tilsvarande på samisk, særlig om det gjeld forvaltningsspørsmål. Eg spurte i eit av dei kommunale utvala ka for språk dei ville ha papira på. Dei aller fleste svarte på norsk. Ein ønska begge språk, ingen ønska bare samisk. Alle i dette utvalet hadde samisk som morsmål.

Dei fleste som arbeider i kommunen kan ikkje skrive samisk eller skriv det dårlig. Vi har kjørt skrivekurs i arbeidstida. Men det er ikkje knytta krav om at dei skal skrive samisk etterpå. Det er heller ikkje gjort noko undersøking av i kor stor grad dei brukar det dei har lært. Men eg har inntrykk av at mange held fram å skrive bare på norsk.

- Korfor slutta du som språkkonsulent?

- Eg blei lei av å drive omsetting. Ofte følte eg at eg bare omsette for papirkorga, ettersom svært få eller ingen las det eg skreiv. Eg ville styrke bruken av språket, ikkje vere kommunen sitt samiskskrivande alibi. Når eg foreslo tiltak for å styrke bruken av språket, f.eks. språkbadskurs, var svaret frå kommuneleiinga alltid: det kan vi kanskje gjøre om vi får ekstramidler til det. Men kommunen har allereie fleire millionar til språkstyrking, vi måtte kunne gjøre noko med dei.

- Diskriminering av norsktalande

Kommunen har ikkje vist at det er behov for å kunne samisk. Norsktalande innflyttarar seier at dei klarer seg godt på norsk. Dei klarer seg nok, men ka med det samiske språket dersom dei einspråklige norsktalande alltid skal få avgjøre ka for språk som skal brukas. Kommunen har aldri gjort noko for å lage situasjonar der ein ikkje klarer seg på norsk.

Kvart år kjem nye norsktalande til kommunen og får arbeid i f.eks. kommuneadministrasjon, helsevesen og skole. Dei har søkt ut i frå ei annonse der det står at samiskkunnskapar er vesentlige, og at dei som ikkje kan samisk må følge kurs i arbeidstida. I starten er dei fleste svært motiverte. Men så går det både vinter og vår utan at dei får noko kurstilbod, og så sløvas dei. Ungane til innflyttarane blir satt i norsktalande barnehage og seinare i eigne klassar for norsktalande elevar i grunnskolen. Når vi får dei til vidaregåande skole har dei ofte framleis ikkje lært nok samisk til at dei kan følge undervisning på samisk. Det dei gjør er å dømme dei som har norsk som morsmål til å forbli einspråklige og dermed meir eller mindre utafor i lokalsamfunnet. Eg vil kalle det omvendt diskriminering eller segregering. Det skulle ikkje ha vore lov. Dette har eg sagt til kommuneleiinga, men dei vil ikkje høre på det øret.

I utgangspunktet har vi veldig gode forhold for språkutvikling, i og med at vi har ei stilling som tolk og to språkkonsulentstillingar. Men ka hjelper det når kommuneleiinga ikkje bryr seg. Så lenge fleirtalet i kommunen er samisktalande er dei nøgd med situasjonen. I annonser seier dei at dei legg vekt på samisk språk, men i praksis er det store ord som kjem og går.

- Vi går lenger enn loven krev

Rådmann Johan Klemet Hætta er atskillig meir nøgd med den språklige situasjonen i kommunen.

- Eg vil seie at samelovens språkregler ikkje har endra noko. Det aller meste av det loven seier hadde vi oppfylt lenge før loven kom. Vi går heller lenger enn det språkloven krev. Nye skriv som kommunen sender ut kjem alltid på to språk. Kommunestyret har vedtatt at alle dokument skal foreligge på samisk og norsk. I dag er dette gjennomført for kommunestyre, formannsskap og administrasjonsutval. Innen 1998 skal dette gjelde alle politiske organ.

- Kan ein nå bli betjent på samisk kor som helst i kommunen?

- I helsesektoren har vi problem med å ha samiskspråklige til ei kvar tid på alle områder. Det er vanskelig å få tak i samiskspråklige fagfolk som legar og jordmødre. Kommunen har 3 språkarbeidarar som stiller opp som tolk når det trengs. Målsettinga er at kommuneorganisasjonen er tospråklig på etats- og avdingsnivå slik at ein kor som helst kan henvende seg på samisk eller norsk og få svar på samme språket. Det er ikkje nødvendigvis ei målsetting at alle tilsette skal kunne begge språka.

