AKP-arkivet

På rangel til beste for landet

av Magnhild Folkvord Oversikt over e-post-adresser


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Ingen skal misunna LO-leiaren at han fyller 60 år og at det blir feira både ein og fleire gonger så det høyrest både her og der. Men når både 60-årsdagen, gjestene og talane blir ei offentleg sak, så må det også vera lov for oss som trufast betaler vår LO-kontingent å undrast litt over kva som går føre seg.

På framsida av Dagsavisen 14. august kunne vi studera NHO-direktøren og LO-leiaren i fire fargar og med hjartelege skulderklapp, og fleire aviser gir likelydande referat frå NHO-direktøren sin hyllingstale til jubilanten: "Når vi tar oss en rangel på hytta di på Revø er det kort og godt til beste for landet ..." Stort tydelegare kan det ikkje seiast at her er "Gutteklubben Grei" som er ute i felles ærend, og det dei ikkje ordnar over forhandlingsbordet - der dei tilsynelatande er motpartar - det ordnar dei i fellesskap over eit glas eller sju.

Kva er nytt med dette? Mange av oss har vel hatt ein mistanke om eit visst klassesamarbeid på topp-planet gjennom lang tid, men at NHO-direktøren tillet seg å bruka sin maktposisjon til å "flørta" med LO-sjefen på denne måten, det har vi ikkje sett før.

Kunne vi tenkja oss forgjengarane i tilsvarande roller - kunne t.d. Aspengren da han var LO-leiar akseptert ein tilsvarande hyllingstale frå NAF-direktøren? Kor langt tilbake i historia må vi før det ville vore heilt utenkjeleg, eventuelt ulideleg pinleg for LO-leiaren å få ei slik helsing frå arbeidsgivarane sin toppsjef på 60-årsdagen sin?

Og dersom dette var utenkjeleg for ein del år sidan, men heilt akseptabelt no, kva har i så fall skjedd i mellomtida?

Sjølvsagt veit vi at det er svært lenge sia den øvste LO-leiinga stod kompromisslaust på arbeidsfolks side. Men er det ikkje også slik at sjølv det som ser ut som ei glideflukt passerer nokre kvalitative grenser av og til?

Blir det heilt feil å tenkja at denne 60-årsfeiringa - slik den framstår i media - markerer ei slik grense? Grensepasseringa handlar altså ikkje om store ideologiske endringar hos LO-leiaren, men om at det no er ei kvardagsleg sak å seia høgt at NHO-direktøren og LO-leiaren driv klassesamarbeid. Og at det er NHO-direktøren som får æra av å forklara korleis dei ranglar saman "til beste for landet".

På eitt vis fekk vi dette samarbeidet demonstrert under tariffoppgjeret. Både Karl Glad og Yngve Hågensen ønska seg samordna oppgjer, men måtte bøya seg for kravet om forbundsvist oppgjer. Og begge hadde nok også ønska seg eit oppgjer som kosta mindre "for landet" enn det som vart resultatet.

Også i spørsmålet om arbeidstvistlova ser det ut til å vera meir samanfallande interesser mellom LO-toppen og NHO enn mellom LO-toppen og grasrota i LO og andre fagorganisasjonar.

Kva seier så dei lågare nivåa i LO-hierarkiet? Kor langt nedover i systemet synest folk det er greitt å få klassesamarbeidet erklært som gjeldande politikk, og kven trur at det er nokon vits i å stilla spørsmål om kva som eigentleg er synet på forholdet mellom arbeid og kapital i LO?

Kunne det vera eit poeng å ha biletet frå 60-årsfeiringa i tankane når spørsmålet om lønnsnivå for LO-toppen skal vurderast på nytt?

For dei fleste av oss har det meste av resultatet av "det historiske lønnsoppgjeret" alt fordunsta i renteauke og høgare matvareprisar, og det er dessutan varsla at statistikken vil visa at både kjønns- og klasseskilnader vil auka som resultat av oppgjeret.

Kva er vel da meir naturleg enn at LO-leiaren får eit lønnspålegg på eit par hundre tusen, eller om lag 60 prosent? Argumentasjonen om at fagleg tillitsvalde skal få samanlikna seg med sine forhandlingsmotpartar, er ikkje ny, men den blir ikkje betre av den grunn.

Er det ikkje vel så viktig å kunna identifisera seg med dei ein skal representera som dei ein skal slåsst mot?

Og når det gjeld den kameratslege idyllen med NHO-direktøren og LO-leiaren på rangel i lag, har den eit plagsamt preg av å vera "likeverdig" så lenge det passar NHO.


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Til AKP si heimeside