Historie- og angerdebatten

I november 2000 hadde TV2 i programmet Rikets tilstand harde angrep på AKP (og tidligere medlemmer i partiet) på bakgrunn av partiets syn på forholda i Sovjet, Kina og Kampuchea. På disse sidene gjengir AKP en del innlegg i debatten som fulgte.

Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside

Om å lære av historia

av Einar Jetne (Klassekampen 27.11.2000)

Eg var 14 år gammal då eg i 1955 flytta heimafrå til hybel i Sandnessjøen for å gå på realskole. I veska mi låg det tre hefte frå Ny Dag: Det kommunistiske manifest av Karl Marx og Friedrich Engels, Hvad er marxisme? av Erling Falk og Om den dialektiske og historiske materialisme av Josef Stalin. Det slo dårleg an då eg brukte det siste heftet som (mot-) lærebok i kristendom. Resultatet vart heimsending, ikkje av heftet, men av meg.

Eg verken angrar eller gler meg særleg over dette, men eg lærte noko om borgarleg toleranse. Andre var større teoretikarar enn salig Josef. Men marxismen bør ha gitt oss nokre grunnsetningar som framleis gjeld: Skal vi forandre verda, må vi både vere materialistar og tenkje dialektisk, sjå motsetningane som drivkrefter til utvikling. Ideologiar, teoriar og politikk har si rot i materielle forhold (produksjonsforhold og klasseforhold) og i historiske og kulturelle realitetar (som igjen er skapt på eit materielt grunnlag). Mellom materielt grunnlag og kulturell overbygning er det alltid ei vekselverking – ein levande dialektikk om ein vil, både ei avspegling og ei pulserande kjelde til endring og utvikling!

Tankane til dei kommunistiske teoretikarane (marxistar og andre) var både frukter av vitskapleg arbeid (kritisk vidareutvikling av andre sine teoriar) og av praksis i den reelle verda og i den kulturen der desse menneska levde og kjempa. Dei var politikarar i historia, ikkje utafor og over historia. Prøver vi å løfte teoriane og ideologiane ut av historia, gjer vi dei til religionar. Slike feil har vi gjort. Det kan vi alltids angre litt på, heime hos oss sjølve!

Pariserkommunen, bolsjevikrevolusjonen og den kinesiske revolusjonen var forsøk på å løfte arbeidsfolk inn i historia – og på å hive ut undertrykkarane og utbyttarane. Kvar av desse revolusjonane bygde på erfaringane til dei som gjekk framom. Dei var svært ulike forsøk på å skape sosialisme og kommunisme på ruinane til kapitalistiske (men mest føydale og koloniale) despoti. Dei første sigrane fjerna ikkje det materielle og kulturelle grunnlaget for kapitalismen og føydalismen, men dei innebar sprang i styrkeforholdet mellom klassane, dei reiv statsmakta ut av hendene til den gamle herskarklassen, verken meir eller mindre.

Det er umuleg (og meiningslaust) å døme dei politiske metodane, tankane, teoriane og handlingane til dei russiske og dei kinesiske leiarane (Lenin, Stalin, Mao og mange, mange fleire) utan å sjå dei i samanheng med dei materielle og kulturelle forholda som desse folka voks opp under og levde i (det føydale despotiet, tsarismen, leirane i Sibir, det hemmelege politiet, keisardyrkinga, kolonialismen, intervensjonskrigane, analfabetismen, hungeren, terroren, sjukdom og død over alt). Desse store revolusjonane sigra i dei fattigaste og mest tilbakeståande landa i Europa og Asia, i statar som aldri hadde gitt arbeidsfolk det vi vil oppfatte som elementære borgarlege rettar, langt mindre gitt dei høve til å utvikle eigne organisasjonar og øving i demokrati. Trass i dei lysande måla som dei sigrande partia og leiarane sette seg, ga indre og ytre forhold dei verken materielt eller kulturelt grunnlag for å nå dei. Det inneber ikkje at vi ikkje har mykje positiv lærdom å hente frå desse forsøka.

Vår sosialisme og kommunisme må vi skape på vårt historiske, materielle og kulturelle grunnlag. Og dette grunnlaget er tusen gonger betre enn det nokon tidlegare sosialistisk revolusjon har hatt. Det gjer framtida vår lys. Men noko av lyset har dei revolusjonære som braut lenker i halvkoloniale, tsaristiske og konfusianske despoti gitt oss. La oss hylle dei for det utan å kopiere den svarte arven frå despotia som dei ikkje makta å legge bak seg.

Det var neppe tilfeldig at den føydale tsarstaten etter nokre tiår fekk ein nesten føydal partistat (med nomenklaturen som ny adel) som arvtakar. Likeins var det neppe tilfeldig at Kina reiste seg opp av kolonial fornedring med partiformannen Mao som ny keisargud. Ein sigrande norsk revolusjon vil aldri slite med slikt nasjonalt arvegods – men kulturen vår har nok sitt reaksjonære innhald – eit innhald som vi kan ha større vanskar med å sjå enn den arven som Stalin og Mao førte vidare i sine heimland!

Tilbake til oversikt over historiedebatten | Til AKPs hjemmeside