- Får alle kommunetilsette tilbod om relevant opplæring i samisk?

- Det vil eg seie dei gjør. Kvart år har vi kurs på forskjellig nivå for norsktalende og skrivekurs for samisktalande. Men det har hendt at enkelte pga arbeidssituasjonen ikkje har fått kurs når dei ønsker.

- Føras det særskilt rekneskap for bruk av språkmidlene slik at ein kan sjå kordan dei er brukt?

- Her må vi i stor grad bruke skjønn. Ellers vil ein måtte bruke mye tid på tidsregistrering av tilsatte. Vi går ut i frå at tilsette i administrative stillingar har omlag 20% ekstraarbeid med at ein har to språk. Departementet og Stortinget har godtatt dei prinsippa som vi har lagt til grunn for berekning av meirkostnadar.

- Kommunen ba for eit par år sidan postverket å bruke begge namna Guovdageaidnu/Kautokeino. Postverket avviste dobbeltnamn og brukar framleis bare Kautokeino. Vil kommunen gjøre noko meir med dette?

- Det var dengang knapt fleirtal for dobbeltnamn, eit stort mindretall ville beholde Kautokeino. Ut i fra den situasjonen er det ikke aktuelt for administrasjonen å reise saka for kommunestyret i denne valgperioden.

Ellers avkreftar Johan Klemet Hætta at dei norske namna i kommunen skulle vere gamle rester som ein ikkje har klart å fått fjerna. Kommunestyret har f.eks. faktisk sjølv i nyare tid vedtatt at det skal heite "Bredbuktnesveien".

- Er det framleis kommunens politikk å skille ut ungar med norsk som heimespråk i eigne barnehagar og skoleklassar?

- Dette har ikkje vore reist som sak i kommunestyret. Vi har ingen planer om å endre systemet med at norsk er driftsspråket i ein av barnehagane. Ein brukar jo og samisk i ei viss grad i denne barnehagen, men norsk er hovudspråket. Det er rett at her har vore norskspråklige som har ønska meir samisk, men det kan ikkje vere barnehagane sitt ansvar åleine å lære ungane samisk språk. Det samme gjeld for grunnskolen. Vi har sett det hensiksmessig med ei sånn inndeling. I gjennomsnitt har vi 8-10 norskspråklige pr årskull, men dette tallet går nedover og vi må snart spørre om ikkje ein brukar for mye ressurser på slik klasseinndeling.

- Så dette er altså eit spørsmål om økonomi, ikkje om pedagogikk?

- Dette med tospråklighetspedagogikk er jo noko ganske nytt, ingen i kommunen har noko utdanning i det. Den gamle erfaringa vår er at om det er få norsktalande elevar så påvirkar dei språket blant alle.

- Ka for planar har kommunen for å gjøre samisk språk meir synlig f.eks. gjennom offentlig og privat skilting. Ser ein det som kommunen si oppgåve å påvirke evt. hjelpe private bedrifter til å bruke samisk skriftlig?

- Det har vore diskutert internt i kommunen kordan ein kan gå ut, og ordføraren har gjennom avisa oppfordra private til å bruke meir samisk. Men kommunen kan jo ikkje gi pålegg.

- Har det hendt at private bedriftar og privatpersonar har søkt kommunen sine språkkonsulentar om hjelp?

- Ja, det har hendt, men det har blitt avvist. Språkkonsulentane har meir enn nok med kommuneadministrasjonen og å sørge for samiskopplæring til alle som vil og treng det i jobben. Private bedrifter får bruke dei som driv med privat oversetting.

- Blir det resultat av alle kursa dokkers. Skriv saksbehandlarane sjølv på samisk etterkvart?

- Skole og kultur-etatane gjør det meste sjølv. Ellers er det fleire og fleire som skriv daglig korrespondanse på samisk, mens språkmedarbeidarane oftast tar seg av meir offisielle sakspapir.

I slutten av oktober skal kommunen for første gong halde to-dagars seminar om språkutvikling. Da skal rådmannen og ordføraren innleie om sine visjonar for samiskbruken framover. Så får vi sjå om visjonane har blitt større innan den tid.


Norges første språksenter i drift

Siste veka i september skjedde ei historisk hending i Lakselv. Da starta det første språksenteret i Norge, og samtidig det første i Sameland. Det er Porsanger kommune som styrer senteret og pengane kjem frå staten gjennom Samisk språkråd.

Vi besøker klubbhuset til Lakselv idrettslag på torsdag. Der sit fire kvinner og sju små jenter. Jentene har blå og raude ulltrådar som dei flettar band av. Nokre brukar fire trådar.

- Vi "ruvdet", forklarer dei. - Men dei som har sju trådar, dei "bárgidit".

Sigdis Olsen og Dagny Larsen forklarer på samisk ka elevane skal gjøre. Jentene sin samisklærar Ingrid Steinlein er og med og hjelper til, i lag med språkkonsulenten i kommunen, Kirsten Porsanger.

- Mii du namma lea? (Ka heiter du?), spør eg ei av jentene.
- Marit, svarar ho blygt.
- Na ba goargu?
- Ka han sir nu? spør ho eleven ved sida.
- Etternavn, hjelper naboen til.
- Olli Helgesen
- Gos don orut? (Kor du bor?)
- Lakselv
- Mii dat lea sámegillii? (Ka heiter det på samisk?)
- In dieðe. (Veit ikkje)
- Man boares don leat? (Kor gamal er du?)
- Logi (Ti)
- Guhká go don leat lohkan sámegiella? (Kor lenge har du lest samisk?)
- To år - eh - guokte jagi.

- Elevane her får sjeldan høre og snakke samisk utafor klasserommet, forklarer Kirsten. - Tanken vår er at her skal vi bare snakke samisk, men det er ikkje alltid så lett. Det første trinnet er å venne seg til å høre og forstå. Her får elevane bli kjent med nye folk på samisk. Når dei så treff dei igjen, blir det naturlig å snakke samisk med dei.

Etterkvart blir banda ferdig, men denne gongen skal dei ikkje brukas på tradisjonelt vis til skalleband. Ungane klipper dei i høvelige lengder og limar dei etter tur opp på ei trefjøl. Det skal bli eit skilt med teksten "Porsáñggu sámi giellaguovddáó" (Porsanger samiske språksenter). No i startfasen har dei bare leigd eit rom som og brukas til andre aktivitetar, målet er å få ein eigen plass som dei kan innreie slik dei vil. Dagen før hadde dei tova kartankar og på veggen er det slått opp ein plakat med høvelige setningar for dette arbeidet på samisk og norsk.

- Vi byrjar forsiktig og vil utvide etterkvart, seier Kirsten. Denne veka har vi hatt tre dagar og kvar gruppe har vore her tre timar. Så vil vi arrangere tre dagar igjen om tre veker. Vi inviterer hit alle slags grupper av folk som lærer samisk, frå barnehage til vidaregåande skole og vaksenopplæring.

Etter matpausa er det ei gruppe frå vidaregåande som har tur. Og i tretida er første veka over. Men ikkje før er elevane ute av døra, så er Kirsten og Dagny i full gang med å planlegge aktivitetane i veke 45. Da skal det bl.a. vere open dag der alle som vil kan komme og sjå kordan dei arbeider. Dagny skal lage mat. - Vi kokar gumppus (blodklubb), seier ho. - For det er det ikkje så mange som kan lenger.

Sjøsamekulturen i sentrum

- Kor kjem denne ideen om språksenter ifrå? Har dokker klekka ut dette sjølv?

- For to år sidan hadde Sámi Allaskuvla (Samisk høgskole i Guovdageaidnu) kurs i andrespråkspedagogikk. Der var to lærarar frå Wales som fortalte om språksentra dei brukar for å lære engelsktalande ungar walisisk. Så der har vi plukka opp ideen og så prøvd å tilpasse den til våre forhold. Porsáñggu Sámiid Searvi (Porsanger sameforening) har lagt fram forslaget overfor kommunen. Men både kvinnekonsulenten, næringssjefen, den tidligare språkkonsulenten og ordføraren har gitt ei kjempemessig positiv støtte. Utan det hadde det ikkje blitt noko språksenter.

Språksenteret skal ikkje vere ein stad det bare språket teller. Like viktig er det å ta vare på den tradisjonelle kulturen og overføre den til komande slekter.

