AKP-arkivet

Den verkelege likestillingsstatistikken

av Magnhild Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen er trykt i Klassekampen 4. september 1999


Gå til indeksside for artiklar om kvinnekamp | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Kva hjelper det med "gode tal" på kvinnerepresentasjon i politikken og framgangsrike kvinnelege toppleiarar, så lenge kvinner flest må rekna med å bli utsette for seksuell trakassering?

Det er mange måtar å måla framgang på, også når det gjeld likestilling og kvinnekamp. Valtider er høg sesong for samanlikningar mellom kommunar og parti av kven som er flinkast til å velja inn kvinner i kommunestyra. Til andre tider av året er det meir fokus på kvinner i leiarstillingar, direktørstolar og styreverv i næringslivet. Ikkje eit vondt ord om kvinneframgang på noko område. Sjølv om vi veit at korkje ein kvinneleg generaldirektør eller ein kvinneleg statsminister er nokon garanti for ei meir rettferdig fordeling av det som skal fordelast, er det iallfall ei påminning om at kvinner både finst og kan gjera dei jobbar som skal gjerast.

Men spørsmålet er kor lenge vi kan slå oss til ro med at litt fleire kvinner her og der er det samme som at det går rette vegen. Er den typen statistikk eit brukbart mål på kva stilling kvinner eigentleg har i vårt samfunn?

Tal som vart lagt fram denne veka om kva kvinnelege toppidrettsutøvarar blir utsette for av sex-press, trakassering og overgrep, er ei stygg påminning om kor lite kvinner eigentleg er verd i dette verdskjende likestillingsparadiset. Når ei vitskapleg og grundig gjennomført undersøking viser at ei av to toppidrettskvinner mellom 15 og 30 år har vore utsette for seksuell trakassering som omfattar alt frå fleip med seksuelle undertonar til valdtektsforsøk og valdtekt, burde det ringa alarmklokker i både det eine og det andre departementet.

Undersøkinga er gjennomført i regi av Olympiatoppen sitt kvinneprosjekt. Ei samanliknande undersøking viser at det ikkje er betre elles i samfunnet, 59 prosent av kvinner utafor idretten i tilsvarande alder har også opplevd sex-press. Av idrettskvinnene har 15 prosent vore utsette for seksuell trakassering frå lagleiarar, trenarar, fysioterapeutar og andre som til saman skulle vera hjelpeapparatet rundt dei.

Kor mykje meir treng vi for å vita at kvinner i vårt samfunn blir vurdert som seksuelle forbruksvarer som menn kan forsyna seg av etter kva dei har bruk for? Det vil ikkje seia at alle menn er drittsekker, og ingen treng bli personleg fornærma når det blir slege fast at seksuell trakassering er eit samfunnsproblem.

Men kva skal til for at alle menn skal sjå eit ansvar for at eit sånt samfunnsproblem skal ryddast unna? Diskusjonen om kor mykje fleip jenter bør tola og kor korte skjørt det er "lurt" å gå med, er uinteressant. Statistikken om seksuell trakassering og overgrep av ulike grader kan ikkje lesast som anna enn eit uttrykk for at store delar av samfunnet aksepterer den maktfordelinga mellom kjønna som gir menn rett til å bruka kvinner og bruka makt mot kvinner når det høver.

Det er grunn til å tru at det er ein samanheng mellom at kvinner har mindre enn halvparten av menns inntekt og omfanget av seksuell trakassering, sjølv om slike samanhengar ikkje let seg påvisa ved undersøkingar. Låg lønn er eit signal om låg verdi, og menneske som er mindre verd enn andre, er også meir utsette for trakassering frå dei som meiner dei er meir verd. Kor stor del av impulsane til seksuell trakassering som kjem frå pornoindustrien, er heller ikkje lett å måla i kilogram og meter. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at det her er fleire faktorar som drar i same lei. Det gjer at det også er mange ting å ta tak i for dei som vil gjera noko for å endra situasjonen. Fekk vi pornoen vekk og kvinnelønna opp, ville det kanskje hjelpa litt?

Vi fekk nyleg presentert ein likestillingsstatistikk der politisk representasjon, sysselsetting og lønnsforhold var sentrale element, og statistikken kunne fortelja kven av dei norske fylka som vart best og dårlegast i likestilling.

Kanskje bør seksuell trakassering inn som eit element når likestillingsgrad skal målast? Eller kanskje kan vi sløyfa alle dei andre tala og berre bruka statistikk over seksuell trakassering som mål på kor langt kvinnekampen/ likestillingskampen eigentleg er kommen? Statistikken ville ikkje bli oppløftande, men kvifor skulle den det, når tilstanden er så dårleg som den er?


Gå til indeksside for artiklar om kvinnekamp | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside