AKP-arkivet

Tidskonto med negativ saldo?

av Magnhild Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Artikkelen har stått i Klassekampen 20. januar 1999.


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

LO-leiinga sitt svar på alle spørsmål om arbeidstid vil i tida framover sannsynlegvis vera "tidskonto". Det kan høyrast lovande ut, det kan høyrast ut som noko som "står i banken", noko vi fritt kan disponera etter som vi treng det, og med fritt spelerom for individuelle ønske om uttak. I denne samanhengen skulle vel heller ikkje høg rente vera noko problem, tvertom.

Førebels er ikkje tidskontoen blitt særleg konkret. Kanskje er det også slik at den er mest brukbar som propaganda så lenge vi ikkje har sett den på nært hald?

Kanskje er det banalt, men for ordens skuld minner eg om at alle arbeidstidsdiskusjona handlar om minst to ting: kor lang skal arbeidstida vera og korleis skal den organiserast. Medan kravet om 6 timars normalarbeidsdag både handlar om ei kraftig forkorting av arbeidstida og seier noko om kva som skal vera den normale organiseringa av arbeidstida, handlar tidskontoordninga ikkje om arbeidstidsforkorting i det heile, men er eit verkty til å halda rekning med oppspart arbeidstid, sånn sett kan det samanliknast med ei utvida fleksitidsordning med forlenga avrekningsperiode.

"Rapport fra år 2000"

Tidskontoen er inga ny oppfinning. Arbeidstidsutvalet som la fram innstillinga si i 1987 lanserte ideen om "permisjonsfondet" som skulle gi arbeidstakarane høve til å opparbeida permisjonspoeng etter visse reglar og tilsvarande høve til å ta ut permisjonar i "ulike livsfaser". Permisjonsfondet skulle gi eit visst avgrensa høve til å ta ut permisjon på forskott. Den som heldt seg frisk og arbeidsfør kunne så opparbeida nye permisjonspoeng seinare. Men den som kom til å nå pensjonsalder med negativ saldo ville få tilsvarande redusert alderspensjon. Arbeidstidsutvalet kosta også på seg ein framtidsvisjon - "Rapport fra år 2000".

Der kan vi m.a. lesa:

"Uttaket av permisjon for ulike formål er blitt størst blant dem som har god råd. I toinntektsfamilier er det relativt vanlig at en eller begge har forholdsvis kort arbeidstid mens barna er små. Enslige forsørgere ser seg i mindre grad i stand til dette. Mange av disse har allerede utnyttet forskuddsuttaksmulighetene til det ytterste for å klare de løpende utgifter.

De som får barn før de har rukket å opparbeide 10 permisjonspoeng, har liten glede av permisjonsfondet i småbarnsfasen...."

Vi nærmar oss år 2000, og permisjonsfondet er førebels ikkje gjennomført, kanskje ikkje så mykje å gråta over. Verre er det at vi kan risikera å få ei eller anna form for tidskonto anten vi vil eller ikkje, og at den svært sannsynleg kan bli lansert som eit "alternativ til 6-timarsdagen".

"Rapport fra år 2000" kan - om ikkje anna - brukast som ei påminning om spørsmål som vil vera viktig å få løyst når nye arbeidstidsordningar skal lanserast: Er ordninga god for lågtlønte eineforsørgarar - eller høver den best for toinntektsfamiliar med god økonomi?

Ikkje for einslege forsørgarar

Vi kan kosta på oss eit par gullkorn til frå "Rapport fra år 2000":

"Personer med slitsomme lavtlønnsyrker føler seg lite fristet til lang arbeidstid til tross for at dette kunne ha gitt dem en gjennomsnittlig god inntekt. Enslige forsørgere har i relativt begrenset grad råd til å redusere arbeidstiden så meget som de skulle ønske av hensyn til barneomsorgen."

Treng det seiast tydelegare at tidskonto utan at normalarbeidsdagen blir redusert er glorete innpakningspapir på ein pakke utan innhald?

Dersom LO-toppen har tenkt å by oss nye arbeidstidsordningar som skal gjera det enklare å samordna arbeidslivet med resten av livet, må dei starta med forkorting av normalarbeidsdagen. Kjem det først, kan det sikkert i andre omgang diskuterast ordningar som gir folk noko meir høve til å organisera arbeidstid og fritid på eigne premissar.

"Fleksitid" - framandord eller eit sjølvsagt gode?

Framleis er det store både praktiske og meir kulturavhengige skilnader mellom ulike delar av arbeidslivet. Medan "fleksitid" har blitt eit sjølvsagt gode for svært mange i kontor- og serviceyrke - både i privat og offentleg sektor - er det framleis eit framandord på mange av dei mest mannsdominerte arbeidsplassane. No er det ikkje alle stader det er like lett å organisera fleksible arbeidstidsordningar (kor mykje som er reelle praktiske problem, og kor mykje som er "slik har vi alltid gjort det her", får dei avgjera som kjenner tilhøva) men da vil det same gjelda når tidskontoen skal realiserast. Dersom det ikkje er mogleg å ha fleksitid i dag, vil det heller ikkje vera mogleg å realisera visjonen om den individuelt bestemte arbeidstida som ligg under tidskontoideen.

Kanskje vil det vera nyttig å diskutera lengda på arbeidstida og organiseringa av den meir tydeleg som to skilde tema? Slik det er i dag, er situasjonen svært ulik for den offentlege funksjonæren som med t.d. rammeavtalen for fleksitid i staten har høve til å ta ut fem fleksidagar i samanheng nokså ulik det som gjeld for industriarbeidaren med fellesferie som etterlyser den femte ferieveka. Problemet for funksjonæren kan vera at det er vanskeleg å få tid til så mange lange dagar at ho har nok "inneståande" til å ta ut dei fem dagane. - Dersom normalarbeidsdagen vart kortare, ville det vera lettare å opparbeida den femte ferieveka for dei som har fleksitid, og dersom industriarbeidaren fekk fleksitid, var det ingen grunn til å stilla kravet om femte ferieveka opp mot kravet om kortare normalarbeidsdag.

Skal tidskontoen gi oss noko anna enn nye gjeldspostar, må vi faktisk få ein startkapital i form av ein arbeidstidsreduksjon som monnar.

Framleis hugsar eg ein sketsj frå lanseringa av arbeidstidsutvalet sine visjonar, der den einslege forsørgaren kom til kort på "marknaden" - kven ville ha ei blakk og sliten kvinne med to ungar og negativ saldo på tidskontoen?


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Til AKP si heimeside