- Sjøsamekulturen er heilt sentral, fortel Kirsten. - Derfor er det viktig at folk som virkelig kjenner denne kulturen, slik som Dagny, kjem hit og forklarer for ungane og ungdommen. Vi hevar og statusen til kulturen når vanlige folk som ikkje har formell utdanning, men som er flinke i husflid, matlaging og fiske, får komme hit og undervise og får inntakt av det. Lærarar og språkkonsulentar kan ikkje drive språksenter åleine. Om vanlige folk ikkje bryr seg om dette, da kjem det ingenting ut av det.

- Alt skal ikkje skje inne i dette huset. Vi har tenkt å få tak i ein båt og ein skjå i fjæra og ein fiskar som kan lære oss om fiske og samiske ord knytta til fisket. Og så ønsker vi å reise rundt i kommunen og halde kurs. Vi startar allereie no i oktober i Børselv. Kanskje ideane også kan overføras til kvænskundervisninga.

Forbløffande positive

- Kommunen har vore forbløffande positiv, fortel Kirsten. - Eg hadde venta meir motstand, men ganske mye har endra seg dei siste åra. Formannskapet har samrøystes vedtatt oppretting av språksenteret og utnemnd styringsgruppe.

Kirsten arbeida som samisklærar i Lakselv frå 1977 til i fjor og hugsar godt kordan kommunepolitikarane tidligare motarbeida samisk. Da Porsanger for tre år sidan blei tilslutta forvaltningsområdet for samisk språk, var det mange kommunepolitikarar som var mot det. Men no er alle skilt på kommunehuset på tre språk, og alle synast å vere nøgde med at både samisk og kvænsk er i ferd med å få høgare status. Samarbeidet mellom samar og kvænar har og bedra seg.

- Språksenteret hadde ikkje vore mogleg om vi ikkje hadde fått pengar over Samisk språkråd, pengar som går til kommunane i forvaltningsområdet, seier Kirsten.

- Ka brukar kommunen ellers språkpengane til?

- Eg omset kommunale annonser til samisk og brev som kjem inn til kommunen på samisk omset eg til norsk. Ellers driv eg med omsetting etter behov. Til no er det ingen som har bede om å få sakspapira til kommunestyret på samisk, og derfor har vi ikkje prioritert slikt. Vi må prioritere det som er viktigast no, og det er å legge til rette for at så mange som råd får lære å snakke og skrive samisk.

- Samisk er i alle fall ikkje enno obligatorisk fag i skolane i Porsanger. Kor stor del av elevane les samisk no?

- I barneskolen er det omlag 40%, i ungdomsskolen og vidaregåande ein del mindre.

- Dokker har hatt mange samiskkurs for kommunetilsette og andre vaksne. Ser dokker noko resultat av disse kursa?

- Eg kan nemne eit par eksempel. Vi har lærarar som har gått på samiskkurs og som no sjølv underviser i samisk på nybegynnarnivå. Ein førskolelærar som har gått kurs er i dag leiar for den samiske barnehagen i Lakselv. Fire kommunalt tilsette studerer no samisk på Samisk høgskole.

Gáivuotna - lang veg å gå

Den einaste kommunen utanom Finnmark som har sluppe inn i varmen i forvaltningsområdet for samisk språk heiter no offisielt Gáivuotna suohkan - Kåfjord kommune. Etter lang fornorsking har no kommunen byrja på vegen til å gi samisk kultur og språk sin rette plass tilbake.

Vi slår opp på "Gáivuotna" i telefonkatalogen for å ringe språkkonsulenten, men under G finn vi ingen Gáivuotna. På K derimot finn vi Kåfjord. Vi gir oss ikkje så lett og slår igjen opp på G. Da finn vi bare Gaivuona NSR, sameforeninga, og blir igjen forvist til K. Vi ringer opp og får svar:

- Kåfjord kommune.

- Får vi snakke med språkkonsulenten? (ring)

- Giellakonsuleanta.

Språkkonsulenten heiter Klemet Anders Sara og kjem opphavelig frå Guovdageaidnu. Beteiknande for språksituasjonen i Kåfjord er at av dei tre språkarbeidarane som no er tilsett i kommunen er to frå Finnmark. Den tredje er frå Troms, men har lært samisk i Finnmark og snakkar Karasjokdialekt. Dei fleste samisklærarane kommunen har hatt har og vore finnmarkingar. Resultatet kan lett bli at om skolen bidrar til å redde språket, vil den lokale dialekten forsvinne om den ikkje kjem fram i skolen og ellers i offentlig samanhang.

