AKP-arkivet

Kva meiner SV om Nato?

av Erling Folkvord, nestleiar i AKP Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen stod i VG 7. april 1999


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Meiner SV framleis at Nato skal vere "ankeret i norsk sikkerhetspolitikk"?

Mens SV bur seg til landsmøte, trappar Nato opp krigen mot Jugoslavia. Kanskje bombar dei sund FN-pakta slik Japan og Italia øydela Folkeforbundet med åtaka på Mandsjuria i 1931 og Etiopia i 1935?

Mens massemedia er fylt av Pentagon-inspirert retorikk om krig av humanitære grunnar, er Nato i gang med å øydeleggje ein av dei største hærane i Europa. Neste steg kan bli delvis okkupasjon av Balkan. NRKs tekst-tv siterte 1. påskedag ei Nato-kjelde som sa at dei tenkjer seg faste Nato-styrker i Kosovo i minst 10 år.

I desember 1995, da Nato var i gang med å innføre den nye strategien som gir Nato "rett" til å føre krig kor som helst (eller out of area som det heiter på stortings-norsk), slo Stortings-SV seg i hop med dei andre Nato-parti og sa at "Nato forblir ankeret i norsk sikkerhetspolitikk". Hans Røsjorde (Frp) i forsvarskomiteen gledde seg stort den dagen.

Endringane har komi raskt på 1990-talet: Med Golfkrigen viste USA i 1991 evnen til å føre krig for den økonomiske verdsorden dei vil ha, med FN-vedtak i ryggen. Med dei Nato-leda styrkene i Bosnia frå årsskiftet 1995/96 fekk Nato erfaring med å operere fleirnasjonale styrker over lang tid, framleis i forståing med FN. Rakettangrepa på Sudan og Afghanistan 20. august 1998 viste at USA kan krenke både internasjonal rettsorden og FN-pakta utan å møte kritikk i Nato. Med den pågåande amerikansk/britiske bombekrigen mot Irak, demonstrerer USA at Tony Blairs England er uavhengig av USA på omtrent same vis som Ukraina var uavhengig av Sovjet under Bresjnevs krig mot Afghanistan. Med den nye krigen mot Jugoslavia viser USA - og Norge - same respekt for FN-pakta som Japan og Italia viste for Folkeforbundet på 1930-talet.

Clinton, Bondevik og Blair er ikkje dei første som på sakleg vis grunngir krig og invasjon med humanitære omsyn. Japan sa dei rykka inn i Mandsjuria i 1931 for å forsvare folket der mot kinesiske bandittar. Italia sa dei starta krigen mot Etiopia i 1935 for å frigjere slavane i Etiopia og føre europisk sivilisasjon inn i landet. Da Tyskland tok vestdelen av Tsjekkoslovakia i 1938 sa angriparen at han hadde eit humanitært siktemål og at han var fylt av ærleg vilje til å tene dei sanne interessene til befolkninga i området.

60 år etterpå er det lett å seie at dette var krigsretorikk og propaganda for å skjule eigne erobringsplaner. Men propagandaen var ikkje utan sakleg innhald den gongen heller. Haile Selassies regime i Etiopia var for eksempel meire enn brutalt.

Regimet i Beograd har i dei siste ti åra gradvis trappa opp forfølgjing, trakassering, politi- og bandeterror mot den kosovoalbanske befolkninga i Kosova. Dette har skjedd samtidig som vestlege regjeringar konsekvent har nekta å støtte kosovoalbanske krav om sjølstendighet. Kosovas kamp for sjølstendighet fortener støtte.

Men den USA-styrte invasjonen på Balkan har neppe stort meire å gjere med omsorg for forfølgte kosovoalbanarar enn Mussoloniinvasjonen i Etipoia var forårsaka av motstand mot slaveriet.

Ettersom Natos fiende i aust gjekk i oppløysing for snart 10 år sia, skulle ein tru det vart lettare for eit tradisjonelt Nato-motstandsparti å sjå skiljelinene i verda. Men så opplever vi altså at fleirtalet i alle stortingsgruppene seier ja til den angrepskrigen mot Jugoslavia som foreløpig har skapt ein av dei verste flyktningetragediane i Europa siste 50 år. Dermed er dei med på å øydeleggje det andre forsøket på å skape ein slags internasjonal rettsorden.Dei øydelegg FN på same måte som Japan og Italia øydela Folkeforbundet. Det hastar med å reise ein opinion mot dette i Norge, ikkje fordi FN-systemet er feilfritt, men fordi alternativet er verdsomfattande amerikansk kanonbåt-diplomati med kryssarraketter.

Også før dei aller siste krigshandlingane i USA-regi (Sudan/Afghanistan, Irak og Jugoslavia) var FN i stor grad eit verkty for USA. Tidlegare justisminister Ramsey Clark i USA påviste korleis USA brukte titals milliardar dollar for å kjøpe seg FN-støtte til Gulf-krigen. Og FN inneheld ikkje anna enn prosedyrar for å forby angrep på statar. FN har ikkje handlekraftige prosedyrar for å stanse menneskerettsbrot som blir utført av eitt lovleg regime mot delar av eige folk, anten det er Saddams Hussein utrydding av 182.000 kurdarar i 1988, Jugoslavias terrorisering av kosovoalbanarane, det USA-støtta Colombia-regimets krig mot eige folk, eller tallause andre eksempel. Når den åpninga folkeretten likevel gir for å underkjenne ein undertrykkarnasjon sin rett til å styre over ein minoritet, heller ikkje er brukt mot Serbia er det nok fordi USA & co ikkje er for sjølråderett til Kosova-albanarane.

FN gir ikkje like rettar for Loke og Tor. Men slik som det borgarleg paralamentariske systemet er betre enn open fascisme innanfor ein stat, er det no viktig å hindre at Nato erstattar FNs "internasjonale parlamentarisme" med USAs råe einevelde.

Det er pinleg når krigførande statsminister Bondevik tilbyr å ta i mot 6.000 flyktningar. Ettersom han sjøl var med å starte den angrepskrigen som vart påskott til å trappe opp Milosevic-regimet si etniske rensing i Kosova, skulle det vere eit sjølsagt krav at regjeringa åpnar heile den mottaksberedskapen som Norge har liggjande klar, og som gir plass til 50.000 personar. Utlendingsdirektoratet har jo sagt at opplegget er klart.

Men SV må gjere meire enn å stø eit slikt humanitært krav. Partiet må ta eit anna val som handlar om den politiske framtida for krigsmotstand og internasjonal solidaritet. Den norske freds- og antikrigsrørsla er mangfoldig og har sjølsagt innbyrdes ulikt syn på mangt. Men angrepskrig på tvers av FN-pakta har det ikkje vori stor uenighet om. Viss SV no ikkje snur opp-ned på si eiga leiing og seier eit tydeleg NEI til denne Nato-krigen - og framtidige Nato-krigar av liknande slag - så vil nok mange synast at partiet stiller seg utafor det som er tradisjonelt solidaritets- og fredsarbeid. Den historiske parallellen er partia i Den 2. internasjonalen som før 1. verdskrig støtta sine eigne krigerske borgarskap.


Fleire artiklar om internasjonale saker | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP

Til AKP si heimeside