AKP-arkivet

NTL, 6-timarsdagen
og kvinnelønna

av Magnhild Folkvord Oversikt over e-post-adresser


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Norsk Tjenestemannslag har ikkje vore flinkast i klassen når det gjeld marknadsføring av eigen aktivitet. Det kan vera ein av grunnane til at ikkje verdspressa stod i kø for å få med seg alt som skjedde i løpet av ei vekes landsmøte frå 1.-6. november. Eg vil derfor nemna eit par saker som også kan vera av interesse for fagforeiningskameratar i andre forbund - og NTL-medlemmer som ikkje var til stades på landsmøtet.

NTL var på 80-talet med og sette 6-timarsdagen på fagrørsla sin dagsorden. Seinare har det sett ut til at "fleksibiliteten" har overtatt meir og meir. Landsstyret i NTL hadde til dette landsmøtet laga eit utkast til prinsipp- og handlingsprogram som ikkje nemnde 6-timarsdagen med eit ord. Det må derfor reknast som eit brukbart steg i rett lei når landsmøtet vedtok eit program som seier "NTL vil forsvare dagens rammer for normalarbeidsdagen, og for å bedre arbeidstakernes livskvalitet vil NTL arbeide for en nedsettelse av arbeidstiden tilsvarende 6-timersdagen. Arbeidstakernes behov i ulike livsfaser skal avgjøre hvordan reduksjonen tas ut innen de muligheter en kollektiv avtale gir. Reduksjonen kan tas ut i form av lengre ferie, lavere pensjonsalder eller endret daglig arbeidstid."

Dette vedtaket reflekterer at ideen om fleksibiliteten gjer at ikkje alle ser den prinsippielle betydninga av normalarbeidsdagen like klart. Men når ein ser dette i samanheng med at eit framlegg om å prioritera den femte ferieveka vart nedstemt, vel eg å tolka det som eit ønske om å prioritera reduksjon av den daglege arbeidstida.

I vedtaket om arbeidstid ligg også at NTL vil arbeida for at det blir sett i gang prøveordningar med 6-timarsdag med full lønnskompensasjon, så her kan det vera grunnlag for samarbeid med både andre fagforbund og andre gode krefter.

Det skulle ikkje vera naudsynt å vedta at fagarbeidarar skal ha fagarbeidarlønn. Men det er det når det gjeld kvinnelege fagarbeidarar, som t.d reinhaldarar med fagbrev. Ei av dei mange taleføre kvinnene på landsmøtet overtydde dei som måtte vera i tvil, og kravet vart programfesta.

Kor mykje er ein statstilsett verd i forhold til ein industriarbeidar? NTL har lenge hatt ei programformulering om at vaksne arbeidarar ikkje skal tena mindre enn 85 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarlønn, og det er framleis langt att før det er gjennomført. Ein av delegatane reiste framlegg om at "85 prosent" skulle strykast, slik at kravet blir gjennomsnittleg industriarbeidarlønn som minimum for statstilsette. Dette var tydeleg ein ny tanke for mange av landsmøterepresentantane, og landsmøtet var ikkje klart for eit slikt vedtak. Men det må vera lov å håpa at framlegget kan starta ein diskusjon som kan førast vidare. Dette handlar også om kvinnelønna, for sjølv om det finst altfor mange lågtlønte menn i staten, er det kvinnene som er det store fleirtalet av dei som ligg under gjennomsnittleg industrarbeidarlønn.


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Til AKP si heimeside