Klemet Anders er svært opptatt av at samisken i Gáivuotna må bygge på dei lokale tradisjonene, som i første rekke er knytta til fiske og sauehald. Det nyttar ikkje at han bare formidlar den reindriftstradisjonen han sjølv har vakse opp med. Derfor held han no på med å lage ei lokal lærebok i samisk for grunnskolen. I nabokommunen Nordreisa er det no laga ei liknande bok berekna for vidaregåande skole.

Dei tre språkarbeidarane i Gáivuotna har mye på gang. Nett no held dei på med tospråklig skilting av kommunale bygg. Klemet Anders har laga eit forslag til hanlingsplan for innføring av språkreglane i kommunen. Planen er enno ikkje vedtatt av kommunestyret, men mye er allereie iferd med å bli satt ut i livet. Som i Porsanger er det enno eit mindretal av elevane som les samisk i skolen, og det er lite ein hører språket. Derfor har ein og i Gáivuotna starta språksenter. I tillegg vonar dei på ein leirskole med torvgammer som ein tidligare reindriftssame har planlagt å starte i Kåfjorddalen.

Kåfjord kommune har fått 1,7 millionar frå Samisk språkråd, men Klemet Anders Sara er ikkje nøgd med det. - Vi har fått under halvparten av det dei får i Guovdageaidnu. Den fordelinga kan vi ikkje vere samde i. Dei kommunane som ikkje har kome så langt skulle få mest så dei kunne få ein sjanse til å ta dei andre igjen. Dette synet nådde dessverre ikkje fram da Sametinget vedtok fordelinga av statsløyvinga til samisk språkarbeid, men det var et stort mindretall som ville prioritere oss opp.

Kåfjord er ein kommune med stor arbeidsløyse, i tillegg er det mange som pendlar til Tromsø, men som heller ville jobba på heimplassen. Samtidig er det ein skrikande mangel på folk med kunnskapar i samisk, særlig skriftlig. Derfor ville ein del arbeidslause gjerne lære seg samisk som vaksenopplæringskurs. Kommunen støtta opp om dei, og ville gjerne arrangere kurset, men kunne ikkje betale dagpengar under kurset. Det måtte arbeidskontoret gjøre. Men det ville ikkje arbeidskontoret. Det var ikkje noko kurs som ga arbeid, sa dei.

- Kor mange kurs er det ikkje arbeidskontoret arrangerer som få eller ingen får arbeid etter. Samiskkunnskapar er i dag ein av dei mest etterspurte kvalifikasjonar i Nord-Norge. Ikkje minst i ein kommune som vår, som ikkje klarer å fylle lovens krav fordi vi manglar folk med samiskkunnskapar. Så eg er ikkje i tvil om at her er det uvilje mot samisk som ligg bak.


Der asfalten sluttar, byrjar samane

"Man skal ikkje grave længe
før komogtippen stekk fram",
sa bygdeboknemnda
- og nedla arbeidet.

Slik skildra ein lokal diktar først på 80-talet den haldninga mange samar i Sør-Troms hadde til sin eigen bakgrunn.

For den som kjører gjennom Skånland kommune etter hovudvegen mellom Narvik og Harstad er det lite eller ingenting som tyder på at ein er i eit område der kanskje halvparten av befolkninga har samisk bakgrunn. Vi skriv kanskje, fordi fleire hundreår med hard fornorsking har gjort at mange har fortrengt den samiske bakgrunnen sin. Samisk kultur og språk er noko som ikkje synas offentlig.

- Der asfalten sluttar, der byrjar dei samiske bygdelaga - og dugnaden. Slik har Magne Einejord frå Skånland skildra dei såkalla markebygdene. No har rett nok ein vegstump inn i marka endelig fått asfalt, men ellers er det ei ganske presis skildring. Markebygdene har verken butikk, kiosk, kafe eller posthus, men dei har skolar, samfunnshus og barnehage. Og veglys, bygd på dugnad. Dugnad ligg og bak det meste av dei forbetringane folket her har fått. Det offentlige har mildt sagt ikkje forløfta seg her.

Underklasse i Norge - og i Sameland

Fram til slutten på 1500-talet var samane den dominerande folkegruppa i Sør-Troms og Ofoten. Da starta ei storstilt innvandring av nordmenn sørfrå, og samane blei gradvis trengt tilbake til indre fjordstrøk og oppover dalane. Mange gikk og etterkvart opp i den norske befolkninga. Frå 1600-talet tok reindriftssamar frå innlandet meir og meir i bruk kystområda her til sommarbeite, og etterkvart slo mange av dei seg ned i sommarbeiteområda for godt. Det oppsto ein eigen fjord- og markebygdkultur av samansmeltinga mellom den gamle sjøsamekulturen og den reindriftsnomadiske kulturen. Dei fleste livnærte seg på jordbruk, oftast på den dårligaste jorda, mange blei og husmenn under norske bønder. Dei såkalla markasamane blei ein underklasse både i norsk og samisk samanhang. Dei blei sett på som andreklasses nordmenn og andreklasses samar.

Først på 1900-talet var her ein del tilløp til samisk organisering, men her som i resten av landet blei den samiske rørsla effektivt knekt tidlig på 20-talet. I etterkrigstida kom så den sosialdemokratiske likskapsideologien inn på godt og vondt. Markasamane skulle opp på nivå med andre nordmenn, men da fikk dei glømme at dei var samar. Mange valde den norske vegen ut, og fornekta det samiske. Etter krigen har svært få vakse opp med samisk som førstespråk i dette området. Men etterkvart byrja denne første "norske" generasjonen å sakne det dei hadde mista, og på 70-talet organiserte ein del av dei seg i lokale sameforeningar.

- Må ein til universitetet for å lære samisk?

Den eldste kjente samiske skolehistoria frå dette området er misjoneringa først på 1700-talet, under leiing av Thomas von Westen. Nokre år seinare fortellas det om "finneskolar" i bl.a. Astafjord og Salangen. Seinare blei det ordinær norsk skole, der det ikkje var plass for verken samisk språk eller kultur. Først i 1981/82 blei samisk gitt som valfag, med 2 elevar. Men dette spede forsøket varte bare eit år, og så var det slutt fram til 1987.

Asbjørg Skåden, som i dag er samisklærar ved Boltås og Trøssemark skolar i Skånland, fortel kordan det starta der:

- Det var våren 1987, eg heldt på å studere samisk på universitetet. Så kom sonen min som gikk i 4. klasse og spurte: "Mamma, må eg og dra til Universitetet for å lære samisk?" "Nei", svarte eg, "det må gå an å få samisk i skolen her og." "Da skal eg ha samisk", sa han. "Men du må rekne med å bli aleine", svarte eg. Så for han ut og ein times tid etter kom han tilbake med ein kamerat, som erklærte: "Eg skal og ha samisk!"

Dette måtte vi jo gjøre noko med. Og det gjorde vi, vi starta opp med 9 elevar på tre forskjellige skolar, frå 3. til 9. klasse. Frå starten var det mye motvind frå mange kantar. Vi fikk heller ikkje den støtta vi hadde venta frå samisk hold.

- Vi fann ut at her trengtes det informasjon. Den laga elevane sjølv, reiste til Tromsø heile gjengen og leverte til Statens utdanningsdirektør. "Vet du hva en markefinn er?", heitte heftet dei laga. Ei veke etter fikk vi brev frå KUF om at dei ville vi skulle komme og orientere dei og. Så var det innsamling, tigging og søknadar og lotteri for å få inn pengar. Og vi til Oslo. Ungane sto sjølv for orienteringa, fortalte om historia, kulturen og språket til ein del av samane som dei knapt hadde hørt om før. Vi blei godt mottatt, og lokalavisene fortalte frå reisa. Men etterpå kom reaksjonane frå ein del bygdefolk. Dei sende anonyme innlegg til lokalavisene og protesterte mot at det samiske blei trukke fram. "For dette er jo ikke noe språk", som ein skreiv.

- Ikkje lenge etter kom neste saka. På Trøssemark skole hadde elevane lært ein song på samisk. Da vedtok eit fleirtal i foreldrerådet at samisk sang ikkje skal forekomme for ettertida. "Vi vil ha slutt på at en liten gruppe samer forsøker å lure inn samisk bakveien. Dette opplever vi som trakassering", sa leiaren for samarbeidsutvalet. Eit fleirtal, om ikkje alle disse foreldra er sjølv samar. Men samtidig har vi fått støtte frå skolekontoret. Skolestyret har derimot ofte vore ein bremsekloss.

Eit problem for oss er at elevane aldri kjem opp i situasjonar der dei må bruke samisk. Derfor ville vi dra på tur til Nuorgam i Finland. Alt var klart til å dra. Men så er det ein regel som seier at vi må ha godkjenning frå skolestyret for å ta elevar med ut av landet. Og det nekta dei å gi, så vi måtte sitte heime. Derimot fikk dei med spansk valfag dra til Spania.

- 5 av 6 skolar i kommunen har no samiskundervisning, tilsaman omlag 30 elevar i grunnskolen. Alle elevar som ønsker samiskundervisning og får foreldra si godkjenning får det. Eg veit om elevar som ønsker samisk, men foreldra nektar å skrive under. Frå 7. klasse velger dei sjølv. Derfor har vi elevar som startar med samisk først i 7. klasse. Her finst foreldre som sjølv har samisk som førstespråk, men ungane deira har ikkje samisk på skolen.

Det virkar som ein ikkje sett pris på språket før ein har mista det.

- I fjor satte skolestyret ned eit utval som skulle vurdere samiskundervisninga i Skånland. Det var dei som var skeptiske til samiskundervisninga som ville ha dette utvalet, for å halde oss samisklærarane i tømme. Men vi klarte å snu det til ein god ting, og handlingsplanen som no er vedtatt vil på fleire område kunne bety ei styrking av samiskundervisninga. Eit av stridsspørsmåla i utvalet var ka ein skulle gjøre ettersom dei 5 ungane som no veks opp i kommunen med samisk som morsmål kjem inn i skolen. Fleirtalet i utvalet meinte dei burde undervisas i samme klasse som dei andre elevane, med ekstra lærar som sørga for at ho fikk undervisninga på samisk. Her valde skolestyret å skyve problemet frå seg og vedtok at dei kan integreras "etter behandling i foreldreråd og samarbeidsutval". I haust byrja den første eleven som skulle få undervisning på samisk. Ho blei møtt med vedtak om at "Foreldrerådet vil ikke akseptere at det igangsettes integrert samisk undervisning ved Boltås skole fra høsten 1994." Resultatet blei at jentungen må undervisas heilt åleine for å verne dei andre ungane mot det farlige språket. Til samanlikning byrja det og ein bosnisk elev her som ikkje kan norsk. Ho blir derimot integrert og har med støttelærar som omset for ho. Men det er vel ikkje like farlig med serbokroatisk. Smittefaren er trulig mindre.

Ingen lokale læremidler

- Den samiske dialekten som snakkas i Sør-Troms / Ofoten er ganske forskjellig frå skriftspråket, som for det meste bygger på dialektane i indre Finnmark. Dersom vi bare underviser etter skriftspråket og ordforrådet i Finnmark, vil elevane ikkje kjenne igjen det språket besteforeldra snakkar. Da vil vi og lett kunne bygge opp om den utbreidde vrangforestillinga om at språket vårt ikkje er riktig og ikkje like bra som Finnmarkssamisken. Derfor forsøker vi å bruke den lokale dialekten som grunnlag. Men det fins ikkje meir enn ei einaste bok som er skreve på dialekta, og mange lokale ord finst ikkje i dei samiske ordbøkene. Dermed blir det å lage mye sjølv.

Men samiskundervisninga i Skånland er noko mye mer enn å lære ord og grammatikk frå bøker.

Samiskundervisninga skal springe ut av eit lokalt fundament og styrke dette. Derfor legg vi stor vekt på å ta opp lokale tema som husdyr og gardsdrift, landskapstermar og stadnamn. Vi samlar sjølv inn frå eldre folk. Da drar vi ut til dei i lag med elevane eller får dei inn i skolen. Vi har og det vi kallar "minispråkbad"; vi drar ut på forskjellige stader frå skolen sluttar ein dag til slutten på neste skoledag. Da snakkar vi bare samisk.

Vi ser det slik at vi driv pionerarbeid og elevane våre er ein fortropp i å gjenreise det samiske i området.

Språkloven eit tilbakeskritt

- Vi som er definert utafor forvaltningsområdet opplever at språkloven blir brukt mot oss. Når vi stiller krav får vi til svar at vi har ingen rettar, vi er jo ikkje i forvaltningsområdet. I dag virkar det som det nærmast ikkje er lov å undervise i samisk utafor dette området.

Det seier Ardis Ronte Eriksen, samisklærar på Skånland videregående skole. Ho har vore leiar for eit utval som Sametinget sette ned i fjor for å utreie ka som kan gjøras for å styrke samisk språk i Sør-Troms / Ofoten.

- Utafor forvaltningsområdet får ingen elevar samiskundervisning utan at foreldra krev det, og så må det vere 3 elevar ved samme skolen "med samisk talemål". Vi må få eit heilt anna rettsvern. Det største problemet er vel likevel lærarmangelen. I Skånland er vi relativt godt stelt, fleirtalet av samisklærarane har godkjent utdanning og resten er godt igang. Alle snakkar dei den lokale dialekten. I dei andre kommunane i området er det atskillig verre. Den "normale" læraren her kjem frå Indre Finnmark og har verken pedagogisk utdanning, høgare utdanning i samisk eller særlig kjennskap til lokal dialekt.

Vi ser klar samanhang mellom lærarmangelen vår og staten sine stimuleringstiltak for Finnmark og Nord-Troms. Dei får skattelette, avskriving på studielån og lettare studiepermisjon med lønn, mens vi får ingenting av dette. Det er dermed omtrent umogleg for oss å trekke nyutdanna lærarar frå Samisk Høgskole i Guovdageaidnu hit.

Utvalet har reist ei rekke forslag for å styrke samisken sin stilling. Samane i dette området må bli synlige, både i norsk og ikkje minst samisk samanheng. I dag finst det i heile Sør-Troms / Ofoten ikkje ein einaste arbeidsplass verken i offentlig eller privat sektor med samisk språk eller kultur som hovudarbeidsområde. Utvalet ønsker i første rekke ein språkkonsulent og distriktskontor for Samisk Utdanningsråd, Sameradioen og ei av dei samiske avisene. Derimot stiller dei ikkje kravet om å komme inn under forvaltningsområdet for språkreglane.

- Hadde eg vore regjeringssjef hadde eg vore sjeleglad for å kunne redusere det samiske spørsmålet til eit geografisk problem, seier Ardis, og slår fast at det er akkurat det regjeringa forsøker. - Det er ein av grunnane til at vi ikkje stiller kravet om å komme inn i forvaltningsområdet. Vi kunne kanskje klart å fått Skånland kommune innafor, men det ville bare forverra stoda for dei andre kommunane i området. Det finst ein del av reglane som bør bli gjeldande for oss og for alle område med samisk busetting. Eg tenker bl.a. på retten til opplæring i samisk med lønn for kommunalt tilsette. Derimot er spørsmålet om tospråklig administrasjon ganske irrelevant for oss. Ka skal for eksempel Skånland i dag med samiskspråklige kommunale papir. 7-8 ville lese det, og 2-3 av oss ville vere omsettarar for dei andre. Det ville ikkje vere forstandig bruk av pengar.

Sameaktivistane i Skånland og elles i Sør-Troms kjem stadig tilbake til at dei må slite for å gjøre seg synlige ikkje bare innafor det norske storsamfunnet, men og i samisk samanhang. Særlig er Ardis skuffa over Sameradioen:

- Dei sørlige nordsamiske dialektane kjem dårlig fram i Sameradioen. Radioen har ikkje forstått rolla si i språkoppbygging. Folk gir opp å høre Sameradioen når dei aldri hører si eiga dialekt. Det er og viktig at andre hører dialekta vår og venner seg til ho. Da vil ein forstå kvarandre bedre på samisk når ein møtas.

Samiske institusjonar i Indre Finnmark har lett for å oversjå oss. Men dei treng oss og, sjølv om dei ofte ikkje ser det i dag. Indre Finnmark er for lite område til at eit språk kan utvikle seg. Ein må ha større breidde. Vi har ein del språklige trekk som er bedre bevart enn i Finnmark. Samtidig som vi har meir låneord på nokre område, har vi eit rikare ordforråd av samiske ord for jordbruk, der ein i Finnmark brukar norske eller finske låneord. Skal samisk vere eit allsidig språk, er det ikkje nok at språket snakkas i reindriftskommunar. Ein må ha med jordbruksområde for jordbruksorda og fiskeriområde for sjøorda.

Undersøkingar som utvalet har gjort syner eit enormt opplæringsbehov som tidligare ikkje har kome offentlig fram. I seks tilfeldig valde bygder med samisk fleirtal synte det seg at over 80% av alle under 40 år ønska å delta på ei eller anna form for samiskopplæring. I dag er det eit lite mindretal av desse som får noko høvelig tilbod.


Fleire artiklar om samiske spørsmål | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside